Lang og tru teneste

Publisert 03.06.2023

Anders Røkkum (t.v) tok over leiarjobben i Møre og Romsdal Skogselskap under årsmøtet på Sjøholt 31. mai. Terje Kolstad (t.h.) har 30 års fartstid som leiar i selskapet, og representerar nok ei eldsjel for skogen si sak av dei sjeldne.
Anders Røkkum (t.v) tok over leiarjobben i Møre og Romsdal Skogselskap under årsmøtet på Sjøholt 31. mai. Terje Kolstad (t.h.) har 30 års fartstid som leiar i selskapet, og representerar nok ei eldsjel for skogen si sak av dei sjeldne.

Under årsmøtet i Møre og Romsdal Skogselskap førre veka vart det eit leiarskifte. Anders Røkkum tok over etter Terje Kolstad som har vore leiar i Møre og Romsdal Skogselskap i heile 30 år. Han er ei skikkeleg eldsjel for skogen i fylket vil mange seie.
Tekst og foto: Helge Kårstad

Årsmøtet i Møre og Romsdal Skogselskap vart halde på Sjøholt 31 mai. Ein vakker og varm dag etter mykje kulde og regn mest heile månaden. Dei reisande til årsmøtet fekk nok oppleve Sunnmøre på sitt beste; eit fargerikt syn med snødekte fjell, fossande elvar, grøne kulturlandskap, blømande heggeblomster og grøne skoglier av gran. Tankane går til alle skogen sine menn og kvinner  som har skapt desse granskogane etter siste verdskrig, ikkje minst gjennom Skogselskapet i Møre og Romsdal.

Mykje arbeid, men kjekt
Terje Kolstad vart valgt som leiar i Møre og Romsdal Skogselskap i 1993. Han har difor vore leiar i heile 30 år. – «Det har vore mange opp og nedturar, men det har alltid vore kjekt», sa Terje under årsmøtet i selskapet førre veka. Det er nok også slik at denne leiarjobben har blitt ein del av livet, noko som nærast dagleg har vore i tankane.

Terje fortel at det tidlegare var fleire tilsette i skogselskapet, i hovudsak som eigar ved Megarden Planteskole i tidlegare Halsa kommune på Nordmøre. Denne planteskulen vart etablert av skogselskapet allereie i 1937, og har slik sett medverka sterkt ved skogreisinga etter krigen. Under toppåra på 1960 og -70 talet var produksjonen 3-4 millionar skogplanter kvart år. Dette tilsvarar om lag tre gongar det som årleg blir planta i fylket i dag.

Dagleg leiar i Møre og Romsdal Skogselskap Tore Dønheim (t.v.) takkar Terje Kolstad for lang og tru teneste som leiar i skogselskapet.
Skogeigar Ola Tjelle (t.v.) fekk takk og gåve av Terje Kolstad for mangeårig og god jobb i styret i skogselskapet.

Den vanskelege perioden
Terje minnest ei vanskeleg tid som leiar i skogselskapet. Det var i perioden etter året 2002 då  tidlegare landbruksminister Sponheim fjerna alle tilskot til skogplanting i Norge. Etterspurnaden etter skogplanter sokk dramatisk, og Megarden måtte kassere mange planter og fleire tilsette mista arbeidet. – «Dette var ei tung tid og sjølv om tilskota til skogplanting kom tilbake, kom ein seg i grunn aldri skikkeleg opp igjen», fortel Terje.

Innlegg om snutebiller og sitkagran
Den nye leiaren i Møre og Romsdal Skogselskap heiter Anders Røkkum. Han er skogeigar og har engasjert seg mykje innafor temaet skogskader. I Møre og Romsdal har det enkelte stader vore sterke angrep av gransnutebilla, og tapa for skogeigar har vore store. Røkkum la fram ein del resultat kring fysisk hindring mot gransnutebilla. Det er Skogplanter Midt-Norge v/ Erlend Grande som står bak dette arbeidet der det er undersøkt ulike former for mekanisk bekjempelse av snutebilla. Så langt viser det seg at woodcoat (eit belegg på plantene) gir dei beste resultata. Men både ull og papirhylse kring planta har gitt lovande resultat og vil bli sjekka ut vidare.

Det føregår forsking og utvikling for å redusere skader etter gransnutebilla. Både ull- og papirhylse kring planta (jfr. plansjen over) har gitt lovande resultat, og vil bli sjekka ut vidare (Plansje Skogplanter Midt-Norge).

Styreleiar i Skognæringa Kyst Ottar Arve Bjørkedal orienterte om arbeidet i kystskogbruket, om organisering og priorterte oppgåver. Han kom m.a. inn på at kystskogfylka enno ligg etter dei tradisjonelle skogfylka på ein del viktige områder. Den nye Kystskogmeldinga som alle fylkeskommunane står bak kommenterar akkurat dette, og prioriterar arbeidet framover. Det gjeld m.a. framtidsskogen, infrastruktur, meir regional foredling, informasjon og omdømebygging.

Helge Kårstad frå Kystskogbruket held eit innlegg om sitkagran. Han fortalde m.a. kvifor sitkagrana vart planta i Norge og andre land i Europa etter siste verdskrig. Han fortalde også om korleis sitkagrana lagar spiredyktige frø, kvifor ein bør hogge små flater i sitkaskog og korleis forynge sitkaskog. Han fortalde vidare kva sitkagran kan brukast til, kvifor treslaget er så misforstått, kvifor sitkagran no er etterspurt i marknaden og korleis fjerne sitkagran der den ikkje høyrer heime. Til slutt kommenterte han den store tregheita i Klima- og miljødepartementet med å konkludere om sitkagrana si framtid i Norge. Som kjent har både Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet gjennom to nylege utgreiingar «friskmeldt» sitkagrana, og begge direktorata meiner treslaget skal tillatast under kontrollerte former.

Sitkagran (picea sitchensis) frå forsøksfelt V0368 på Stend, tidlegare Norsk Institutt for skogforsking (NISK), no NIBIO. No ventar mange på at Klima- og miljødepartementet skal offisielt friskmelde treslaget. Grunnen er at det har både Miljødirektoratet og Landbrukskdirektoratet nyleg gjort, rett nok i kontrollerte former.