Kystskogbruket møtte Pollestad
Publisert 29.09.2024
Representantar for Skognæringa Kyst møtte nyleg landbruks- og matminister Geir Pollestad. Tema var infrastrukturen i skogbruket.
Tekst: Helge Kårstad
Skognæringa Kyst har i mange år prioritert arbeidet med å betre infrasturkuren. Dette gjeld skogsvegar, skogsdrift i bratt terreng, tømmerkaiar og flaskehalsar for tømmertransporten på offentlege vegar.
Skognæringa Kyst er svært nøgd med regjeringa si prioritering av å få bygd ut dei nødvendige tømmerkaiane som enno står igjen langs kysten. Dette arbeidet vil vere ferdig innan eit par år. Men enno er både driftskostnader og transportkostnader i skogbruket større langs kysten, enn i resten av landet.
Manglande skogsvegar slår negativt ut for driftskostnader og dagleg kipping med tømmerbilar gjev ekstra høge transporkostnader.
I møte med landbruks- og matminister Geir Pollestad deltok styreleiar i Rogaland Skognæringsforum Arne Bergsvåg saman med dagleg leiar i Skognæringa Kyst Ole Bakke og underteikna.
Flaskehalsar for tømmertransporten på kommunale næringsvegar vart spesielt omtala. Det vart vist til Transportøkonomisk Institutt sitt arbeid med å prioritere dei viktigaste kommunale og fylkeskommunale vegane som ved ei oppskriving vil gi relativt store gevinstar. Arbeider er no utført for Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Trøndelag. I desse dagar startar arbeidet opp i Troms, og målet er at denne analysen skal vere gjennomført i alle kystskogfylka innan 2. halvår 2025.
Representantane frå Skognæringa Kyst opplevde møte med landbruks- og matminister Geir Pollestad som positivt. Vi vil takke ministeren med sin administrasjon for at dei tok seg tid til å møte oss.