Til kamp mot kippkøyringa
Publisert 18.08.2016
Bør skognæringa i kystskogfylka søkje om å endre føreskrift som opnar for dispensasjon for tømmertransport på offentlege vegar ? Dette var tema då transportørar, skogeigarar, omsetjarar av tømmer, forvaltarar og politikarar var samla i Bergen i går. Og svaret var eintyding: Kippkøyringa kostar mykje pengar og slik unødig køyring er lite miljøvenleg. «Noko må raskt gjerast for å få bukt med kippkøyringa av tømmer” sa Jan Ivar Rødland, leiar i Skognæringa Kyst
Uro over kippkøyringa av tømmer
Skognæringa Kyst gjennomførte våren 2016 møter i kystskogfylka med tema «Gjennomføring av Infrastrukturprogrammet».
Oppskriving av veglister og opprusting av offentlege vegar var sentralt. Samtidig vart det uttrykt stor uro kring den store delen av tømmer som blir kippkøyrt. Kippkøyring betyr at transportøren må setje igjen tilhengaren ein stad langs ein offentleg veg og deretter køyre fleire lass med enkel bil frå skogen og fram til hengaren. Dette kostar pengar og slik unødig køyring er i tillegg lite miljøvenleg. Spesielt vart det i fleire fylker stilt spørsmål om kvifor det ikkje er høve til å søkje dispenasjon for tømmertransport frå gjeldane vegklasse på offentlege vegar. Ikkje som ei «sovepute» for manglande oppskriving, men som eit vesentleg supplement der det vil ta opptil fleire 10-år før permanent opprusting/ oppskriving kan føretakast.
Høyringsuttaler og mediaoppslag
Den fylkeskommunale styringsgruppa for Kystskogbruket skriv i sin høyringsuttale til Nasjonal transportplan for 2018-29 (dagsett 30. juni 2016) at «Det må åpnes for å gi en tidsbegrenset dispensasjon for transport av tømmer på offentlige veier med nedsatt bruksklasse, jfr. Direktiv 96/53/EF». Likeeins har Heidi Bjerga (SV Rogaland) fremja framlegg om tilsvarande for fylketinget i Rogaland. Dette framlegget vart einstemmig vedteke like før sommarferien. Det har også vore fleire mediaoppslag i lokalaviser kring dette tema siste året, seinast i kommunane Lindås og Radøy no i ferien
Det vidare arbeidet må vere kunnskapsbasert
M.a dette var grunnen til at Skognæringa Kyst inviterte til arbeidsmøte kring kippkøyring/ dispensasjon i Bergen i går.
Det var ei særdeles aktiv forsamling av transportørar av tømmer, skogeigarar, omsetjarar av tømmer, forvaltarar og politikarar som konkluderte med at dette tema er viktig og noko må gjerast, og det fort.
Det kom fleire gode innspel for ei eventuell løysing, delvis innafor eksisterande ordningar i veglistene eller som ein separat dispensasjon for tømmertransport. Skognæringa Kyst vil koordinere det vidare arbeidet. «Arbeidet må vere kunnskapsbasert og vi må vi snarast finne ei løysing som kan redusere den relativt store delen kippkøyring i fleire av kystskogfylka. Kippkøyringa er ødeleggjande for økonomien i dei enkelete skogsdrifter, men også for haldninga til heile skogbruket» sa m.a. Jan Ivar Rødland, leiar i Skognæringa Kyst.