Møter i optimisme
Publisert 30.05.2024

Saman med Elisabeth Hansen i Landbruksdirektoratet har vi besøkt kaieigarar, skogeigarar og skogsentreprenørar i Rogaland og Vestland. Det er svært stor aktivitet i skogbruket, og vi møter jamt ei stor optimisme i skognæringa i desse tidlegare skogreisingsområda.
Tekst og foto: Helge Kårstad
Når det gjeld tømmerkaiar i Norge er vi i sluttfasen fordi det meste er finansiert, utbygd eller under utbygging. Det gjenstår eit par viktige prosjekt, Kvæfjord i Troms og Utbjoa i Rogaland, det siste kaiprosjektet var del av programmet under denne rundturen.
Vi fekk også tid til eit besøk av ei stor taubanedrift i Kvinnherad, og ikkje minst ein kort stopp ved Moelven Granvin Bruk.
Saman med oss deltok også John Elter frå AT Skog og Torleiv Skage frå Statsforvaltaren i Vestland.
Nedanfor følgjer ein bilete reportasje frå turen.

F.v. Margareth Ottesen Mjønes frå Stord Skogeigarlag, Torleiv Skage frå Statsforvaltaren i Vestland, Leif Normann Mæland frå Bømlo Skogeigarlag, Johannes Nesse frå Fitjar-Austevoll Skogeigarlag, John Elter frå AT Skog, Bjørn Furre frå Stord Skogeigarlag, Elisabeth Hansen frå Landbruksdirektoratet, Odd Stuve Rommetveit frå Stord Skogegiarlag, Arne Bjelland frå Stord kommune og Dag Jarle Aksnes frå Stord Lufthamn.

Prosjektet er godt utarbeidd, og skognæringa i Rogaland uttalar at ei utvididing av denne tømmerkaien er særs viktig.
F.v. leiaren i Vindafjord Skogegiarlag Magnus Frøyland, ordførar i Vindafjord kommune Ole Johan Vierdal, Inga Apeland i AT Skog, nyvald leiar i Rogaland Skognæringsforum Arne Bergsvåg, John Elter i AT Skog, Kjell Gangstø i Gangstø Transport og Elisabeth Hansen frå Landbruksdirektoratet.


Arbeidet er venta å vere ferdig til sommaren, og då er det hogge ca. 25 000 kubikkmeter til same skogsveg.
F.v. John Elter frå AT Skog, Elisabeth Hansen frå Landbruksdirektoatet, taubaneentreprenøren Tørbjørn Frivik, skogeigar Frode Stensletten, skogbrukssjef Francesca Galdiolo, skogeigar Johannes Feet og Helge Kårstad.


Tømmeret har nettopp kome med båt, ei strekning på ca. 8 mil. Tømmeret er såleis både kortreist og ferskt. Driftssjef Knut Såkvitne (t.v.) fortel engasjert om den gode kvaliteten frå desse større felta frå skogreisinga som no kjem fram. Det er ikkje til å stikke under ein stol at etter eit kvart besøk på saga i Granvin, blir vi alle styrka i trua om at skogreisinga langs kysten har vore ein suksess større enn nokon kunne tru.
Takk til alle dykk som stilte opp på turen!