Ørsta og Mandal prioriterte

Publisert 06.06.2016

Ørsta kommune og Mandal Havn KF er inviterte til å utarbeide fullstendig søknad om tilskot til utbygging av tømmerkaiar. Desse har tilsaman eit totalt investeringsbehov på ca. 87 millionar kroner. Sterk auke i hogsten etter skogreisinga gjev eit framtidig årleg tømmerkvantum for sjøtransport over desse kaiane på bortimot 300 000 kubikkmeter og ein tilsvarande årleg innsparing i transportkostnader frå 2,5 til 5 millionar kroner.

I dette området er Ørstaterminalen planlagt forlenga med 85 meter ny kaifront.
Foto: Helge Kårstad

Skisse for Strømsvika i Mandal, – ny planlagt fleirbrukshamn der utbygging for tømmerkaia no kan bli første steget.

I kommunane Mandal og Ørsta ligg to viktige sjøterminalar i kystskogfylka. Desse er no inviterte til å utarbeide fullstendig søknad om statstilskot tor utbygging innen 15. september 2016. I tillegg har tømmerkaiane i Herre i Bamble og Søndenåneset i Vindafjord  fått tilsagn om ei ekstraløyving på tilsaman 5 millionar kroner. Kiskaia i Namsos er bede om å sende inn ein meir spesifisert tilleggssøknad til Landbruksdirektoratet.

Kristeleg Folkeparti
Med god hjelp av Kristeleg Folkeparti vart framlegget frå regjeringa om statstilskot til tømmerkaiar dobla til ca. 46 millionar kroner under stortingshandsaminga av statsbudsjettet hausten 2015.
Totalt mottok Landbruksdirektoratet 13 søknader innan fristen som var 10. april dette året.

Store årleg innsparingar i transportkostnader
Mandal Havn KF og kommunene Mandal, Marnardal, Åseral, Lindesnes og Audnedal ynskjer å bygge ny tømmerkai i Strømsvika, like utanfor Mandal sentrum. Relativt store tømmerkvantum (tilsaman ca. 130 000 kubikkmeter) blir i dag skipa over hamner i Mandal og omkringliggande områder. Det er venta at mykje av dette tømmeret i framtida vil gå over den nye kaia i Strømsvika. Men hogsten er aukande, og i ei støtteerklæring til søknaden frå Vest-Agder Skog- og Trenæringsforum går det fram at dette kvantumet venteleg vil stige til ca. 230 000 kubikkmeter fram til 2040. Ei innsparing i transport- og logistikkkostnader på minst 15 kroner pr. kubikkmeter vil gi ein årleg vinst på frå 2 til 3,5 millionar kroner. Dette er viktig for skogeigaren og viktig for skogindustrien.

Ørsta kommune er eigar av Ørstaterminalen og ynskjer å bygge den ut (forlenge den med 85 meter) for å kunne ta mot dei aukande tømmermengdene etter skogreisinga i  kommunane Ørsta og Volda. Omsett kvantum over kaia i 2015 på ca. 35 000 kubikkmeter er venta å auke til kring 45 000 kubikkmeter fram til 2040. Ei innsparing i transport- og logistikkostnadane som i Mandal vil også her bli relativt stor og gi ein tilsvarande årleg auke til kring ein million kroner. I Ørsta sitt tilfelle vil det faktisk bety eit “vere eller ikkje vere” for skogbruket. Utan ei kailøysing som no er planlagt i Ørsta, vil det bli vanskeleg å finne tilsvarande eigna stad.


Les også reportasje i Møre Nytt her:
Les nyheita på Landbruksdirektoratet si side i denne linken : https://www.slf.dep.no/no/eiendom-og-skog/infrastruktur/tommerkaier/inviterer-to-nye-t%C3%B8mmerkaier-til-%C3%A5-s%C3%B8ke-midler-i-2016