Sjøvegen ekstremt viktig
Publisert 03.12.2021
Dagleg leiar i Norsk Biobrensel Ole Kristian Hodnemyr rosar utbygginga av Strømsvika i Mandal og seier at sjøvegen er blitt ekstremt viktig for føretaket hans som stadig set rekordar. – Vi kjøper no årleg kring 100 000 kubikkmeter skogsvirke (lauv- og barvirke) som råstoff for fast biobrensel og leverar varme m.a. til Forsvarsbygg, Finnfjord Smelteverk og Ørsted AS i Danmark der selskapet har eigen filial.
Tekst: Helge Kårstad
Stadig meir tømmer og flis over Strømsvika
Strømsvika Tømmerkai vart opna i 2018 med 120 meter kaifront og 21 da bakareal. Investeringa på ca. 68 millionar kroner vart gjennomført med støtte frå Landbruksdirektoratet på 28 millionar kroner og resten frå kringliggjande kommunar. Bakgrunnen for den store satsinga i Strømsvika var potensiale for aukande hogstkvantum i regionen, og samtidig å avvikle eksisterande tømmerterminal på Gismerøya, og med det få tungtrafikken ut frå Mandal by.
Etter at Strømsvika vart opna, har både hogsten og omsetjing av flis frå Agder auka kraftig. I dag viser det seg at det vil bli transportert ca. 300 000 kubikkmeter tømmer til Strømsvika.
Dette har ført til mangel på bakareal og eigar Lindesnes Hamn KF (tidlegare Mandal Hamn KF) søkte difor i år Landbruksdirektoratet om tilskot til utviding av bakarealet. Det må leggast til at heile skognæringa i Agder støtta tiltaket. Nyleg vart det løyvd 11,5 millionar kroner til utviding av bakareal (totalkostnad 20 millionar kroner), i praksis til opparbeiding og lagring av flis.
Fyrer opp danskane
Dei viktigaste produkta frå Norsk Biobrensel er reduksjonsflis til smelteverkindustrien, brenselbrikettar, brenselflis og husdyrstrø. Produksjon skjer i eigen regi eller gjennom samarbeidspartar frå Kristiansand i sør til Kirkenes i nord.
Leveransane av flis til Ørsted AS i Danmark går via tømmerkaiane i Eydehavn og Mandal. Ørsted AS er eit dansk energiselskap tilsvarande Equinor i Norge. Selskapet er Europas største omsetjar av pellets og tredje største på flis. Bakgrunnen for den auka etterspørselen og omsetning av flis til Danmark er at landet har vedteke å fase ut kolkraftverka og i staden nytte pellets og flis. Hodnemyr fortel at Norsk Biobrensel har 3 -årige avtalar med Ørsted AS, og at ingenting tyder på anna enn at forbruket av flis vil halde seg og gjerne auke framover. – Dette er sjølvsagt ein del av det grøne skiftet, understrekar Hodnemyr.
Nyttar kring 100 000 kubikkmeter tømmer
Transporten av flis frå Mandal føregår med eigna bulkskip. Norsk Biobrensel har eit samarbeid med AT Skog som i stor grad levarar virket til flising av både lauv- og barskog. Kvantumet har stige siste åra, og i dag reknar Hodnemyr med at kring 100 000 kubikkmeter fasttømmer blir flisa opp på terminalane/ tømmerkaiane i Eydehamn og Mandal. Han er difor svært glad for at Lindesnes Hamn KS har tilrettelagt for Norsk Biobrensel på rekordtid ved tømmerkaien i Mandal.
Ergon Nordic
Hodnemyr er også dagleg leder i Ergon Nordic, eit nyetablert konsern innan varme og bioenergi.
Selskapet samlar eksisterande føretak i Norsk Biobrensel, Agder Energi Varme, Bio Energy og Norsk Energigjenvinning. Selskapet er 100% eigd av Agder energi og er fjerde største varmeaktør i Norge.