Det grønne skiftet gir rekordpriser på tømmer
Publisert 04.01.2022

NRK Vestland laget 03.01.2022 en reportasje om at prisen på tømmer har økt med 30 prosent det siste året.
I den forbindelse ble Helge Kårstad, prosjektleder for Infrastruktur-satsinga i Skognæringa Kyst, intervjuet om saken på Kvamen tømmerkai i Fjaler.

HØG TØMMERPRIS: Helge Kårstad i Kystskogbruket seier det grøne skiftet er ei av fleire årsaker til høge prisar akkurat no. FOTO: ARNE STUBHAUG / NRK
– Dette er tømmer av god kvalitet som er hogge i nærområdet, fortel Helge Kårstad i Kystskogbruket. Selskapet jobbar for auka hogst langs norskekysten.
Like over nyttår skal tømmeret over i lasteskip og sendast til eit stort sagbruk i Wismar i Tyskland.
Kårstad har aldri opplevd eit større sug i marknaden – og aldri før har det vore skipa ut større mengder frå Kvamen tømmerkai.
– Vi har venta på dette i fleire år, seier han.
Han peikar på fleire årsaker til dei historisk høge prisane no.
- Større fokus på klima har også gitt større fokus på tre i bygg.
- Denne trenden har blitt forseinka av billeangrep i ulike delar av verda. No er det tømmeret vekk, så då er det stor etterspurnad etter skurtømmer.
- Energibruken har endra seg. Til dømes har danskane kutta ut kolkraftverk. Dei kjøper mykje flis frå Noreg.
- Vi kjøper mykje på nett, der det er stor etterspurnad etter emballasje. Det som går til emballasje er godt betalt.
Hele saken kan leser på NRK.no her.
Hør innslaget på Radiolangs – NRK P1 her. (01.04.03 ut i sendinga)