Full fart på skogsvegbygginga

Publisert 18.04.2017

Skogsvegbygging er POP for tida. Dette krev samarbeid over eigedomsgrenser, profesjonelle planleggarar med mykje fagkunnskap og ein god porsjon psykologisk innsikt.

Oddbjørn Helland, Asle Lyslo og Tormod Jacobsen planlegg skogsvegar i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og har følgjane melding: «Skogeigarane vil gjerne byggje nye skogsbilvegar, ventelistene er lange og vi treng raskt auka statlege tilskot”.

Røynde skogsvegplanleggarar inspiserar Råtastølvegen hos skogeigar og vegformann Knut Geitle (t.h) på Voss. Frå venstre Asle Lyslo, Oddbjørn Helland og Tormod Jacobsen. I bakgrunnen Vangsvatnet.
Alle foto: Helge Kårstad

Skognæringa Kyst sitt innspel til statsbudsjettet 2018
Løyvinga til skogsvegar i 2017 vart totalt 135 millionar kroner. Skognæringa Kyst ynskjer i sitt innspel til statsbudsjettet 2018 ein auke på 50 millionar kroner. Tilskot til skogsvegar har siste åra delvis lege i Jordbruksavtalen (kap. 1150) og delvis i ordinært statsbudsjett (kap. 1149, post 71). Jordbruksforhandlingane for 2018 står for døra, og det er å håpe på at ramma til skogbruk (der altså deler av løyvingane til skogvegar ligg) kan aukast.

Størst trong for nyanlegg av skogsvegar
Av kystskogfylka er det Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane som har størst trong for auka skogsvegmidlar, totalt ein auke på 26 millionar kroner (frå 22 millionar kroner som pr. i dag er løyvd for 2017).
Fylkesskogmeistrane i desse tre fylka har nyleg dokumentert tala, og understrekar at dei er svært nøgde med det felles samarbeidet kring skogsvegplanlgging i desse fylka.
Tala er også heilt i tråd med resultata av hovudplanarabeidet, der nettopp desse fylka viste relativt størst trong for nyanlegg av skogsvegar, inntil ei 4 – dobling av skogsvegbygginga jamført med aktivitet inntil 2012 og i 20 år framover.

Profesjonelle skogsveiplanleggarar
Rett før påske møtte vi veiplanleggarane Oddbjørn Helland, Asle Lyslo og Tormod Jacobsen hos skogeigarane på eit felles veganlegg på Nesthus på Voss (sjå «eit stjerneeksempel» under). Alle er tilsett i Skogselskapet i Bergen og Hordaland og kvalifiserte som «profesjonelle» skogsvegplanleggarar etter ei godkjenningsordning som nyleg er etablert i regi av Landbruksdirektoratet og Skogkurs. Sjølv om dei er tilsett i skogselskapet i Hordaland er det etablert eit økonomisk og organisatorisk samarbeid mellom Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane.
– «I prinsippet ser vi bort frå fylkesgrenser og jobbar der det er etterspørsel» –  seier Oddbjørn. Men understrekar at oppdraga blir prioritert i høve til det kvart fylke investerer i vegprosjektet, og timetal pr.fylke må samsvare med løyvingane frå fylka. For tida er Asle mest i Sogn og Fjordane, Tormod jobbar både i Hordaland, Sogn og Fjordane og Oddbjørn tek oppdrag i Rogaland og Hordaland.

Produktive skoglier på sørsida av Vangsvatnet på Voss. Stripeforma eigedomar frå botn til topp i liane krev samarbeid over eigedomsgrenser for å få gode skogsvegløysingar. Arbeidet stiller store faglege krav til vegplanleggaren . I tillegg må planleggaren ha store kunnskapar om frivilleg prosessarbeid, tolmod og ein god prosjon psykologisk innsikt. Råstølvegen i forkant er eit stjerneeksempel der alle har medverka til samarbeidd og anlegget er utført på rekordtid.

Ikkje alltid frittalande med naboen
Det svært mykje arbeid for å få fram gode felles vegløysingar understrekar alle tre.
– Vi kjem inn i ein tidleg fase og har på mange vis ein pådrivar rolle for å få til eit samarbeid mellom skogeigarar som elles kanskje ikkje har så mykje kontakt. Rolla krev gode faglege kunnskapar, ein god porsjon tålmod og så lyt vi også vere litt psykolog» –  seier Tormod.
– «Ja du veit det er ikkje slik at skogeigaren nødvendigvis er så frittalande med naboen» –  legg Asle til og minner om at rikeleg med kaffi kan vere nødvendig når dei brukar timar og dagar for å få fram dei beste felles frivillege vegløysingane. Jordskifte er også eit godt verktøy som dei tilrår i ein del tilfeller.

Tilskot eller skogfond.
Både statstilskot og skogfond er pengar som skogeigar kan setje inn i skogsvegbygging framfor at staten beheld dei/ krev dei inn.
I skogreisisngsfylka er skogbruket enno i ein tidleg fase, og ikkje alle partar i ein skogsveg har hoggande skog. Difor er statstilskot eit svært godt alternativ. Samanlikna med Austlandet der skogeigarane nokså konsekvent kan nytte både statstilskot og skogfond, burde vilkåra for reint tilskot bli betre i skogreisingsfylka. Ja det burde opnast for både 70 og 80 % tilskot i enkelte tilfeller der skogfond ikkje kan nyttast seier Tormod. Han har stor forståing for at enkelte skogeigarar ikkje vil delta i eit felles skogsveganlegg fordi dei har for ung skog. – «Men diverre kan heile samarbeidet for ei elles svært god vegløysing med mykje hoggande skog ryke» –  seier Tormod og oppmodar fylkesmennene i kystskogfylka å vurdere dette på nytt.

Skogreisinga gjev gode resultat som her på Nesthus. Moelven Granvin Bruk gjev svært gode tilbakemeldingar på skogreisingagran (som i dette tilfelle) og særleg Hartz proiveniensar. Det hastar med vegbygging mange stader. Men gode samarbeidsløysingar inkluderar også skogeigarar som ikkje har hoggande skog og som ikkje kan nytte skogfond. – “Slike skogeigarar må få høve til å ta ut meir statstilskot” – sier Tormod Jacobsen (t.h), ein av dei mest erfarne områdevis vegplanleggarar i Norge.

Råtastølvegen på Voss – eit stjerneeksempel
I 2012 fekk Oddbjørn i oppdrag å finne ei skogsvegløysing for eigedomane på Nesthus som ligg på sørsida av Vangsvatnet på Voss. Resultatet vart ca. 1800 meter skogsbilveg kalla Råtastølvegen. Oddbjørn fortel at dette er eit av hans raskaste prosjekt fordi vegen vart godkjent ferdig i 2016, – dvs ei total plan- og byggetid på berre 5 år. Med andre ord eit stjerneeksempel der alle samarbeider. Av og til vil det ta dobbel så lang tid å få gjennomføret større samarbeidsprosjekt.
Anlegget er klassifisert som ein klasse 4 skogsbilveg. Stigningen er maksimalt 17% og er såleis ein
sommarbilveg. Vegen er stort sett lagt i skjering av sprengd fyllitt og kostnad er kring 1100 kroner pr. meter. (eksl.mva.) Vegen løyser ut kring 800 dekar produktivt skogareal med ca. 14 000 kubikkmeter granskog i hogstklasse 4 og 5. Det er svært gode produksjonsvilkår i området, og vi må rekne med ein årleg produksjon bortimot 1000 kubikkmeter.

Råtastølsvegen er er eit svært godt produkt både teknisk og organisatorisk. Vegformann Knut Geitle legg likevel ikkje skjul på at profesjonelle vegplanleggarar og i dette tilfelle Oddbjørn Helland har vore heilt avgjerande for å få eit slikt godt resultat.

Kunne ikkje drive i skogen utan veg
Vegformann Knut Geitle representerar skogeigarane Astri Berg, Ronny Mortensen og Kristi Nesthus. Sauehald, foringsdyr og grasproduksjon er driftsformene på desse gardsbruka, som også har relativt mykje skog som er planta under skogreisinga. – Men skogen kunne vi ikkje drive utan veg» –  sier Knut og legg til at det under heile prosessen med vegbygginga har vore eit svært godt samarbeid. Og presiserar at det gjeld skogeigarane, kommunen, fylke og ikkje minst anleggs- og skogsdriftentreprenørane. Og legg til at Oddbjørn har vore heilt sentral og viktig for prosessen frå a til å. Anlegget vart tidleg registrert som eit SA og dette har også fungert svært godt. Vi har allereie hogge ein del skog, sett av maksimalt skogfond og alt blir planta etter hogst. Det beste tømmeret har gått til sagbruket i Granvin (avstand ca. 2 mil) og har vist seg å ha svært god kvalitet.
Geitle rosar også Vestskog som har organisert hogsten, som i dette tilfelle hadde bestilt både hjulgåande hogstmaskin og taubane. – «Dette synte seg å vere svært effektivt og hogstfelta ser i dag svært «fine» ut» avsluttar Geitle.

Hovudplanarbeidet i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane viser (pr. 2015) trong for ca. 1400 km nye skogsbilvegar. Ein del av dette må byggast i Voss kommune. I bakgrunnen Vossevangen med dei svært kvantumsrike granfelta under Hanguren og Bavallen. – “Skogsvegane i kystskogfylka MÅ byggjast FØR skogen blir hogge” – understrekar vegplanleggarane Asle, Oddbjørn og Tormod.