Tømmerkaien i Surnadal i rute
Publisert 23.03.2016
Industrikaia ved Surnadal Havn er under utbygging. Surnadal kommune fekk i 2016 statleg tilskot til å forsterke og sikre eit bakareal for å rasjonalisere tømmerleveringa over kaia. Kommunalsjef Karin Halle i Surnadal kommune seier at arbeidet har gått svært greit og vil bli ferdigstilt i august
Opning av kaia kanskje i august
Surnadal kommune fekk i oktober 2016 ei statleg løyving på inntil kr 4,246 millionar kroner for forsterke, asfaltere og sikre eit bakareal med føremål tømmerlevering over Industrikaia. Dette arealet er totalt 13 dekar, det ligg rett bak kaia og vil effektivisere lessing av tømmer til båt ved hjelp av hjullaster. Bruk av hjullaster er ei løysing som har fungert svært bra ved dei andre større tømmerkaiane i Møre og Romsdal (Ørsta, Håhjem og Malo). I tillegg til arbeidet ved bakarealet skal det også mudrast framfor kaifronten for å oppnå tilstrekkeleg djupne.
Surnadal Havn er viktig for å fremje ein effektiv transport av tømmer fra kommunane Halsa, Rindal, Surnadal og deler av Sunndal og Aure hovudsakleg inn til industrien i Trøndelag. Tømmervolumet over hamna ligg i dag på 30.000 m3 og det er skissert i søknaden frå kommunen at dette vil auke til kring 55.000 m3 i åra som kjem.
Kommunalsjef i Surnadal Karin Halle seier at anleggsarbeidet etter planen vil bli ferdigstilt i august og at dette vil bli markert ved ei offisiell opning.
Tinglyst bruksavtale sikrar skogeigarane
Løyvinga over Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett inneber at kommunen må tinglyse ein bruksrett som sikrar skogeigarane i regionen ein framtidig rett til å bruke kaia for utskiping av tømmer. Samtidig skal det gå fram av denne bruksrettavtalen at skogeigarane (eller dei som omset tømmer for skogeigarane, eks. Allskog, SB-skog eller Nortømmer) skal betale ei kaileige som er i samsvar med at det er gitt statleg tilskot til dette føremålet.
Også fotowebstasjon i Surnadal
Fotomåling av tømmer er stadig blitt meir aktuelt i Norge. Sjå m.a. oppslag her dagsett 17.11.14.
Regionleder i Norsk Virkesmåling Frode Nossum fortel at det nyleg er bestemt at det også skal etablerast fotowebstasjon i ved hamna i Surnadal. Arbeidet vil bli utført i tilknyting til det andre arbeidet som no føregår for å utbetre bakarealet. Nossum fortel at alle som omset tømmer og skal bruke tømmerkaia vil få like vilkår ved bruk av fotowebben. Bak investeringa står Allskog og Norsk Virkesmåling.
Frå før er det etablert fotowebstasjon ved hamna i Mo i Rana, Mosjøen og Orkanger. Det er også fototweb ved industrianlegga på Follafoss og Skogn.
Totalt er det no 15 aktive fotowebstasjonar i regi av Norsk Virkesmåling i Norge. Innmålt kvantum over fotoweb var 2,2, millionar kubikkmeter i 2015.