Munck-skogane – Ringen er slutta
Publisert 01.08.2024

God tilgang på industriarbeidsplassar gjorde at mange gardar kring Bergen vart nedlagde etter siste verdskrig. Presteson og seinare industrimann Sverre Munck fekk kjøpe fleire nedlagde gardsbruk i Lindås kommune på 1950-talet. Han planta heile 2200 da med gran på desse eigedomane. I desse dagar blir mesteparten av skogen hogge og verdiskapinga er stor.
Tekst og foto: Helge Kårstad
Frå bonde på Strilalandet til industrimann i byen
Etter krigen fekk vi ei oppblomstring av industriverksemder i Norge. I nærleiken av desse verksemdene, og oftast nær dei største byane, vart bonden etter kvart industrimann. Familien flytta inn til byen og fekk plass i dei nye populære bustadblokkene, rett nok som oftast bygde i betong. Trevirke var jo ei mangelvare i store deler av landet. Mange små gardar gjekk ut av tradisjonell produksjon, og mange kom på sal. Nokon vil vel seie at dette har føregått fram til i dag, – og går føre seg enno. Utviklinga på Strilalandet kring Bergen er eit godt eksempel på dette.
Munck-skogane i Lindås
I Lindås kommune nord for Bergen (no Alver kommune) kom mange små gardsbruk for sal i denne perioden. Industrimannen Sverre Munck, opprinneleg frå Bærum, etablerte som 26 åring «Sverre Munck Elektromekaniske Industri» i Bergen. Dette var i 1924, og det var tronge kår i starten. Det vart derimot ein sterk vekst i firmaet etter kringen. Firmaet er mest kjent for heisar, taljer, hengebaner og kranar. I 1970 var det totalt 2000 tilsette i firmaet som var eit av dei største i landet.
Sverre Munck var son til presten på Kvalvågnes i Lindås. Det er fortald at på ei av sine reiser til far sin i Lindås fekk han ideen om å plante gran eller som det vart sagt «plante til de nakne vidder».
Det heile resulterte i at han fekk kjøpe fleire gardsbruk på totalt 2300 da, dei 2 første i 1954 (Finnesbø og Hellestveit) og dei tre siste i 1958 (Smørdal). Han tilsette eigen planteleiar, og planta i åra som følgde om lag heile arealet med gran og noko sitkagran. Totalt vart det planta 800 000 planter, noko av arealet vart grøfta og gjødsla. I dag er mesteparten av denne skogen hogstmoden.

Største hogstoppdraget i Norge
Sverre trakk seg som leiar i konsernet i 1964 og døydde i 1970. Firmaet gjekk diverre konkurs i 1986 og selde skogeigedomane til ein forretningsmann på Austlandet. For eit par år sidan kjøpte Pål Børslid frå Seim dei same skogeigedomane, og har nyleg sett i gang hogst av det aller meste, totalt kring 100 000 kubikkmeter tømmer. Det høyrer med til historia at Pål Børslid er vakse opp nokre kilometer frå Kvalvågnes der far til Sverre Munck hadde hovudsete om prest.
Det er NORTØMMER v/ skogbruksleiar Tomas Lerøy som har fått hogst- og planteoppdraget. Etter det vi kjenner til, er dette det største hogstoppdraget frå ein enkelt skogeigar i Norge. Hogsten starta på Smørdal ved årsskiftet, og skal etter planen vere ferdig i løpet av året. Lerøy fortel at det meste har gått greitt. Etterjulsvinteren var særdeles langvarig og kald på Vestlandet, og det resulterte m.a. i mykje telehiv på vegane. Dette førte til at tømmertransporten på fylkesvegen fram til Eidsnes tømmerkai måtte stoppast fram til 1. juni. Etterpå har også fylket utbetra dei verste telehiva slik at transporten no går greit fortel Lerøy.
Som del av oppdraget skal det plantast skog på nytt. Dette er allereie starta ved at det i år er sett ut 30 000 planter. Pål Børslid sier at han er spent på om hjorteskader oppstår, og er innstilt på å finne løysingar.


Sverre Munck fekk rett
Det er store verdiar i skogen idag. Førstehandsverdien av Munck-skogane er kring 50 millionar kroner som gjev ei tilsvarande verdiskaping kring ein halv milliard kroner. Denne verdiskapinga skjer i ein nasjonal og internasjonal marknad der det fornybare skogsvirket er blitt mangelvare. Det skulle nok Sverre Munck ha fått oppleve. Han var som kjent svært samfunnsengasjert, og ville at skogen i framtida skulle kome føretaket og dei tilsette til gode. Sjølv om selskapet ikkje eksisterar lenger, fekk han jo svært så rett. I dag kjem arbeidet hans svært mange til nytte, både i innland og utland.
Vi har prata med barnebarnet til Sverre som heiter Eilert Munck Lund, forfattar og filmskapar. Han er stolt av farfar sin og har skrive ein del om dette. Vi vil i ein seinare reportasje skrive meir om denne unike skogreisinga i Lindås.

Det er transportselskapet Hardanger Skog AS som lossar då biletet vart teke. Tømmeret frå Munck-skogane på totalt 100 000 kubikmeter tømmer i løpet av 2024 og 25 vil auke utskipinga over denne terminalen kraftig. Dei siste åra har det gått nærare 100 000 kubikkmeter over denne tømmerkaien frå skogane i fleire kommunar i regionen.