Med klave, måleband og prisliste
Publisert 20.11.2015
I sommar skreiv vi om Aida, Albert og Sivert som ville satse på skogutdanning ved VG2 studiet på Mære Landbruksskole. Nyleg møtte vi dei saman med resten av klassen uti skogen på Mære. «Den beste skulen som fins» seier elevane med sterk tru på skogbruket og skognæringa.
Tema er kapping av tømmer
Det er blitt haust når vi tek turen til Mære og skal besøkje studentane i VG2 på Mære Landbruksskole. Denne dagen er tema rett kapping av tømmer og øvelsane føregår i skogen til landbruksskulen. Lærar Hallstein Berre deler klassen inn i 2 lag, og oppgåva er å kappe eit tre for å få maksimalt utbyte i kroner. Det vil oftast dreie seg om 1 eller 2 sagstokkar i denne skogen predikerar Hallstein, og legg til at prisspenninga for tida er stor. Det skal difor mykje til før ein kappar ut massevirke eller dårlegaste kvalitet som er relativt dårleg betalt. For underteikna blir det ein god repetisjon i begrepa massevirke, skurtømmer, klave, måleband, prisliste, prisspenning, gankvist, føyre, råte, krok, og åringbreidde.
Vil bli mangemillionær og skogbrukar
Vi møter igjen Albert som har funne seg vel til rette og som etter VG2 vil gå vidare på VG3 (jordbruk) på Mære. Albert meiner Mære er den beste skulen som fins og legg til med eit smil at målet hans er «å bli mangemillionær». Men før det skjer, poengterar Albert at han vil prøve å få seg lærlingplass i ei eller annan verksemd i Nord-Trøndelag. Noko bestemt vil han ikkje ut med enno.
Aida derimot har planer om å gå på Evenstad eller Ås etter at ho er ferdig med VG2. Aida er einaste jente på VG2 studiet, men totalt på Mære utgjer jentene ca 50% av studentane.
Sivert som har hogge ein del tømmer før han kom til Mære, er fortsatt like bestemt på å satse vidare innafor skogbruket og ser fram til ein lærlingplass til neste år.
Prosjekt til fordjuping og utplassering i bedrifter
Faget “Prosjekt til fordjuping” på VG2 på Mære gjev mulegheit for å gå gå djupare i enkelte fag (matematikk, biologi eller kjemi) eller bli kjent med ulike yrker (utplassering) som krev denne type utdanning.
Det er to elever som har fordjuping i matematikk og kjemi, og to som har berre kjemi. Dei andre elevene er utplasserte og jobber i ulike bedrifter i regionen, m.a. skogsmaskinentreprenørar, maskinfirma og gardsbruk. Det er også enkelte av elevane som arbeider på verkstaden på Mære. «Utplassering kan være ein god inngang for å få en lærlingplass» seier Hallstein Berre.
Utplasseringsbedrifter i Mosvik og Steinkjer er svært nøgde
Jørgen Brustad og Anton Vist er elevar ved VG2 på Mære og utplassert ein dag i veka hos skogsmaskinentreprenørar. Dette er noko begge set svært stor pris på.
Jørgen er hos Mosvik Skogavvirkning. Svein Lassen i Mosvik Skogavvirkning har hatt fleire elevar på både utplasseing og som lærlingar og er også godt nøgd med denne ordinga.
Selskapet hans tel 3 tilsette og dei høgg kring 30 000 kubikkmeter i Verdal, Levanger og på Forsta. «Alt virket går til lokal industri i Trøndelag» seier Lassen som likevel gjerne hadde sett noko høgare tømmerprisar. Lassen starta opp som skogsentreprenør i 1984, og sier det er veldig bra at det er god rekruttering til yrket via Mære landbruksskole.
Anton er utplassert hos Einar Sjem i Steinkjer. Sjem som driv aleine i skogen set også stor pris på at elevar frå Mære vil ut i praksis. «Eg har også hatt lærlingar tidlegare, og ser det no slik at nokon må stille opp for at elevane skal kunne utvikle seg i yrket» poengerar Sjem. Han seier at Anton er ein svært driven tømmerhoggar, men såg gjerne at opplegget kunne vore organisert slik at elevane fekk fleire dagar i samanheng, – då ville opplegget gjerne bli endå betre.