Svært gledeleg av Kristeleg Folkeparti

Publisert 29.10.2015

Kristeleg Folkeparti vil betre rammevilkåra for skognæringa.

«I vårt alternative statsbudsjett for 2016 legg vi inn 25 millionar kroner ekstra til utbygging av tømmerkaiar» seier stortingsrepresentantane Line Henriette Hjemdal (Østfold) og Hans Fredrik Grøvan (Vest- Agder) til Kystskogbruket

Skognæringa Kyst overleverte nyleg Infrastrukturprogrammet til Kristeleg Folkeparti på Stortinget.
F.v. Alf Daniel Moen, Line Henriette Hjemdal, Hans Fredrik Grøvan, Jan Ivar Rødland og Knut Dreier.
Foto: Helge Kårstad

Kristeleg Folkeparti legg i sitt alternative statsbudsjett for 2016 inn 25 millionar kroner ekstra til utbygging av tømmerkaier.
Stortingsrepresentantane Line Henriette Hjemdal (Østfold) og Hans Fredrik Grøvan (Vest-Agder) uttalar til Kystskogbruket at dette er ei satsing for å bidra til ein redukjson av transportkostnader for tømmer og dermed styrkje skognæringa. – «Dette er viktig for skognæringa, for miljøet og ikkje minst er det ein god distrikts- og sysselsetjingseffekt i tiltaka» seier Hjemdal. Grøvan viser også til at Kristeleg Folkeparti er oppteken av å bidra til meir gods frå veg til bane og sjø, og legg til at nettopp tømmertransport sjøvegen er eit tiltak som betyr mykje i den samanheng.

Svært gledeleg seier Jan Ivar Rødland
Leiar i Skognæringa Kyst Jan Ivar Rødland rosar Kristeleg Folkeparti for si satsing på skognæringa og ved å fremje dette tillegget i statsbudsjettet.
– «Ja eg er imponert over politikarar som raskt tileignar seg godt dokumentert materiale frå skognæringa og viser slik handlekraft. Det er svært gledeleg at Kristeleg Folkeparti legg vekt på den store potensielle verdiskapinga etter skogreisinga langs kysten og som også er i samsvar med føresetnadane som er lagt i SKOG22» seier Rødland.

Eit godt dokumentert behov for betre infrastruktur
Som kjent har Skognæringa Kyst nyleg fått utarbeidd eit Infrastrukturprogram for perioden fram til 2040. Programmet viser at det må investerast betydeleg i skogsvegar, tømmerkaiar og utbetring av flaskehalsar for tømmertransporten på offentlege vegar, – sjå oppslag her dagsett 27.10.15.
På grunnlag av dette har Skognæringa Kyst oppmoda dei politiske partia på Stortinget til å fremje eit tillegg i statsbudsjettet 2016 over kapittel 1149, post 71 som gjeld infrastruktur i skogbruket på 40 millionar kroner.

Linkar
KrF sitt alternative statsbudsjett 2016 (tabellform)
http://www.krf.no/globalassets/vedlegg/budsjett/krf_alternativt-statsbudsjett-2016_tabeller.pdf

KrF sitt alternative statsbudsjett 2016 (pressehefte, sjå side 28)
http://www.krf.no/globalassets/vedlegg/budsjett/krfs-alternative-budsjett-2016_pressehefte.pdf

Skognæringa Kyst si oppmoding vedr. statsbudsjettet 2016 om å styrkje infrastrukturen i skognæringa, her