Finansministeren opnar Eikefjord tømmerkai
Publisert 03.04.2017
Finansminister Siv Jensen vil opne Eikefjord Tømmerkai i Sogn og Fjordane 29. mai. Etter planen vil også landbruks- og matminister Jon Georg Dale delta. Dette er meir enn gledeleg. Alle interesserte vil bli inviterte, og vi skal lage ein skikkeleg fest på kaien denne dagen seier Gunnvar Seljeseth i Flora Skogeigarlag.
Mandag 29. mai vil finansminister Siv Jensen opne Eikefjord Tømmerkai. Det er første gong at ein norsk finansminister vitjar skognæringa i Sogn og Fjordane. Det er neppe tilfeldig at landbruks- og matminister Jon Georg Dale også vil delta. Dale har vist seg å vere ein svært handlingsretta og positiv minister for skognæringa og har auka både løyvingane til skogsvegar og tømmerkaiar. I 2017 er det løyvd rekordstore 75 millionar kroner berre til utbygging av tømmerkaiar. Hittil er det løyvd ca. 220 millionar kroner til tømmerkaiar i Norge, i all hovudsak frå noverande regjering. Kring 15 anlegg har fått løyving, og det muleggjer ein effektiv sjøtransport av skogsvirke. Mange stader er dette einaste transportåre for å drive eit skogbruk. I tillegg gjev investeringane ei innsparing i logistikk- og terminalkostnader frå mellom 15 og 50 kroner pr. kubikkmeter, totalt årleg inntil 50 millionar kroner. At transporten i tillegg er svært miljøvenleg viser kor viktig denne type inverstering er.
Finansministeren er fram til å møte skognæringa
Finansminister Siv Jensen seier til Kystskogbruket at ho ser fram til å møte skognæringa 29. mai, opne tømmerkaien og markere regjeringa si satsing på ein betre infrastruktur i norsk skogbruk.
– “Det er difor svært gledeleg at både finans- og landbruksministeren kjem hit og vi kan love mykje folk og god stemning på kaia denne dagen” seier Gunnvar Seljeseth i Flora Skogeigarlag. – “Vi vil prøve å gi ei klar tilbakemelding til begge ministrane. Denne satsinga er både etterlengta og særdeles viktig for skogbruk og skogindustri i heile landet. Det er ikkje minst noko som folk her ute i distrikta set svært pris på” legg Seljeseth til.
Kaifront frå 52 til 100 meter
Flora Skogeigarlag fekk hausten 2015 tilsagn om tilskot på inntil 14,5 mill. kroner til utbygging av Eikefjord tømmerkai. Totale kalkulerte investeringskostnadar var i utgangspunktet ca. 18,4 mill. kroner. Eksisterande kaifront skal utvidast frå 52 til 100 meter. Kaifronten må flyttast lenger frå land enn den er i dag, og det skal mudrast i austenden av kaia for å oppnå tilstrekkeleg djupne langs heile den nye kaifronten. Vegen inn til kaianlegget skal utvidast, veg og lagerareal skal asfalterast. Arbeidet starta opp sommaren 2016 og vil vere ferdig kring 1. mai.
Kuttar logistikk- og terminalkostnader
Utskiping av tømmer fra Eikefjorden er viktig for skogbruket i regionen. Store tømmervolum blir hogstmodne i kaien sitt dekningsområde i åra framover. Tømmervolumet har allereie auka mykje. På sikt vil det gå 75.000 kubikkmeter tømmer over kaien. Dette tilsvarar ei dobling av kvantumet som hittil og årleg har gått over kaien. Tømmeret vil kome frå kommunane Flora, Naustdal, Førde og delar av Jølster, Bremanger og Gloppen og gi ei årleg og total innsparing i logistikk- og terminalkostnader inntil 2 millionar kroner.
Denne regjeringa med særleg støtte av KrF har bidrege til at det er rekordstore investeringar i infrastruktur i skogbruket i Norge. Sidan 2013 vil det i løpet av 2017 vere ferdigstilt eller oppstarta investeringar kring 300 millionar kroner ved totalt ca 15 tømmerkaiar langs norskekysten, dei fleste i kystskogfylka. Dette gir årleg etterlenta og store innsparingar i logistikk- og terminalkostnader for skogsvirket.