Skogentusiast med taubane

Publisert 04.03.2024

Geir Holstad i sitt rette element, med utsikt til taubana og nedover Fardalen i Sogn. Ein travel mann som tenkjer skog døgnet rundt.
Geir Holstad i sitt rette element, med utsikt til taubana og nedover Fardalen i Sogn. Ein travel mann som tenkjer skog døgnet rundt.

Geir Holstad frå Vik i Sogn starta å rydde skog under kraftliner allereie som 20-åring.
I dag er det 12 tilsette i firma Holstad Hogst AS som utfører alt frå skogrydding til drift av hogstmaskiner i flatt terreng. Men også ei taubane fins i maskinparken. 
Tekst og foto: Helge Kårstad

Det er mykje skog i Sogn fortel Geir med entusiasme då eg møter han i brattaste Fardalen like vest for Sogndal i Vestland fylke. Her hos skogeigar Helge Øvretun skal det hoggast kring 1500 kubikkmeter gran, og terrenget er stort sett stupbratt. Det er AT Skog som er virkeskjøpar i dette tilfellet, og tømmeret blir deretter transportert til kaien på Kaupanger.

Det er planta mykje gran i Fardalen, Sogn i Vestland. I denne bygda var det tidlegare eit aktivt landbruksmiljø og eigen barneskule. Skogeigar Helge Øvretun fortel at det var kring 40 mjølkeproduksjonsbruk den gongen skogen vart planta. I dag er det berre eit mjølkeproduksjonsbruk igjen, samtidig er mykje av skogen hogstmoden.

Geir er frå Vik i Sogn og fortel at han alltid har lika arbeid i skogen. Han starta opp med å rydde kraftliner for Sognekraft allereie som 20-åring. Etter kvart vart oppdraga større, og han leverte tømmer både til Sogn og Fjordane Skogeigarlag,  deretter Vestskog og i dag AT Skog. I desse dagar driv han selskapet Holstad Hogst AS med 12 tilsette, og kan utføre alle slags skoglege oppdrag, også skogsdrift med taubane.
Vi har ikkje høyrt så mykje om Holstad Hogst. Geir forklarar det med at han skyr litt media. Men han understrekar at god kontakt med skogeigar og ikkje minst internt samarbeid og dialog i skognæringa er viktig for at det skal skje ei utvikling, og gjerne ei effektivisering.

Terrenget i Fardalen er varierande. Hos skogeigar Helge Øvretun er det svært bratt (innimellom 100% stigning) og berre mogeleg å hente ut skogen ved hjelp av taubane. Her ser vi også løpekatten, ein sjølvgåande Liftliner på ein fastmontert berekabel.

Trong fleire bein å stå på
Geir fekk seg etter kvart arbeid i Nordsjøen, men brukte all si fritid på skogsarbeid. Han investerte også jamt i mykje skogsutstyr i denne perioden, m.a. ein tilhengermontert taubane (Konrad KMS 4000U) som han kjøpte i 2016, året før han slutta arbeidet i Nordsjøen.
Etter perioden i Nordsjøen har det berre vore skogsretta arbeid fortel Geir. I tillegg til ordinært skogsarbeid fekk han stadig fleire oppdrag som linjerydding  for kraftselskap og vegrydding/ kantslått for vegvesenet.
Når det gjeld taubana, har den ikkje vore i drift kvar einaste dag etter at den vart kjøpt ny i 2016. Men i 2023 håpar Geir at han skal ha arbeid mesteparten av året, og har eit budsjett på kring 10 000 kubikkmeter. I tillegg til taubana nyttar han ei Volvo (16 tonn) gravemaskin med belter og påmontert Woody50 kvisteaggregat. Løpekatten er av type Liftliner, også frå Konrad Forsttechnik i Østerrike.
Det fins også ein lastberar i maskinparken, men denne går stort sett saman med den hjulgåande hogstmaskina. Saman med taubana nyttar han vanlegvis ein stor traktor (Valtra 202) med tilhengar (Farma T164WD) ved mindre forflytting og opplegging av tømmer. Det arbeider 3 mann i driftslaget, og dei deler delvis på oppgåver som felling, stropping og køyring av vinsjen. Geir fortel at han har hatt både norsk og utanlandsk mannskap på vinsjen, akkurat no er det 3 personar frå Polen.

Mannskapet tok matpausen då vi besøkte Holstad Hogst. Denne dagen jobba Piotr Czok (t.v.) frå Polen på standplass og viser fram det effektive kvisteaggregatet Woody50 som er kopla til beltemaskina i bakgrunnen (Volvo, 16 tonner).

Betring siste åra
Geir er klar på at skogsdrift med taubane har vore lite lønsamt for både entreprenør og skogeigar dei siste tiåra.  Men særleg siste åra har han merka ei større interesse frå skogeigarar til å nytte taubane i bratt terreng. Han skryt av den lokale skogbruksleiaren for AT Skog som heiter Olav Bremer. Tilrettelegginga har vore god, alle avtaler har vore på plass og ingen sure miner er registrerte nokon stader. Det er viktig understrekar Geir.
Auken i tømmerprisane har ikkje minst medført at det blir ein grei netto til skogeigarar dersom skogen er bra og hogstmoden. Sjølv har Geir eit prinsipp om at han konsekvent ikkje vil ta oppdrag dersom skogen ikkje er hogstmoden. Det blir nesten alltid dårleg økonomi for alle meiner Geir.

Kva er så gale?
Er det ingenting å klage over no då når det gjeld taubanedrift spør vi?
Jau utan tvil seier Geir og nemner raskt 3 tilhøve som bør bli betre:
Først og fremst betre tilgang på oppstartkapital for nye entreprenørar. Det kostar gjerne kring 5 millionar kroner å etablere seg som taubaneentreprenør. Både kommune, fylke og Innovasjon Norge burde vore meir aktive mot nye etableringar i skognæringa meiner Geir.
For det andre trengs betre kunnskap om taubanedrift, både for entreprenørar og tilretteleggjarar, særleg vegplanleggjar og skogbruksleiar. Så må du ta med utfordringa med å få mannskap til taubana seier Geir og legg til at han gjerne skulle hatt meir norsk mannskap.

Taubana er tilhengermontert og krev bilveg eller tilsvarande standard for å kunne brukast. Det er difor ikkje trong for lastberar. Men det er ofte trangt på standplass, og difor vil det stort sett alltid vere trong for utsyr til mindre flyttingar og opplegging av tømmer. Geir Holstad har løyst dette ved å nytte eit noko rimelegare og meir fleksibelt utstyr, ein traktor med tømmerhengar og kran.
Geir Holstad syner stolt fram ein eigen patent der han har sveisa “spikes” på belta til denne Hitachi gravemaskina. Dette sikrar arbeid med gravemaskina i bratt terreng vinterstid. Det er generelt liten trong for bruk av gravemaskin ved taubanedrift, men ved denne drifta var det aktuelt med noko tilrettelegging.

Lærebedrift for lærlingar
Geir fortel også at Holstad Hogst nyleg er godkjent som lærebedrift for lærlingar. For tida er ein lærling på plass og jobbar med ulike oppgåver i selskapet, også taubanedrift. Etter planen vil det kome på plass endå ein lærling, kanskje allereie denne veka.
Vi er imponerte over Holstad Hogst. På sett og vis er erfaringane og vala Geir har teke når det gjeld skogsdrift og taubanedrift både kjende og forståelege. Det er sikkert mykje av grunnen til at vi knapt har igjen taubaneentreprenørar i landet.
Men entusiasmen hans og sporinga av ei betring siste åra smittar over på oss. Ikkje minst er det flott at føretaket kan tilby lærlingeplassar. Kanskje er det nettopp Geir som har funne løysinga? Det lovar godt for taubanemiljøet i åra som kjem.
Sjå elles brei omtale av føretaket på nettsida til Holstad Hogst AS: https://www.holstadhogstas.no/

Tømmeret blir transportert med bil fram til Kaupanger tømmerkai (ca. 25 km). Denne kaien er eigd av Norskog og AT Skog (kalla Tømmerkaier AS) og var utbygd med statstilskot i 2015. Det er tinglyst ein priortert bruksrett til skogeigarar i Luster, Sogndal og Leikanger.