Vellukka politikardag på Voss

Publisert 04.12.2022

I god klimavenleg stil hadde møteleiar Ruben Bøtun (midten) laga talarstol til alle dei 8 politiske partia. Med unntak av Venstre stilte dei alle på Voss, og Ruben introduserte kvar einaste politikar med sjølvhenta bakgrunnstoff. Vi må også  legge til at det er nytta 8 ulike treslag og Ruben har rekna ut og skrive opptak av CO2 på kvar talarstol, som også har inngravert dato for denne hendinga på Voss.
Det blir altså ikkje siste gongen vi ser desse miljøvenlege talarstolane som imponerte alle dei frammøtte.
I god klimavenleg stil hadde møteleiar Ruben Bøtun (midten) laga talarstol til alle dei 8 politiske partia. Med unntak av Venstre stilte dei alle på Voss, og Ruben introduserte kvar einaste politikar med sjølvhenta bakgrunnstoff. Vi må også legge til at det er nytta 8 ulike treslag og Ruben har rekna ut og skrive opptak av CO2 på kvar talarstol, som også har inngravert dato for denne hendinga på Voss. Det blir altså ikkje siste gongen vi ser desse miljøvenlege talarstolane som imponerte alle dei frammøtte.

Mykje skogfolk og mange politikarar var samla på Voss 14. november. Denne gongen vil vi gi førstepremien til politikarane. Kort sagt synte dei eit imponerande engasjement og hadde utvilsamt mykje kunnskap om skog og skognæringa. Arrangementet gav utan tvil meirsmak sa arrangøren Ruben Bøtun i Vestland Skognæringsforum.

Nedanfor følgjer ein bildereportaje frå dagen på Voss.
Tekst og foto: Helge Kårstad

Det kom etter kvart mykje folk til politikerdagen på Voss. Ettersom tåka delvis frosvann, og bålet gav varme vart scena med natuleg amfi som teke rett ut frå eventyret.
Fylkesskogmeistrane hos Statsforvaltaren i Vestland Torkel Hofseth (t.v) og Torleiv Skage opna fagføredraga og fortalde m.a. at skogarealet i Vestland fylke berre utrgjer 7% av skogarealet i landet. Men vestlandsliane er svært produktive, og kan reknast som dei mest høgproduktive i Nord-Europa. Skogarealet er ofte bratt og ligg med kort veg til både veg og sjø. Kvaliteten på skogen er god, sagtømmerdelen utgjer oftast kring 75% og her fins knapt råte kunne fylkesskogmeistrane fortelje.
Markeds- og logistikksjef Hans Erik Røra i AT Skog (t.v) fortalde saman med regionleder Håkon Skaraberget i Nortømmer om marknaden for skog og tre idag og i framtida. Røra meinte m.a. at den utanlandske marknaden for tida er noko betre enn den norske. Dette er ein føremon for vestlandsvirket. Skaraberget sa seg enig i dette, og understreka samtidig at alle ynskjer meir nasjonal omsetning av skogsvirke. Men det er venta noko mindre nasjonal etterspørsel etter skurtømnmer framover. I første halvvår 2023 spådde Skaraberget og Røra at Vestlandet ville oppnå dei beste sagtømmerprisane.
Styreleiar i Fjordtømmer AS og eigar av entreprenørfirmaet Sunnfjord Skog Martin Braanaas meinte at utfordringa i vestlandsskogen er mangel på skogsvegar, ein del trange tømmerkaiar og ikkje minst lågt klassifiserte offentlege vegar og særdeles dårlege kommunevegar.
Det fylte seg stadig opp med folk frå fjern og nær på denne poltikardagen på Voss.
Stryreleiar og medeigar i FanAgro Ove Frotvedt planlegg mykje skogsvegar i Vestland, og understreka at terrenget jamt er ei utfordring. Gode løysingar krev ein del investeringar og statstilskota heng ikkje med i det heile. Sjølv har selskapet planer liggjande til ein kostnad kring 45 millionar kroner, planer som det ikkje fins statstilskot til i dag. Frotvedt framheva også arbeidet med områdeplanlegging som grunnlag for felles, gode skoglege vegløysingar. Til slutt kommenterte Frotvedt at det trengs eit krafttak for å fjerne flaskehalsar på kommunale vegar. Løyingane er ofte ikkje så kostbare, og arbeidet kan utførast av lokale konsulentar og entreprenørar.
Næringspolitisk konsulent i Norskog Kristine Jacobsen snakka om natur og rasfare, skogen si rolle og økonomiske konsekvensar. Ho sa m.a. at det står 50 millionar kubikkmeter skog i skredterreng i landet, og mykje av dette er på Vestlandet. Skogen står øverst i liane, og nedanfor er det ofte boligar og busetjing. Storsamfunnet ser på ulike tiltak i denne skogen for å sikre mot ras. – Er det rett at skogeiar betalar for storsamfunnet sine gode ynskjer? spurde Jacobsen og minna samtidig om at det ikkje er heimel i skogbrukslvoa for å ta inn rassikring.
Dagleg leiar i Vestlandske Limtre Gunnar Utskot (t.v) og dagleg leiar i Hordaland Bioenergi Katharina Månum snakka om lokal foredling av trevirke. Utskot sa m.a. at limtreproduksjonen byggjer på europeiske standarar som stiller store krav til kvalitet på virket. Han meinte samtidig at Vestlandet har rikeleg av ulike og gode råvarer i skogane. Det krevs utvikling og samarbeid for å kunne utnytte meir lokalt virke, sa Utskot som idag hentar virket til fabrikken i Fusa i Vestland frå Innlandet.
Katharina Månum sa at hennar selskap generelt nyttar eit restprodukt frå skogen. For tida er det gode tider for denne type terminsk energi frå skogen sa Månum og understreka at Hordaland Bioenergi ynskjer å satse vidare, og har m.a. relativt store planar på Voss. Månum minna om at skog er fornybar, skogen bind CO2 og bioenergi er del av løysinga. Men dette er også politikk, avslutta Månum.
Fylkesskogmeister hos Statsforvaltaren i Vestland Gro Kamp Hansen fortalde om utviklinga på skogplantinga i Vestland. Ho kunne dokumentere at 1/3 av hogstarealet i fylket for tida blir omregulert til andre føremål, m.a. beite. Av det resterande arealet viser kontrollane at halvparten er planta med gode planter som også veks opp og blir til god skog. Men den andre halvparten syner delvis store tap av planter på plantefelta, mykje på grunn av konkurransen med snutebiller og hjort. Kamp Hansen meinte også at rådgjevinga til skogeigarane er blitt dårlegare dei siste åra.
Så var det poilitikarane sin tur: Tor Andre Ljosland (KrF) framheva trepartssamarbeidet i Kystskogbruket som vellukka. Sjølv sit Ljosland i Næringskomiten på Stortinget og minna om at eit godt samferselsbudsjett også er viktig for skognæringa. Han ville jobbe for best moglege føreseielege rammevilkår for næringa og nemde speiselt skogopplæring som eit viktig område på Vestlandet. Ljosland peika også på ansvaret til skogeigarane om å plante skog der skog blir hogge.
Nils T. Bjørke (SP) minna om den store satsinga etter krigen på å plante skog på Vestlandet. Også idag var det viktig å plante skog etter hogst, sa Bjørke som meinte dette også var ei viktig sak idag for Senterpartiet. Han viste til Hurdalsplattforma og sa at det også måtte satsast meir på skogsvegbygging og vidareforedling av skogsvirket. I den samanheng meinte Bjørke at også småsagbruka var viktige, og kjente til at fleire hadde trappa opp siste åra. Til slutt sa Bjørke at det burde etablerast ei “pakke” for å løyse flaskehalsar på kommune- og fylkesvegar.
Odd Harald Hovland (AP) sa at skog gjev eit eineståande råstoff, m.a. både til sagbruk og biokjemi. Han synte til regjeringa sitt “Veikart for grønt industriløft” som vart gjort kjent av stastminister Støre og næringsminister Vestre 23. juni 2022. Hovland minna også om at ein god klimapolitikk også var ein god industripolitikk og ønska auka vidareforedling av skogen på Vestlandet velkomen. Til slutt kommenterte Hovland at betre infrastruktur og betre kommunevegar også var sentralt i nemde veikart for industriløft.
Helge Stormoen (FrP) minna om den store satsinga på infrastruktur (tømmerkaiar og skogsvegar) då partiet hans var del av den forrige regjering.
Han rosa samarbeidet i kystskogbruket og understreka at det er viktig at næringa står saman i heile verdikjeden. Stormoen sa til slutt at partiet fortsatt ville ha ei sterk satsing på skogbruket og håpa på meir nasjonal foredling av virket, også på Vestlandet.
Terje Kolbotn (R) fortalde svært så engasjert om si store interesse for restaurering av hus og hytter. Han meinte at folk flest si interesse for trebruk var viktig. Kolbotn understreka at partiet hans var oppteken av at skogen skulle nyttast for verdiskaping, men noko måtte også vernast. I den samanheng håpa han på auka løyvingar til frivilleg vern på statsbudsjettet 2023
Noralv Distad (H) fortalde med engasjement om då faren hans planta 50 000 granplanter på eigedomen i Aurland.
I dag var det viktig å få fram virket, og Distad minna om partiet si store satsing på tilskot til skogsvegar og tømmerkaiar siste tiåret. Næringa må fortsatt satsast på, dvs. plantring av ny skog, binding av karbon generelt betre tilrettelegging for ei lønsam skognæringa sa Distad mellom anna.
Åsmund Bertelsen (SV) minna om at skogbruk er ei særdeles langsiktig næring. Partiet var oppteken av å sikre areala der det er skog og samtidig halde på karbonet i jorda. – Kvar er sløyden blitt av? spurte Bertelsen og meinte at skog- og trebruk var noko folk flest burde vere meir opptekne av. Han sa også at flaskehalsar på kommune- og fylkesvegar måtte fjernast og at forskinga kring bruk av trevirke måtte styrkast.
Forsamlinga fekk til slutt høve til å stille spørsmål til politikarane.
Sveinung Rieber (med mikrofonen) frå Voss sakna meir satsing på massivtre og ville ha betre rammvilkår for ei slik satsing i Norge og gjerne på Vestlandet. Han fekk klare svar frå politikarane som var samstemte i at løysinga nok låg innafor gode rammevilkår både for ei framtidig skog- og industrisatsing.
Even Øyri frå Øystese meinte at det raskt trengs ei kraftig satsing på skogen og ikkje minst meir skogplanting. I den samaheng minna han også om stor mangel på offentleg rådgjeving. Alle partia gav engasjerte kommentarar til tema, utan at nokon nytt kom fram i høve det som var sagt før om dagen.
Ole Bakke (med mikrofonen) frå Skognæringa Kyst minna om den dårlege tilstanden på kommunale vegar og spurde politikarane om kva dei ville gjere med det.
Senterpartiet var klar på at dei ville tilrå å ta inn utbetring av flaskehalser på prioriterte kommunevegar under same kapittel som tømmerkaiar i statsbudsjettet. På sett og vis var dei andre partia samde i at noko måtte gjerast, og var opne for gode løysingar.
Merete Larsmon (med mikrofon) frå Sunnfjord fortalde forsamlinga og politikarane om at PEFC (norsk skogstandard) nyleg er revidert. Denne skal gjennom ei internasjonal godkjenning innan februar 2023. Deretter blir det ny kursing av skogeigarar og tømmerkjøparar også på Vestlandet.
Gøran Kårstad (med mikrofonen) frå Sunnfjord fortalde om son sin som for tida byggjer eit miljøvenleg bustadhus av lafta tømmer. Men sonen hadde nyleg fått opplyst fra banken at lafta hus ikkje tilfredstiller krava til miljølån. – Kvifor er det? slik ville Kårstad vite. Ingen politikarar kunne svare på det i farten.
Gøran Kårstad spurde også kvifor enkelte kommunar nyttar dyre konsulentfirma for å vurere standarden på kommunevegar. – “Bruk heller pengar på å utbetre kommunevegen enn på konsulentar” meinte Kårstad. Åsmund Bertelsen (SV), også frå Sunnfjord forstod frustrasjonen og meinte dette var ei god vurdering å ta med.
Torbjørn Frivik (med mikrofonen) frå Høyanger utfordra politikarane til å gjere noko med flaskehalsar på kommune- og fylkesvegar. Det går knapt ein dag utan at ein eller annan tømmerbil i Vestland må kippe tømmeret. Manglande vogntoglengde og redusert akseltrykk er ein situasjon der også sjåføren sin kvardag kan bli nokså krevjande meinte Frivik.
Anders Gjøstein frå Voss oppmode politikarane til å administrativt skrive opp alle kommunale vegar til lovleg køyring med vogntog og 50 tonn totalvekt. Han fekk svar både frå Senterpartient og Kristeleg Folkeparti om at det kunne vere freistande, men at det ikkje vart akseptert frå fagfolka og med ansvar for desse vegane i kommunen. Ofte måtte noko gjerast med vegen før oppskriving kunne skje.
Vi avsluttar denne bildreportasjen med dette flotte Fellesbiletet, denne gongen noko prega av røyken frå det varme bålet på Voss 🙂