Droner i Hardanger
Publisert 04.06.2024

Kenneth Kleppe (innfelt) frå firma UAS VOSS AS har spesialisert seg på droneopptak. Dette biletet frå forrige veke syner eit skip frå reiarlaget Arriva shipping på veg frå Utne i Ullensvang og innover fjorden til sagbruket Moelven Granvin Bruk.
Skognæringa Kyst står bak eit annonsefinansiert informasjonsprodukt om skognæringa i kystskogfylka. Oppdraget er sett bort til firma JS/Norge.
Førre og denne veka blir det føreteke droneopptak frå skogen i Hardanger, både på land og sjø.
Tekst: Helge Kårstad
Bilder: Kenneth Kleppe
Det er Kenneth Kleppe i dronefirma UAS VOSS AS som skal produsere ein del bilder og film frå aktivitetar i skogbruket, – alt frå skogplanting, hogst, tømmertransport på land og sjø og ikkje minst glimt frå skogsindustrien og bruk av ferdige treprodukt.
JS/Norge reknar med at informasjonsproduktet er ferdig til bruk før sommaren.
Nedanfor er nokre smakebitar frå droneopptaka denne og førre veka.

