Mange tømmerkaier under utbygging
Publisert 08.02.2016
Det er for tida “full guffe” kring tømmerkaiutbygging. Ja vi kan kanskje sjå fram til heile 5 kaiopningar dette året. Sidan 2012 har staten løyvd ca. 146 millionar kroner til tømmerkaiutbygging i Norge og finansierar inntil 80 % av kostnaden.
Brei politisk støtte til tømmerkaiutbygging
Sintef-rapporten (2011) og Infrastrukturprogremmet (2015) har dokumentert det store og viktige behovet for tømmerkaier. Reduksjon av transportkostnader for skogsvirket er sentralt. Dette har også vore del av ein nasjonal politikk for å få meir av tungtrafikken frå veg til bane og sjø.
Pr. i dag blir det frakta ca. 1 million kubikkmeter med tømmer til norsk og utanlandsk skogindustri med skip. Dette tilsvarar ca. 2500 vogntog. Om ein stilte dei etter kvarandre vil dei fylle heile veglina frå Bergen til Oslo. I tillegg til reduserte transnportkostnader, utgjer denne skipstrafikken ein svært miljømessig vinst og bidreg også til færre vogntog på vegane.
Det er både gledeleg og heller ingen tvil om at dagens regjering med samarbeidspartia og stortingsfleirtalet hittil har støtta ein betring av infrastrukturen for skogbruket.
Opning av tømmerkaien i Lindås og i Vindafjord til sommaren
5 tømmerkaier er ferdigstilt dei siste 3 åra, dette gjeld Tysfjord, Mosjøen, Molde, Skodje og Kaupanger. Fire tømmerkaier er pr. i dag i anbodsfasen og det er venta snarleg oppstart, dette gjeld Lenvik, Namsos, Surnadal og Eikefjord. Og til slutt pågår det anleggsarbeid på Eidsnes i Lindås og i Vindafjord. Opning ved desse to relativt store anlegga er venta til sommaren. Det er også venta opning av inntil 3 tømmerkaiar til hausten.
Årests løyving på 46 millionar kroner er rekordstor. Det er stor interesse for å søkje om statstilskot som vanlegvis har søknadsfrist på vårparten. Sjekk nettsida til Landbruksdirektoratet om søknadsfrist denne våren.