Ei historisk samling
Publisert 25.10.2023
Virkeskjøparane Nortømmer, Glommen Mjøsen Skog, AT Skog og Allskog signerte 16. mai 2023 ein handlingsplan med føremål å prøve sikre eit norsk taubanemiljø i framtida. Ein del av handlingsplanen var å peike ut skogbruksleiarar som skal få spesialopplæring på taubanedrift, og som blir involverte ved taubaneoppdrag. Denne veka var 10 skogbruksleiarar samla i Rosendal.
Tekst og foto: Helge Kårstad
Bakgrunnen for engasjementet er svært få taubanentreprenørar i landet, lågt framdrive kvantum med taubane og særs utfordrande rekruttering. Samtidig registrerar virkeskjøparane aukande etterspørsel etter bruk av taubane i fleire fylke. Norsk Taubanelag er uroa over dette, og tok våren 2023 initiativ til eit møte med virkeskjøparane i landet. Dette resulterte i ein handlingsplan som Glommen Mjøsen Skog, Nortømmer, AT Skog og Allskog slutta seg til 16. mai 2023.
Bruk av taubane var vanleg i mange fylke etter krigen og fram til århundreskiftet. Dette skal likevel vere første gongen at virkeskjøparane i landet har engasjert seg i fellesskap for å sikre eit framtidig taubanemiljø.
Samling i Rosendal
Som del av handlingsplanen var det eit ynskje frå virkeskjøparane å få spesialopplæring for nokre skogbruksleiarar. Denne veka var 10 skogbruksleiarar frå heile landet samla i Rosendal, Kvinnherad kommune i Vestland. Skogkurs har hatt det faglege ansvaret og Norsk Taubanelag har hatt hovudansvaret for organiseringa av opplegget.
Nedanfor følgjer ein biletreportasje frå samlinga.
Først litt meir om handlingsplanen.
Vi tek med nokre sentrale punkt i handlingsplanen:
- Det skal opprettes en referansegruppe med følgende representanter.
-
- 1 representant fra ledelsen hos hver virkeskjøper.
- 1 representant fra Statsforvalterne i kystskogfylkene inkludert Agder.
- 1 representant fra Statsforvalterne i resten av landet, dvs. i Innlandet, Viken, Vestfold og Telemark.
- 1 representant fra taubaneentreprenørene.
- Skogkurs og Landbruksdirektoratet blir invitert til et årlig møte i gruppa og har uttalerett.
- Norsk Taubanelag er sekretær for referansegruppa og kaller inn gruppa hvert år i løpet av november måned.
Informasjonen blir gjort tilgjengelig for skogeiere, virkeskjøperne, taubaneentreprenører, Statsforvalterne, Landbruksdirektoratet, Landbruks- og matdepartementet.
- Referansegruppa skal på grunnlag av innmeldte hogstkvantum med taubane fra virkeskjøperne (se punkt 4. nedenfor) samt vilkår og storleik på statstilskudd til skogsveier og taubane tilrå bruk av driftstilskudd ved skogsdrift med taubane.
- Hver virkeskjøper peker innen 1. juni 2023 ut minst 1 skogbruksleder som får spesialopplæring på bruk av taubane og som blir involvert ved taubaneoppdrag.
- Hver virkeskjøper avsetter i samarbeid med aktuelle Statsforvaltere et årlig hogstkvantum med taubane innen 1. november og som gjelder for påfølgende år.