Eit skogeigarlag i vekst

Publisert 27.05.2024

Styret m.m. i Nordhordland Skogeigarlag.
F.v. Nils Markus Bakke (nestleiar), Sveinung Toft (leiar), Tor Andre Sines (styremedlem),
Sverre Solberg (valnemd),
Linn Hagesæter (styremedlem), mangler namn,
Nils Kaalaas, tidlegare skogbrukssjef (sekretær),
Tore Villanger (styremedlem),
Kristen Risnes (revisor i skogeigarlaget).
Styret m.m. i Nordhordland Skogeigarlag. F.v. Nils Markus Bakke (nestleiar), Sveinung Toft (leiar), Tor Andre Sines (styremedlem), Sverre Solberg (valnemd), Linn Hagesæter (styremedlem), mangler namn, Nils Kaalaas, tidlegare skogbrukssjef (sekretær), Tore Villanger (styremedlem), Kristen Risnes (revisor i skogeigarlaget).

Nordhordland Skogeigarlag i Vestland held årmøte 14. mai, og det vart attval på leiaren Sveinung Toft. Leiaren fortel om eit skogeigarlag med stort engasjement, først og fremst som eigar og driftar av Eidsnes tømmerkai. 
Tekst og foto: Helge Kårstad

Opptekne av omdøme
Årsmøtet i Nord Hordland Skoigeigarlag held som vanleg årsmøtet sitt på Alver Hotell i Knarvik like nord for Bergen. Helge Kårstad frå Kystskogbruket informerte om arbeidet i nettverket. Tema kring skogsvegbygging, flaskehalser på offentlege vegar, sitkagran og ungskogpleie var det stor interesse for. Fleire skogegarar i regionen har klaga over stor avgang etter planting, og difor store ekstra kostander. Ein konklusjon etter debatten i årsmøtet var at skogeigarlaget ville prøve å få til eit møte mellom ulike partar for å kome fram til ei løysing på dette. For som ein skogeigar sa: «Stor avgang i plantefelt etter hogst kostar tid og ekstra pengar. Det skapar eit omdøme for skogbruket som er svært skadeleg. Slikt tek tid å rette opp».

Mykje pengar til vedlikehald
Mykje av arbeidet i Nordhordland Skogeigarlag dreiar seg om å drifte tømmerkaien.
Eidsnes tømmerkai vart etablert på slutten av 1980-talet. Det skjedde etter at Bergen og Hordaland Skogselskap selde den 60 daa store eigedomen til Nordhordland Skogeigarlag. I etterkant har det vore fleire utbyggingar. Idag er Eidsnes tømmerkai kanskje det beste anlegget langs heile kysten med ein kaifront på 135 meter og eit bakareal som er i dagleg bruk på ca. 15 daa. I alle desse åra har skogeigarlaget hatt ansvaret for den daglege drifta. Det dreiar seg sjølvsagt også om inntektene. Sjølv med ei svært rimeleg kaileige på 10 kroner pr. kubikkmeter, brukar skogeigarlaget årleg kring ein halv million kroner til vedlikehald og utbetring av tømmerterminalen.

Leiar i Nordhordland Skogeigarlag Sveinung Toft fortel at utskipa kvantum over Eidsnes tømmerkai har auka jamt, og er i dag årleg kring 90 000 kubikkmeter. Tømmeret kjem frå skogeigarar i kommunane Austrheim, Masfjorden, Alver, Osterøy og Bergen. Dette tømmeret gir ein førstehandsverdi kring 50 millionar kroner eller ei årleg verdiskaping kring ein halv millard kroner.