Taubanekalkulatoren i rute
Publisert 13.05.2022

Høg kompetanse og godt humør var einerådande då taubanefolket nyleg hadde samling i Høyanger for å teste første utgåve av taubanekalkulatoren.
Tekst og foto: Helge Kårstad
Norske Taubanelag tok saman med Skognæringa Kyst initiativ til å utvikle den første norske taubanekalkulatoren for kring eit år sidan. Arbeidet er finansiert av Verdiskapingsfondet (ca. 50%) saman med Skogkurs, Skognæringa Kyst og Statsforvaltarane.
Føremålet med kalkulatoren er å tene som eit hjelpemiddel til skogeigar/ skogbruksleiar og entreprenør ved fastsetjing av driftskostnader i samband med taubanedrift.
Skogkurs og NIBIO har no jobba fram første utgåve og i denne veka var taubanefolk samla i Vadheim i Høyanger/ Vestland for å teste denne. Konklusjonen etter testinga er at modellen er god, men det må gjerast ein del justeringar av både variablar og formlar.
I løpet av dei neste månadane vil Skogkurs og NIBIO føreta oppretting og produsere ei første utgåve på ein brukarvenleg kalkulator.
12. august vil det bli arrangert ei større taubanesamling i Skogkurs sine nye lokale i Brummundal. Eit av tema vil bli ei siste testing taubanekalkulatoren. Deretter vil arbeidet med kalkulatoren sluttførast som planlagt, – seinast innan utgangen av 2022.
Sjå også oppslag her om denne saka 13.05.21.

Gjennomsnittleg trestorleik, kubikkmasse pr. da, lengde på strekk, tilhøve på velteplass m.m. er variabler som blei diskuterte og testa ved innsetting i formlar i kalkulatoren.
