Dagens klimautfordring krev et grønt skifte

Publisert 08.02.2016

Rogaland Skognæringsforum inviterer til ope årsmøte for alle interesserte onsdag 10. februar på Statens hus i Stavanger. Dagens klimautfordring krev et grønt skifte, og det er skog- og trenæringa i Rogaland klar for.

Rogaland Skognæringsforum invitasjon til ope årsmøte og seminar 10.februar 2016 kl. 17.00.
Stad: Møterom 1 på Statens hus i Lagårdsveien 44 i Stavanger.

Vi vil ha meir offentlege bygg i tre, betre infrastruktur for skogbruket, meir lokal verdiskaping og fleire arbeidsplassar knytta til dei grøne næringane våre. På seminar fvil dykk få vite meir og bli med oss inn i det grøne skiftet!, sier leiar i forumet Olaf Gjedrem.

Ordførere for tre er ein aksjon der ordførarane blir einige om å alltid vurdera kommunale og fylkeskommunale bygg i tre. På den måten kan vi få funksjonelle, klimavenlege bygg som skapar verdiar og arbeidsplassar lokalt. Aksjonen starta i Rakkestad kommune i 2015 og ordføraren der; Ellen Solbrække skal presentera aksjonen for oss.

Rekordstore beløp blir brukt på infrastrukturen i skogbruket i år, også til glede for andre næringar. Kystskogbruket har laga eit infrastrukturprogram som skal gå over dei neste 25 åra i kystfylkene, dette vil ha mykje å seie for Rogaland som er eit av dei fylka med dårlegast infrastruktur i dag.

Program
17.00 Velkommen ved leiar Olaf Gjedrem
17.15 Årsmøte
18.15 Mat og drikke
19.00 Fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal: Skog- og trenæringa inn i det grøne skiftet
19.15 Ellen Solbrække: Ordførere for tre – kommunale og fylkeskommunale bygg i tre
20.00 Helge Kårstad: Kva skal vi gjere for å følgje opp infrastrukturprogrammet i Rogaland?
20.20 Mikal Nordbø: Riska sagbruk – eit døme på lokal verdiskaping

Påmelding innan 8. februar til Gerd@Skogselskapet.no. Send gjerne invitasjonen vidare til andre som kan vere interessert.