Ny leiar i Rogaland
Publisert 27.05.2024
Nyleg avgått fylkesvaraordførar Arne Bergsvåg er valt til ny styreleiar i Rogaland skognæringsforum. Han tek over etter Olaf Gjedrem som etter mange år i vervet hadde takka nei til attval på årsmøtet.
Tekst og foto: Kjell Skrunes
Redigering: Helge Kårstad
Kjenner skognæringa godt
– Eg har eit engasjement for skogen, og etter å ha trappa ned i politikken har eg no høve til å gjera noko med dette engasjementet, seier Bergsvåg og legg til:
– Som fylkespolitikar var eg med i arbeidet med den fyrste Kystskogmeldinga, eit pionerarbeid som samla næring, fylkeskommunar og staten i kystfylka frå Agder til Finnmark i eit unikt samarbeid, som sidan er følgd opp med nye meldingar. Eg har og arbeidd for skogen politisk gjennom fylkeskommunal næringsutvikling og flaskehals-problematikk på kommunale og fylkeskommunale vegar, så litt balast tek eg med meg inn i det nye vervet.
– Dette er noko eg ser fram til. Me må ha fokus på betre forvaltninga av skogsressursane i fylket, og ikkje minst auka lokal foredling, avsluttar Bergsvåg.
Stor takk til Gjedrem
På årsmøtet blei Olaf Gjedrem heidra med blomster og gode ord for arbeidet sitt som styreleiar gjennom mange år. Rønnaug Foss Alvik overrekte og gåve frå Skognæringa Kyst som takk for innsatsen Gjedrem har lagt ned som styreleiar også her.
Det nye styret i Rogaland ser etter årsmøtet slik ut:
Leiar: Arne Bergsvåg
Nestleiar: Espen Årvik
Styremedlemmer:
Anna Henriette Veim Eikje
Svein Myklebust
Gudrun Margrete Dyrseth
Vara:
Lars Slåttå
Sander Huslende Alfredsen