Taubana tilbake i Gudbrandsdalen
Publisert 11.07.2024

Norsk Taubanelag med fleire har siste åra engasjert seg for å sikre at det fins taubaneentreprenørar i norsk skogbruk i framtida. Det er stor etterspørsel etter bruk av taubane i mange kommunar i landet.
Tekst og foto: Helge Kårstad
Det er utan tvil større etterspørsel etter taubanedrift i norsk skogbruk enn kva det fins av taubane entreprenørar. Siste åra er det ved hjelp av Norsk Taubanelag etablert eit samarbeid mellom virkeskjøparane Allskog, Nortømmer, Glommen Mjøsen Skog og AT Skog.
Firmaet T. Frivik Taubanedrift har siste åra stort sett fått oppdrag og levert tømmer gjennom AT Skog, og vore etablert i Vestland. Nyleg har det eine driftslaget til Frivik, i full forståing med virkeskjøparane, sett i gang denne skogsdrifta i Innlandet og i regi av Glommen Mjøsen Skog.
Enhetsleder for skog- og trebruk hos Statsforvaltaren i Innlandet heiter Carl Olav Holen. Han set stor pris skogsdrifta som no er i gang i Follebu, og viser til at det ikkje vore større taubanedrifter i Innlandet dei siste åra. Målet er at det i løpet av eit år eller to kan etablerast nokre fleire lokale taubaneentreprenørar i landet. Rett bruk av statstilskot, rimeleg sikre rammevilkår og god tilrettelegging for taubanedrifter vil vere sentralt meiner Holen.
Vi vil kome tilbake med meir informasjon om utviklinga innan taubanesektoren på denne nettstaden.

Driftsmåten krev godt tilrettelagde skogsbilvegar og er elles skånsam mot inngrep i terrenget. Omlag midt i biletet ser vi starten på denne skogsdrifta. Vidare mot høgre i biletet ser vi hogstmoden granskog i relativt bratt terreng. Skogsbilvegen ligg i nedre delen av skogsdrifta, og er ikkje synleg i biletet.