Rekordstore løyvingar til infrastruktur i skogbruket for 2016
Publisert 10.12.2015
Aldri før har det vore større interesse for å betre infrastrukturen i skogbruket enn i dag.
Over Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett for 2016 ligg det ca. 170 millionar statlege kroner til utbygging av skogsvegar og tømmerkaier. Dette er ei tredobling samanlikna med nivået fram til 2012. «Det viser at Kystskogbruket sitt mangeårige sterke fokus på infrastruktur så langt har lukkast» seier leiar i Skognæringa Kyst Jan Ivar Rødland
Rekord for infrastruktur i 2016 ved hjelp av Kristeleg Folkeparti
I jordbruksavtalen for 2016 er det sett av 104 millionar kroner til skogsvegbygging (kapittel 1150, post 50), dette er ein auke på 3 millionar kroner samanlikna med 2015.
I framlegg til statsbudsjett for 2016 frå regjeringa (kapittel 1149, post 71) var det opphaveleg sett av 43,675 millionar kroner til infrastruktur, av dette er 20 millionar kroner føresett brukt til skogsvegar. Til utbygging av tømmerkaier var det såleis avsett 23,675 millionar kroner.
Kristeleg Folkeparti føreslo med støtte av Venstre ein auke på 22,5 millionar kroner øyremerka til tømmerkaiutbygging og dette vedtok Stortinget nyleg i det endelege statsbudsjettet for 2016.
Det betyr at det totalt er disponibelt 124 millionar kroner til skogsvegbygging i 2016. Noko i overkant av halvparten av dette (58% i 2015) vil venteleg gå til kystskogfylka. I tillegg er det disponibelt ca. 46 millionar kroner til tømmerkaiutbygging i Norge i 2016. Venteleg vil alt gå til tømmerkaiutbygging i kystskogfylka.
Totalt er det neste år disponibelt vel 170 millionar kroner til infrastruktur i skogbruket i Norge og over Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett. Dette er bortimot ei tredobling samanlikna med nivået fram til 2012.
Kystskogmeldinga (2008) la grunnlaget
I åra inntil 2012 var nivået på statleg støtte til skogsvegbygging i Norge kring 60 millionar kroner. Fleire forsøk frå ulikt hald på å få auka løyvingane hadde ikkje ført fram.
Kystskogmeldinga (2008) sette fokus på manglande infrastruktur i kystskogfylka, og i åra ettepå vart dette arbeidet prioritert i heile nettverket i Kystskogbruket. Hovudplanarbeidet for skogsvegar vart sterkare fokusert, og det vart utført eit omfattande planarbeid i ca. 150 kommunar. Og resultatet av dette arbeidet vart informert innad i næringa og til politikarar lokalt, på fylke og på Stortinget. Og dette gav resultat.
Revidert statsbudsjett 2012 var starten
I revidert statsbudsjett 2012 var det gitt eit ekstraløyving på 25 millionar kroner til tømmerkaier og 10 millionar kroner til vedlikehald av skogsbilvegar, dette som del av «tiltakspakka til treforedlingsindustrien». Og tilsvarande kom det 30 millionar kroner til tømmerkaiar og 30 millionar kroner til modernisering av skogsvegar i revidert statsbudsjett 2013, – også dette som del av ei tiltakspakke for skogbruket.
Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug har fronta skogbruket svært positivt
Men det var først i 2014 at det kom eit tillegg over ordinært statsbudsjett på 20 millionar kroner til bygging av nye skogsvegar og tilsvarande også ein auke over jordbruksavtalen (LUF potten) på 10 millionar kroner til same føremål. Same året vart det også løyvd 22,4 millionar kroner til utbygging av tømmerkaier.
Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug hadde sidan ho tiltrådde hausten 2013 ved fleire høve gjort det klart at ho ville satse på å støtte ei forsert utbygging av skogsvegar og tømmerkaier. Dette sa ho m.a. på eit møte i Møre og Romsdal i februar 2014 (sjå oppslag her 21.02.14). Og ho understreka heile tida at skognæringa er ei næring som «går på eigne bein», som har ein lang verdikjede med samla stor verdiskaping, som gir stor sysselsetjing og har store mulegheiter i framtida.
Kompetanse og planlegging blir viktig
Den auka satsinga på utbygging av infrastruktur stiller m.a store krav til kompetanse og planlegging.
Omsyn til miljø, den teknologiske utviklinga og ikkje minst omsyn til auka nedbørsmengder og mildare vintrar stiller stadig større krav eit godt resultat av vegbygginga, eit resultat som alle involverte kan godta. Ja i det vidare vil nok graden av gode resultat av infrastruktursatsinga vere mykje avhengig av fagleg god planlegging. Dette gjeld både tømmerkaier og skogsvegar. Likevel vil vi understreke at utfordringa er størst når det gjeld skogsvegar på grunn av ein eigedomstorleik som krev eigdomsoverbyggjande samarbeid (jamfør prosjektet «10 til 1»)
Skognæringa Kyst: Dette er svært viktig for industrien
«Auken i statlege løyvinga er svært gledeleg» seier Jan Ivar Rødland, leier i Skognæringa Kyst og presiserar: – «Det nyleg framlagde Infrastrukturprogrammet viser eit framtidig behov for å byggje totalt 3500 km nye skogsvegar og i tillegg ei prioritert utbygging/ utbetring av 26 tømmerkaier i kystskogfylka. Dersom desse måla skal oppnåast må det satsast sterkt vidare, og samtidig veit vi at det økonomiske omsetningspotensialet i heile verdikjeden i så fall kan firedoblast til ca. 60 milliardar kroner innan 2040». Rødland legg til at denne positive utviklinga også viser at Kystskogbruket sitt systematiske arbeid med å framskaffe dokumentert informasjon har vore svært viktig.
Adm.dir. i Moelven van Severen Knut Dreier sit også i styret i Skognæringa Kyst og seier følgjande:
– «Hovedutfordring for skognæringa i Trøndelag er å sikre skogindustrien mer lokalt tømmer. Bedring av infrastrukturen, inkl. bygging av skogsveier, utbedring av flaskehalser på offentlig veier og bygging av tømmerkaier, har derfor vært et prioritert satsingsområde for Skognæringa i Trøndelag. Effektiv logistikk er en forutsetning for fortsatt industri i Trøndelag. Tømmer er en råvare som representerer store volumer og krever spesialisert frakt”
Media
Det har vore mange oppslag kring dette tema i lokale og nasjonale aviser siste månadane.
Her kan du lese eit nyleg oppslag i Dagens Næringsliv.