No er alle så positive

Publisert 01.06.2023

Nokre av deltakarane på skogdagar i Gloppen, denne dagen med tema planting og ungskogpleie.
F.v. Inge Roger Alme, Magnar Heimset, Jacob Devik, Svein Saure, Arve Henden, Arnt Laukeland og Karoline Bjerkeset.
Nokre av deltakarane på skogdagar i Gloppen, denne dagen med tema planting og ungskogpleie. F.v. Inge Roger Alme, Magnar Heimset, Jacob Devik, Svein Saure, Arve Henden, Arnt Laukeland og Karoline Bjerkeset.

“Før kom dei hit for å klage. No er alle positive og stadig fleire vil ha kunnskap om skogbruk” seier Arnt Laukeland. Han er kurshaldar og instruktør i regi av Skogkurs. Det har han vore i 33 år og veit kva han snakkar om.
Tekst og foto: Helge Kårstad

Vi er i Gloppen 16 mai på skogdag. Tema er planting og ungskogpleie. Arnt Laukeland styrer skogdagen som om han ikkje har gjort anna. Saman med Karoline Bjerkeset som er skogansvarleg i kommunen, får dei frammøtte godt forklart at skal skogen bli like god for neste generasjon, så lyt planting og ungskogpleie gjennomførast i tide, skikkeleg og målretta.

Årleg kurs i Gloppen
Karoline Bjerkeset fortel at det er mykje flott skog i Gloppen, og at hogstkvantumet aukar årleg. Ho er også skogansvarleg i Stad kommune, tidlegare kommunane Selje og Eid. Bjerkeset meiner at i takt med auka aktivitet i skogbruket, er det viktig med jamleg kursing innafor planting, ungskogpleie, kapping av tømmer, bruk av motorsag og skogfond.  Det er ein grunn till at det årleg blir halde 2-3 kurs- og skogdagar i kvar kommune. Tal deltakarar kan variere, men det er jamt over aukande kan Karoline Bjerkeset fortelje.

Arnt Laukeland fotel om ein kraftig verdiauke i skogen om ungskogpleie blir utført til rett tid.

Velg framtidstre med korrekt avstand.
Dei frammøtte skogeigarane i Gloppen får raskt klar melding frå Arnt om at skal skogen bli like god for neste generasjon, må både planting og ungskogpleie utførast til rett tid. Det må plantast 250 granplanter pr. dekar. Normalt er det noko avgang i felta pga. snutebille og hjort, og utgangstettleiken må difor ikkje vere noko mindre. Ungskogpleie må gjennomførast når grantrea er 2-3 meter høge, og tal tre må då reduserast til ca. 200 pr. dekar.
Dersom det er «hol» i bestandet  må gjerne eit lauvtre ta over plassen med same avstand til nabotre. Men Laukeland understrekar at der som det er store hol i bestandet av gran, kan ein like gjerne starte på nytt med gran eller få fram reine bestand av bjørk. Han legg til at med prisen på bjørk, vil gode bjørkestammer i nærleiken av veg vere eit godt alternativ til produksjon av gran mange stader. Men då må også bjørka regulerast noko hardare og godt under 200 bjørketre pr. dekar.
Det er heilt avgjerande å regulere i denne fasen. Ventar ein for lenge blir det ein kraftig reduksjon av framtidig verdi på skogen, fortel Laukeland.

Arnt Laukeland forel også at avstandsregulering av bjørk bør kombinerast med kvisting. Det vil gi ekstra god kvalitet på dei framtidige bjørkestammane.

Før kom dei for å klage, no er dei meir positive
Arnt Laukeland er ein erfaren kurshaldar og eldsjel for skogen si sak i Vestland. Han starta opp med kurs for skogeigarar allereie for 33 år sidan, den gongen som instruktør i Aktivt Skogbruk, i dag Skogkurs.

Arnt seier at tidlegare opplevde han ofte at kursdeltakarane mest kom for å klage på alt muleg innafor skogbruk og skognæring. I dag er dei meir positive og svært interesserte i kunnskap. – «Noko har endra seg», seier Arnt og han trur det er fleire årsaker. Aukande pris på tømmeret er sjølvsagt litt av grunnen. Bruk av tre har også fått auka fokus. Like viktig er kanskje at tal sortiment er redusert, og det er lettare å forstå ulike kvalitetskrav.  Nye generasjonar kjem stadig til, og den «nye»  skogeigaren har i utgangspunktet lite kunnskap om skogbruk og søkjer det. Saman med at stadig større skogområde blir hogstmodne, at hogstmaskinene er svært effektive og at etterspørselen av tømmeret frå skogreisinga har auka, meiner Arnt at skoginteressa på Vestlandet har skote fart dei siste åra.

Skogplanting og ungskogpleie
Vi vil gjerne legge til at Arnt sjølv er ein populær kurshaldar, og får mykje skryt i alle kretsar.
Når det gjeld skogplanting og ungskogpleie er det dette året planlagt og delvis gjennomført heile 25 skogdagar berre  i Sogn og Fjordane.
For det meste operera Arnt i Sogn og Fjordane, men tek også enkelte jobbar i Hordaland. Eit nyleg skogdag i Alver kommune i Hordaland samla nyleg heile 60 deltatakarar. Interessa var stor sjølv om det ikkje vart nok mat til alle. Arnt fortel entusiastisk at det f.eks. er planlagt 2 skogkurs pr. dag i 5 etterfølgjande dagar i Hordaland til hausten. Tema er skogplanting og ungskogpleie.
Tid og stad er enno ikkje teke stilling til, men det vil kome med det første.

Finansiert av Statsforvaltaren og Vestland fylkeskommune
Det er Statsforvaltaren som i stor grad finansierar skogdagar om planting og skogkultur.
Når det gjeld andre kurs innafor skogbruk, kjem mykje av støtta frå Vestland fylkeskommune, i hovudsak innafor ordninga «Korte kurs i landbruket».
Men det er Sogn og Fjordane Skogselskap som organisera alt dette. Dagleg leiar Ruben Bøthun har saman med Arnt Laukeland verkeleg fått fart på skogbruket i Sogn og Fjordane og deler av Hordaland. Utan slike eldsjeler blir arbeidet tyngre og motbakkane større. Det syner historia.

Ruben Bøthun er dagleg leier i Sogn og Fjordane Skogselskap. Saman med Arnt Laukeland og mange støttespelarar har han fått fart på skogbruket i fylket.