Også Rogaland Sp krev stimuleringsmidlar til kommunevegar
Publisert 26.03.2024
Rogaland Senterparti meiner at staten må løyve stimuleringsmidlar til å fjerne flaskehalsar for tømmertransport og anna næringstransport på kommunale vegar. Jan Idar Haugen i Vindafjord Sp la fram resolusjonen under det nyleg avvikla årsmøtet.
Tekst og foto: Helge Kårstad
Trengs eit krafttak
Rogaland Sp hadde årsmøte 10. mars, og handsama m.a. ein resolusjon om kommunevegar som var lagt fram av Jan Idar Haugen frå Vindafjord Sp. Haugen fortel at resolusjonen også omfatta eit ynskje om statleg finansiering av Utbjoa tømmerkai. I resolusjonen er det presisert at det no trengs eit krafttak i kystskogfylka for å skaffe midlar til utbetring av flaskehalsar på kommune- og fylkesvegar.
Verste i landet
Som kjent er stoda for dei kommunale distriktsvegane i Rogaland mellom dei verst stilte i landet. Heile 242 vegar har flaskehalsar for tømmertransport (TØI 2021). Verst er det at 53% av desse vegane er så nedklassifiserte at det berre er lovleg å køyre enkel bil med ca. 10 skurstokkar eller 4 tonn last. Resultatet er 9 turar fram og tilbake (kipping) for å fylle eit vogntog på 24 meters lengde. Alternativt er ein sjanse for ei bot til sjåfør på ca. 100 000 kroner. Det er sjølvsagt ikkje mogeleg å drive ei næring i bygder med slike kommunale vegar. Det er kjent at både Nortura, Tine og Felleskjøpet opplever dette dagleg, og støttar fokuset som er sett på dei kommunale vegane i kystskogfylka.
Resolusjonen kan du lese her:
«Landbruksdirektoratet har gjennom ei årrekke løyvd midlar til bygging og oppgradering av tømmerkaiar langs kysten, noko som har vore ein del av satsinga i prosjektet Kystskogbruket. Det er venteleg siste året det vert løyvd midlar til slike kaiprosjekt. Utbjoa tømmerkai og to kaiar i Troms fylke er mellom dei siste som står igjen, før kaiprogrammet er gjennomført. Utbjoa tømmerkai er svært viktig for skogbruket på heile Haugalandet og for forsyninga til den norske trevareindustrien.
Når dei tre siste tømmerkaiane er finansiert må bevilgninga til Kystskogbruket fortsetje. Det trengs eit krafttak for å skaffa midlar til utbetring av flaskehalsar på kommunale- og fylkeskommunale vegar. Svært mange kommunale vegar har lengdeavgrensing. Det gir auka grad av kipping av tømmer for å få fulle vogntoglass ut på primærvegnettet. Dette gir auka kostnadar og auka utslepp.
Eit godt vegnett er heilt avgjerande for å møta dei framtidige behova til transportnæringa. Det hastar å fjerne flaskehalsane for å kunne klassifisere opp desse kommunale vegane, og eit stimuleringsprogram vil også føre til fokus på oppklassifisering av dei vegane som ikkje treng investeringar.
Rogaland Senterparti meiner at staten må løyve stimuleringsmidlar til å fjerne flaskehalsar for tømmertransport og anna næringstransport på kommunale vegar»