Kjekt å sjå resultata
Publisert 05.03.2025

For første gong er det relativt størst auke i hogsten i kystfylka skriv Landbruks- og matdepartementet i ei fersk pressemelding.
Tidlegare skogreisingsleiar Førde kommune heiter Dag Heggheim. Han representerar dei som skapte denne nye næringa, og gledar seg stort over resultata.
Tekst og foto: Helge Kårstad
Gullgrøne ressursar
Tømmerhogsten auka mest i kystfylka i 2024 skrive Landbruks- og matdepartementet i ei nyhende melding 29.01.25. I Vestland er det siste året hogge nærare 600 000 kubikkmeter tømmer. Dette utgjer i dag kring 5% av hogsten i landet. Det er ny rekord, dvs. det har aldri vore hogge så mykje tømmer i Vestland.
Fylkesskogmeister i Vestland Torkel Hofseth fortel at i Sunnfjord kommune (tidlegare m.a. Førde kommune) er det hogge heile 66 000 kubikkmeter i 2024. Berre førstehandsverdien på dette tømmeret er kring 40 millionar kroner. Omlag alt dette er gran som vart planta etter krigen. Den gongen var det knapt skog, og det vart ikkje hogge ei gran for sal i Sunnfjord. No blir det årleg skapt store mengder miljøvenlege, fornybare, gullgrøne ressursar. Skogreisingsleiarane var sentrale i dette arbeidet understrekar Hofseth.

F.v. fylkesskogmeister Torkel Hofseth og t.h. fylkesskomeister Torgrim Østgård.
Legg også merke til at det er mykje grovt tømmer, dei første hogstane frå dei eldste felta i tidlegare Førde kommune.
Frå Stardalen til Steinkjer
Dag Heggheim vart fødd i Stardalen i Jølster i 1941, like under Jostedalsbreen med ein unik natur på alle kantar. Det var den gongen lite skog i Stardalen, berre nokre furutre som likevel var ein viktig ressurs på garden. Interessa for skog var grunnen til at Dag tok seg arbeid i 1964 på ei taubanedrift i på garden Lien i Angedalen i Førde kommune. Det vart teke fram bjørk i dei bratte, frodige liene og kappa opp til kubb som vart levert til den nyetablerte Vestlandske Treforedling i Vadheim (VeTreFo). Dette var ei treforedlingsbedrift som produserte halvkjemisk cellulose og som vart starte opp i 1959. Dag fortel at då hogsten av lauvskogen var ferdig, vart det planta gran.
Dag fekk stadig større interesse for skogbruk og ville utdanne seg til skogteknikar. Men det var store krav for å kome inn på skogskulen den gongen, ikkje minst var det krav om praktiske ferdigheiter. I 1965 gjennomførte Dag difor eit 10 månaders praktisk skogkurs på Bygland i Agder. Dag fortel at han lika seg svært godt på Bygland. Men allereie året etter fekk han plass på Statens skogskule i Steinkjer og vart uteksaminert der i 1967.
Første jobben var ved jordskifteverket på Sandane i Nordfjord. Han vart då kjent med skogbrukssjef Audun Indrehus og søkte på ein ledig jobb som skogreisingsleiar i Stryn i 1970. Dag fekk jobben og fungerte som skogreisingsleiar der i 3 år. Det var ei travel tid fortel Dag. Første året vart det planta nærare ein halv million granplanter i Stryn. For samanlikninga si skuld kan vi legge til at dette talet er av same storleiksorden som har vore planta i heile Vestland fylke dei siste åra.
Travle dagar i skogen i Førde
I 1973 fekk Dag jobb som skogreisingsleiar i Førde kommune. Alf Osland var tidlegare skogreisingsleiar i Førde kan Dag minnest. Jon Gjerdåker var då skogbrukssjef i Indre Sunnfjord (kommunane Førde, Jølster, Gaular og Fjaler), seinare vart han dagleg leiar for det nyskipa Sogn og Fjordane Skogeigarlag. Dag minnest at Ingolf Myklebust frå Utvik i Nordfjord, då tilsett i statistisk sentralbyrå, fekk jobben etter Gjerdåker. Det var fleire som var litt usikre på kva ein statistikkmann frå Oslo kunne få utretta som skogbrukssjef. Men der tok ein feil. Myklebust var ein dyktig skogbrukssjef som etter nokre år fekk jobb på heimlege trakter i Indre Nordfjord. Etter Myklebust vart Magnus Mo tilsett som skogbrukssjef i Indre Sunnfjord og har fungert inntil for nokre år sidan.
Dag fortel vidare at han hadde kring 10 skuleelevar i arbeid kvar plantesesong frå midten av mai og til litt ut i juli. Han måtte sjølv køyre både planter og plantarar på plass fordi dei var for unge til å ha sertifikat. Men arbeidet låg ikkje for alle, og nokon slutta etter kort tid. Men dei som likte arbeidet kom tilbake år etter år. Etter kvart som ungdomane vart eldre og kom inn på vidaregåande skular, vart det også meir tid etter eksamen til å plante kan Dag hugse. Det var også vanleg at han sjekka platearbeidet kvar einaste dag.
Skuleplanting var også eit begrep. Då kom gjerne heile klassar frå skulen saman med lærarar for å plante. Det var oftast sett av to dagar til skuleplanting og dette var vanleg i Førde til langt ut på 1970-talet.
Det var svært populært og ettertrakta fortel Dag og får ofte tilbakemeldingar frå folk idag, der dei minnest desse plantedagane med glede.
Det vart oftast planta i lier med lauvskog av ulik tettleik. Der det var eigna skog til vedproduksjon gjekk arbeidet stort sett greitt. Men etterspurnaden etter ved vart jamt mindre etter at oljefyren kom inn i husa frå midten av 1970-talet. Planting under skjerm med påfølgjande ringbarking vart viktigare. Nokre stader vart bjørkeskjermen aldri rydda, og sjølv om grana til slutt tok over, vart slike granfelt aldri heilt gode seier Dag. Mange såg også på ringbarkinga som sløsing med verdiar, og venta i det lengste med å ta fram noko til ved. Ofte vart det for seint.

Den verste hendinga
Mange minnast godt Landbruksminister Lars Sponheim som fjerna dei fleste tilskota til skogbruket tidleg på 2000-talet. Dette slo kraftig ut på skogplantinga. Dag opplevde dette som den verste hendinga i skogbruket i hans tid, og noko som knapt nokon i næringa ville tru.
Dette viser også igjen i statistikken, sjølv om her nok også var andre tilhøve som verka inn. I alle fall vart dette etter kvart kroken på døra for mange planteskular fordi plantetalet stupte.
I samband med den auka hogsten er det blitt stadig større fokus på å plante etter hogst.
Fylkesskogmeister Torgrim Østgård fortel at vi er inne i ein god trend i fylket når det gjeld planting. Plantetalet går litt oppover kvart år og for 2025 er det bestilt fleire planter enn dei siste åra. Utfordringa er heller at ein del planter ikkje overlever dei første åra etter planting, av ulike grunnar. Kraftige planter (M60) er eit viktig verkemiddel for å oppnå betre resultat meiner Østgård.
Oppturen
Interessa for skog, kunnskap om fortida og ikkje minst korleis skogbruket blir drive i dag er noko Dag jamt er oppteken av. Han legg ikkje skjul på at det har vore mykje negativ fokusering på granskogen etter kvart som den vart hogstmoden. Dag erkjenner at nokon feil gjorde dei nok «den gongen». Men dei siste åra må reknast som ein skikkeleg opptur. Det gjeld både hogstkvantum og tømmerprisar, og det har gleda ein skogmann som Dag. Dagleg ser han fullasta tømmerbilar gjennom Førde på veg til næraste tømmerkai. Det blir årleg skapt nye faste arbeidsplassar.
– «Det er kjekt å sjå resultata i dag» seier han og legg til at – «det viser kor rett denne satsinga ein gong var». Sidan trea vart planta har dei jamt klara seg sjølv, og på areal som ikkje hadde blitt nytte til noko anna. Det er ikkje som i jordbruket at du kvar dag må stelle om produksjonen som skal gje utbyte ein dag. Det er også ein ny generasjon med skogeigarar som no kan hogge mange tusen kubikkmeter, signere ei hogstkontrakt og hente pengar som monnar. Dag høyrer stadig fleire som nikkar og færre som klagar. Men det skal sværande mykje til for ein sunnfjording å seie at noko vart bra, smiler Dag. Ja svaret er ofte at «det kunne no vore verre». Akkurat det svaret er å rekne som ein liten suksess. Det har også skogen blitt. Det har også vårt nasjonale Landbruksdepartement nyleg sagt og vist til den auka hogsten i kystfylka og i Vestland. Ringen er på eit vis slutta. Takka vere skogfolket med skogreisingsleiarane i spissen. I Førde kommune og alle skogkommunar langs kysten.

Dag kan gle seg over at arbeidet som vart lagt ned med skogreisingsleiarane i spissen gjev så gode resultat i dag, – både for skogeigar og resten av skognæringa. Kvar einaste år blir det etablert nye arbeidsplassar innan hogst, transport og noko vidareforedling. Når det gjeld foredlinga av tømmeret er vi for dårlege i dag seier Dag med eit smil.