Trond Mohn ny storaksjonær i Vestlandske Limtre Industri AS
Publisert 16.12.2016
Næringslivsleiar Trond Mohn blir ny storaksjonær i Vestlandske Limtreindustri AS. Mohn sier i ei pressemelding at han vil medverke til ei vidare utvikling av skogindustriføretaket i Fusa sør for Bergen. Med si svært solide industrielle erfaring vil Mohn kunne tilføre oss mykje, sier dagleg leiar i limtrefrabrikken Gunnar Utskot.

Hovudaksjonærane Wing Wah Hui (t.v) og Trond Mohn saman med dagleg leiar Gunnar Utskot (t.h) ser lyst på framtida for limtrefabrikken i Fusa.
Vil tilføre fabrikken industriell erfaring
Trond Mohn er ein norsk næringslivsleiar frå Bergen som venteleg er kjent for dei fleste. Han er også ein stor bidragsytar til norsk idrettsliv og forsking.
Nyleg har Mohn kjøpt 45% av aksjane i Vestlandske Limtreindustri AS i Fusa i Hordaland. Saman med dei andre eigarane Wing Wah Hui (45%), Modgunn Odland (5%) og Jan Laupsa (5%) ser dei fram til å vidareutvikle bedrifta monaleg framover. Mohn har også uttrykt at han ser det som viktig å styrkje norske arbeidsplassar. – «Vi er svært glade for dette og meiner Mohn vil tilføre oss mykje innan strategisk tenking og industriell erfaring» seier dagleg leiar Gunnar Utskot.
Helge Ådland starta fabrikken i 1975
Det var Helge Ådland som starta Vestlandske Limtreindustri i Fusa i 1975. Den gongen var det ingen limtrefabrikk på Vestlandet. Under utdanninga ved NTH i Trondheim deltok Ådland på ein studietur til Orkla Treindustri, og det var der kimen til fabrikken heime i Fusa vart sådd. Etter endt utdanning i 1972 starta han opp arbeidet med å få etablert fabrikken. Ådland fortel at starten var tung, men etterkvart gjekk det svært bra. Han selde seg ut i 1995.
Vi kjem tilbake med ein eigen reportasje om Ådland som i dag utviklar eit nytt spennande bygningsprodukt.

Vestlandske Limtreindustri nyttar norsk gran. Materialane er sortert etter reglar fastsett av Norsk Limtrekontroll. I dag vert limtre nytta til praktisk talt alle berande konstruksjonar, frå eineboligar til fleiretasje bygg, hallar, sportsarenaer og vegbruer. Limtre er sterkare enn stål sett i høve til vekta.
Breiare varespekter og pakkeløysingar
Vestlandske Limtreindustri AS tel i dag 26 tilsette og 3-4 faste sjåførar på transport. Dei siste 5 åra har verksemda omsett for i underkant av 50 millionar kroner. Selskapet har eit breitt kundespekter på limtrekonstruksjonar, takstolar og I-bjelkar i heile kystskogbruket sitt område, dvs. frå Rogaland i sør til Finnmark i nord.
Dagleg leiar Gunnar Utskot fortel at sjøtransporten er ei føremon, som også gjer at dei kan operere med relativt kort leveringstid samanlikna med konkurrentane. Bedrifta er gjeldsfri og i god posisjon for vidare utvikling. – «Slik sett er det god timing med ein ny eigar som ynskjer å medverke til utvikling av nye produkt» seier Utskot. Det føreligg allereie konkrete planer som m.a. inneber eit breiare spekter, større grad av foredling og pakkeløysingar av bygningsartiklar.
Les meir om Vestlandske Limtreindustri AS: http://www.vlimtre.no/
Les og oppslag på denne nettsida 10.05.12: http://www.kystskogbruket.no/artikkel.cfm?ID_art=175

Vestlandske Limtreindustri AS vart starta opp her i Holmefjord i Fusa i 1975 av Helge Ådland. Dagleg leiar Gunnar Utskot seier at Trond Mohn si solide industrielle erfaring utvilsomt vil tilføre verksemda mykje og vil få positiv verknad for arbeidsplassane i bedrifta.