Dumpar ikkje tunellmassar i Sognefjorden

Publisert 11.06.2025

Bernt Erlend Fridell (t.v) frå Sognekraft AS framfor tunellmasser i Åfetdalen  som no blir brukt til å byggje skogsbilvegar. Skogeigar Jaran Berdal (t.h.) er bonde i Feios og gledar seg til å ta områda meir i bruk. Vegane opnar for skogen, men også for store utmarksbeite. Dei nye skogsbilvegane vil difor få mange funksjonar og blir sett stor pris på av alle innbyggjarena i bygda.
Bernt Erlend Fridell (t.v) frå Sognekraft AS framfor tunellmasser i Åfetdalen som no blir brukt til å byggje skogsbilvegar. Skogeigar Jaran Berdal (t.h.) er bonde i Feios og gledar seg til å ta områda meir i bruk. Vegane opnar for skogen, men også for store utmarksbeite. Dei nye skogsbilvegane vil difor få mange funksjonar og blir sett stor pris på av alle innbyggjarena i bygda.

Skogeigarar i Feios byggjer nærare 10 kilometer med skogsbilvegar for å få fram den flotte granskogen i bygda. Ein avtale mellom Sognekraft AS, eigarar av eit nytt kraftverk, entreprenørar og skogeigarar har ført til at tunellmassar no blir nytte til dei planlagde skogsvegane og ikkje dumpa i Sognefjorden.
Tekst og foto: Helge Kårstad

9,2 km nye skogsbilvegar
Under ein nyleg skogdag i Feios fekk vi høyre om all skogen i denne bygda i Vik kommune i Vestland, ei grundig og god planlegging av skogsbilvegar og om vegbygginga som no føregår.
Vegplanleggjar Egil Devik fortel at det skal byggjast 9,2 km med nye skogsbilvegar i bygda Feios og pr. idag er kring 4,2 km ferdigbygd. Det er hittil nytta 55 000 m3 tunellmassar til vegane og totalt vil det bli nytta kring 150 000 kubikkmeter. Alle desse massane var i utgangspunktet planlagt og godkjent av NVE for å bli dumpa i Sognefjorden.

Vakre skogsbilvegar! Legg merke til god linjeføring og god tilpassing i terrenget. Vegane som er bygda av tunellmassar blir applaudert av mange som er oppteken av naturvern. Vegane er stort sett bygd av massar som elles ville bli dumpa i sjø eller lagt i deponi. I tillegg blir det knapt sprengt nye massar der skogsbilvegane går fram. Både naturen, miljøet og økonomien blir ein vinnar her!

Volumet til 5 Grieghallar
Bernt Erlend Fridell frå Sognkraft AS fortalde om eit svært vellykka prosjekt i Feios. Sognekraft har hatt oppdraget med å bygge Feios Kraftverk. Samtidig har dei vore opptekne av å få brukt massane frå krafttunellane.  Planen var å dumpe massar frå uttaket i Åfetdalen i Sognefjorden, dvs. ved Håastrondi i Feios. Dette ser ein no ut til å sleppe fordi mesteparten av massane no blir brukte lokalt i Feios. Her kan vi leggje til at tunellmassar frå uttaket ved sjølve kraftstasjonen, like ved tømmerkaien på Håastrondi ved Sognefjorden er kjøpt av ein entreprenør i Vik. Dette betyr at mesteparten av tunellmassane frå Feios Kraftverk blir nytta og ikkje lagt i deponi eller dumpa i Sognefjorden.
Fridell legg til at desse tunellmassane er svært godt eigna masser til vegbygging og av høg kvalitet.

Kor mykje er 150 000 kubikkmeter frå Åfetdalen som ein har spara dumpa i Sognefjorden ved å bruke massane til å byggje dei planlagde skogsvegane? Fridell fortel at det tilsvara kring 10 000 lastebillass. Det er mykje. Sjølv har eg rekna ut at det tilsvara kring bygging av ca. 60 fotballbaner med eit berelag på 40 cm. Likar du ikkje fotball, har vi rekna ut at det tilsvara 5 Grieghallar i Bergen by. Det ville kort sagt vere tragisk for miljøsaka å dumpe dette i fjorden.

I tillegg til at ein sparer Sognefjorden for massedumping, spara ein også naturen for alternative masseuttak som ein måtte ha gjennomført for å byggje desse skogsbilvegane. Det er også eit faktum at transport av tunellmassar i dette tilfelle er mykje redusert, viktig for miljø og viktig for kostnader. Her er altså ein trippel miljøeffekt og ikkje minst lønsamt i kroner for alle partar.

Ruben Bøtun (ved høgtalaren) har funksjonar både i Sogn og Fjordane Skogselskap og Vestland Skognettverk. Ruben arrangerar mange møter og samlingar for skogens sak. Her har han samla folk i Feios midt oppe i ein verdfull ressurs; tunellmassar frå Sognekraft som blir brukt på skogsbilvegane i Feios.
Vegplanleggjar Egil Devik (gul jakke) fortel forsamlinga om arbeidet med skogsbilvegane, eit teknisk innlegg som er prega av ein særs fornuftig ressursbruk i denne skogrike grenda i Sogn.

Glade skogeigarar
Jaran Berdal er bonde og saman med 13 andre i bygda er han medeigar i skogsvegane i Åfetdalen som no blir bygde av tunellmassar. Han er også ein av 50 grunneigarar i Feios Kraftverk.
Berdal sa under skogdagen i Feios at han er svært glad for desse vegane som vil ha stor verknad for både jord- og skogbruk i bygda. Han opplever også at det der berre positive tilbakemeldingar i bygda på totalen i desse prosjekta. Det kom også fram under skogdagen. Utan å kunne gå i detaljar, forstår vi også at den økonomiske gevinsten ved skogsvegbygginga er svært god.
Vi takkar for besøket under skogdagen, og håpar at neste generasjon skog i Feios blir minst like bra som i dag.

Ei interessert forsmaling i Feios fekk høyre noko som også underteikna knapt har høyrt før. Kanskje det er på tide at alle kommunar i landet lagar ein plan for bruk av overskotsmassar frå ulike tiltak. Bruk av massane sparer samfunnet av både pengar og nye naturinngrep.