Bra, men ikkje godt nok
Publisert 08.10.2015
Regjeringa føreslår omlag same satsing på infrastruktur i skogbruket i 2016 som 2015.
«Bra, men ikkje godt nok» seier leiar i Skognæringa Kyst Jan Ivar Rødland.
Investeringsbehova i kystskogfylka er langt større
I framlegg til statsbudsjett for 2016 (kapittel 1149, post 71) føreslår regjeringa 43,675 millionar kroner til skogsvegar og tømmerkaier. Dette er om lag det same som i 2015, og etter det vi kjenner til kan vi rekne med at om lag halvparten også i 2016 vil gå til tømmerkaiar.
– «Bra, men ikkje godt nok» seier leiar i Skognæringa Kyst Jan Ivar Rødland. Og han viser til at skognæringa langs kysten har gjennom sitt fleirårige og prioriterte arbeid med infrastruktur dokumentert eit langt større behov for både skogsvegar og tømmerkaier og legg til: – «Infrastrukturprogrammet som vil bli lagt fram i Stjørdal 14. oktober set fokus på tømmertransporten frå stubbe til industri og vil bli eit viktig grunnlag for ei ekstraordinær satsing på infrastruktur framover»
Statsbudsjettet 2016 med positiv omtale av skogsvegar og tømmerkaier
I proposisjonen til Stortinget (Prop.1S) har infrastruktur fått mykje plass, og det er også vist til at regjeringa har lagt vekt på tilrådingar frå Skog22. Spesielt er det vist til at – «Endringar i avsetnaden og marknaden for tømmer og treprodukt dei siste åra, har gjort tilgangen til kai og sjøtransport viktig. Og ein tenleg kaistruktur langs kysten er avgjerande for å sikre kostnadseffektive leveranser av trevirke til foredlingsindustri i Noreg og produktflyt til marknader nasjonalt og internasjonalt»
Når det gjeld skogsvegar blir det m.a. omtala at mykje av den skogen som i dag er hogstmoden står langt fra veg eller i bratt og vanskeleg terreng, og at dette gjeld særleg i kystfylka. Spesielt er det vist til at kommunale hovudplanar for skogsvegar er eit godt verktøy for å vidareutvikle skogsvegnettet.
LUF-potten som i 2015
Stortinget har tidlegare i år godkjent 214 millionar kroner til skogbruk over jordbruksavtalen (LUF, kapittel 1150, post 50 i statsbudsjettet), dette er same sum som i 2015. Fordelinga av midlane vil bli gjort på eit drøftingsmøte i slutten av oktober, der skogbruket sine næringsorganisasjonar også blir inviterte til å delta. I fjor gjekk som kjent ca. 99 millionar kroner av LUF-potten til skogsvegar. I denne potten ligg som kjent ikkje midlar til tømmerkaiar.