Dei første av dei siste
Publisert 11.11.2022
Koronaepidemien stoppa mange prosessar kring utbygging av tømmerkaiar i landet, men no er det stor aktivitet igjen. Børnes Tømmerkai i Kvinnherad kommune og Stokmarknes tømmerkai i Hadsel kommune er i sluttfasen, og vil etter planen bli ferdigstilt i første kvartal 2023.
Tekst og foto: Helge Kårstad
Kortreist tømmerkai i Kvinnherad
Utbygging av Børnes tømmerkai i Kvinnherad kommune pågår for fullt i desse dagar. Kaien er kanskje den mest kortreiste blant tømmerkaiar i landet. Generelt har det vore mykje lokal og regional arbeidskraft ved utbygging av tømmerkaiar, men denne peikar seg ut som særdeles «kortreist». Så vel byggentreprenør som betong til tømmerkaien kjem frå Kvinnherad. Entreprenøren heiter Byggservice AS og har tidlegare m.a. bygd tømmerkaier i Lindås, Sauda og Vindafjord. Dagleg leiar Knut Tungesvik fortel at betong er levert av firma Betongvarer AS i Dimmelsvik, berre 9 kilometer frå tømmerkaia.
2 tømmerkaiar blir opna til våren
Etter at staten starta opp med pengar til tømmerkaiutbygging i Norge i 2013, er det løyvd statstilskot til 30 tømmerkaiar i kystskogfylka. Diverre vart ikkje prosjekta i Orkanger og Granvin gjennomførte, og pengane vart trekt inn. Etter årets einaste tildeling i Heim kommune i Trøndelag, kan vi rekne med at det gjenstår 4-5 gode utbyggingsprosjekt i kystskogfylka.
Knut Tungesvik seier at arbeidet med tømmerkaien på Børnes har gått etter planen, og vil vere ferdig i løpet av mars 2023. Etter det vi kjenner til gjeld dette også Stokmarknes tømmerkai i Hadsel kommune i Nordland.
Desse prosjekta vil med andre ord bli dei første av dei siste tømmerkaiane som no er under utbygging eller planlagt utbygd. Vi reknar følgjeleg med mange ferdigstillingar i løpet av 2023, og dei aller siste i løpet av 2024 og 25.