Startskot for klimaskogplanting i Rogaland
Publisert 19.05.2016
Onsdag 18. mai gjekk startskotet for planting av 3000 mål klimaskog i Bjerkreim kommune i Rogaland.
Rogaland er, saman med Nordland og Nord-Trøndelag, deltakarfylke i den nasjonale treårige pilotfasen «planting av skog på nye areal som klimatiltak». Satsinga er eit resultat av Stortinget sitt klimaforlik i 2012.
Prosjektet inneber eit samarbeid mellom ulike interessegrupper innan skognæring, naturmangfald og klima, og er ei sjeldan tverrsektoriell satsing som involverer Landbruks- og matdepartemenet, Klima- og miljødepartementet, Landbruksdirektoratet, Miljødirektoratet, Fylkesmannen, fylkeskommunen og kommunane.
NRK Rogaland presenterte i går denne fina saka på sendinga si, sjå klipp: 6 Skogplanting
Prosjektleiar er forstkandidat Ingeborg Anker-Rasch, Stillinga hennar ligg hos Fylkesamnnen i Rogaland.
Meir informasjon om klimaskogplanting finn du her, på heimesida til Miljødiretoratet.
Ordføraren i Bjerkreim kommune, Torbjørn Ognedal, deltok også med plantespettet under plantinga.