Stor glede i Fauske
Publisert 12.11.2025
Landbruksdirektoratet har denne veka offentleggjort årets tildelingar til tømmerkaiar.
Heile 41,1 millionar kroner er fordelt på 4 prosjekt. Jubelen stod i taket i Fauske i Nordland då det vart kjent at dei vil få det største tilskotet på heile 25,7 millionar kroner til utbygging av Finneidkaia
Tekst og foto: Helge Kårstad
Prosjektet i Fauske er det største og vil sikre ein framtidig tilgang til sjøtransport for skogen i kommunane Sørfold, Fauske, Bodø, Saltdal, Beiarn, Gildeskål og Meløy. Det har i mange år vore arbeidd med eit tilsvarande løysing ved Elkem sitt anlegg i Sørfold. Dette førte diverre ikkje fram.
Ordførar i Fauske Marlen Rendall Berg seier at dette var ei svært gledeleg melding å få. Ho håpar at arbeidet raskt kan lysast ut, og at resten av finansieringa vil gå i orden. Finneidkaia har vore mykje brukt i mang tiår, også til tømmer. Det vil vere svært viktig for kommunen å få oppgradert dette hamneområdet til den standard som krevs i dag, avsluttar ordføraren.
Følgjande tømmerkai prosjekt har fått tildelt statstilskot i 2025:
- Finneid tømmerkai i Fauske kommune – 25,7 mill. kroner
- Drammenregionens virkesterminaler i Lier kommune – 10,4 mill. kroner
- Gårdsøya tømmerkai i Brønnøy kommune – 3 mill. kroner
- Sørkjosen tømmerkai i Nordreisa kommune – 2 mill. kroner.
Du kan lese meir om årets tildelingar i ei melding frå Landbruksdirektoratet: https://www.landbruksdirektoratet.no/nb/nyhetsrom/nyhetsarkiv/41-1-millioner-kroner-til-tommerkaier-i-2025
