Kvifor stoppa du taubanen?
Publisert 30.03.2022

Mykje folk deltok på skogdagen i Sauda. På programmet stod også demonstrasjon av ei pågåande taubanedrift. Ungguten Alve Lund Søndnå (t.h.) hadde saman med søstra Ylva (midten) plassert seg strategisk på ei tømmerlunne under demonstrasjonen. Men vart utålig då Friviken (t.v.) skulle halde tale og stoppa maskinene. Alve reiste seg like godt opp, rette handa i veiret og spurte Frivkmen kvifor han hadde stoppa taubanen. Friviken sleit litt med å finne eit godt svar, men berga seg ved å tilby Alve jobb på taubanen om nokre år. Og det varte ikkje lenge før maskinene vart starta opp igjen, til stor glede for dei nærare 100 frammøtte.
I strålande vårveir vart det nyleg arrangert skogdag i Sauda. Det var mykje folk i alle aldrar tilstades. Ungguten Alve Lund Søndenå (bilde) utfordra Friviken, taubaneentreprenøren sjølv, med spørsmål han ikkje hadde venta.
Tekst og foto: Helge Kårstad
Nedanfor følgjer ein bildereportasje frå skogdagen.

Tømmerkaien i Saudasjøen er ein eldre kommunal kai som no er utbetra. Totalkostnaden er kring 7 millionar kroner og det er gjeve eit totalt statstilskot (i 2 omgangar) på 2,68 millionar kroner.



Bernt Schibevaag meverka sterkt til at det vart løyvd nok pengar for å fortgang i arbeidet med tømmerkaien.

Ho understreka at den nye tømmerkaien i Sauda oppfyller dei krava som dagens tømmertransport krev. Ikkje minst er det viktig å kunne lesse mest mogeleg av tømmeret på kaifront for å sleppe ekstra kostnader med framkipping. Apeland gratulerte til slutt skogeigarane i regionen med tømmerkaien.

F.v. Hege B. Hølland og mannen Geir Brustveit med Tuva på armen og Sanne i barnevogna. Til høgre Inge Atle Hølland som er forrige generasjon og tidlegare eigar av garden og skogen. Tømmeret i bakgrunnen kjem frå skogsdrifta på denne eigedomen, – totalt kring 4000 kubikkmeter gran.




Vi vil vel legge til at skogeigaren i dette tilfelle har gjort rett i generasjonar. Gammal god, gran på ca. 70 da gir eit hogstkvantum kring 4000 kubikkmeter. Med dagens skurprisar på 600 kr pr. kubikkmeter og statstilskot til skogsdrift i bratt terreng på 140 kroner pr. kubikkmeter gir også taubanedrift ein god netto til skogeigar. Vi kjenner ikkje dei endelege resultata i dette tilfellet. Men dersom vi legg til grunn ein netto på 250 kroner pr. kubikkkroner til skogeigar, snakkar vi utbyte i storleiksorden 1 million kroner.
Fagleg tilrettelagt vegbygging, ein kommuneveg utan kippekostnader og dyktig skogbruksleiar Njål Søndenå i AT Skog høyrer også med til ei optimal løysing.