Dobling i bratt terreng
Publisert 12.06.2017
Allskog, Vestskog, SB Skog og Nortømmer seier at skogeigarane i kystskogfylka venteleg vil doble hogsten i bratt terreng i neste tiårs periode. Bakgrunnen er at stadig meir av den skogreiste skogen blir hogstmoden og mykje av den står i bratt skogsterreng. God planlegging og gode vegløysingar saman med eigna og effektivt taubaneutstyr blir sentralt.
Auka fokus på infrastruktur
Det er auka fokus på betre infrastruktur i skogbruket. Regjerninga har etterkome Kystskogbruket sine ynskjer om sterkare statleg medverknad for å betre infrastrukturen og dermed redusere transportkostnadane. Statlege løyvinga til skogsvegar og tømmerkaiar har auka mykje siste åra. Samtidig har det vore utført ein god del arbeid for å fjerne flaskehalsar for tømmertransporen på offentlege vegar ved å skrive opp lovleg vogntoglengde og bruksklasse, særleg på fylkes- og riksvegar.
Kvar står vi så idag ?
Fullføring av tømmerkaiutbygginga blir viktig, dette vil venteleg ta nokre år. Utbygging av skogsvegar er i god rute, men vil ta 10 -15 år før det er gjennomført. To store utfordringar treng raskt auka fokus i kystskogfylka, dvs. flaskehalsar for tømmertransporten på kommunale vegar og skogsdrift i bratt terreng.
Samling i Bergen
I eit møte med Landbruksdirektoratet på nyåret fekk Allskog i oppdrag å lage ei regionvis oversikt over framtidige taubanedrifter uavhengig av fylkesgrensene. Kystskogbruket fekk deretter spørsmål om å samordne arbeidet og trekke inn alle kystskogfylka. Det vart deretter invitert til eit felles møte i Bergen der representantar frå Allskog, Vestskog, SB Skog og Nortømmer saman med leiaren i fylkesmannsgruppa i Kystskogbruket var invitert. Gruppa har utforma eit notat sjå under) med ei tilråding som er oversendt Landbruksdirektoratet.
Dobling av hogsten i bratt skogterreng
Ein av konklusjonane frå gruppa er at skogeigarane i kystskogfylka venteleg vil doble hogsten i bratt tetteng i neste tiårs periode. Bakgrunnen er dokumenterte data som viser at inntil 40% av det produktive skogarealet i fleire av kystskogfylka har ei helling på minst 50 % og bør avvirkast ved hjelp av taubaner. Stadig meir av skogreisingskogen i dette bratte skogterrenget blir hogstmoden, og skogeigarane vil gjerne hogge skogen.
Tilskotsramma for taubanedrift og eit fast årleg møte
Gruppa har også sagt at bruken og forvaltninga av driftstilskotet i bratt terreng bør justerast ein del. M.a. vil auka hogst i bratt terreng føre til at den nasjonale ramma for driftstilskot må aukast noko. Samtidig bør tilskotet primært gå til skogsdrift med taubane og det bør vere mest mogeleg same satsar for same type skog i alle fylka. Taubanemiljøet er lite og det er viktig å oppretthalde dette miljøet. Difor føreslår gruppa å innføre eit fast årleg møte i kystskogfylka kring 1. november for betre å samordne planar for skogsdrift i bratt terreng i året som kjem og mest mogeleg uavhengig av fylkesgrenser.
Planlegging og miljø
Skogsdrift i bratt terreng er krevande og dei økonomiske marginane kan vere relativt små. Dette medfører stor trong for god planlegging av vegløysingar i taubaneliene, standplasser, lunneplasser og snuplassar. Landbruksdirektoratet har i samråd med næringa og Skogkurs nyleg medverka til å få på plass ei ordning med profesjonelle vegplanleggarar. Gruppa meiner at ein profesjonell vegplanleggar skal blir gjort kjent med planane for taubanedrift før drifta blir førehandsgodkjent i samband med bruk av statstilskot.
Til slutt understrekar gruppa at skogsdrift med taubane i bratt terreng er ei skånsam driftsform med ein miljøvenleg profil. Eit venta endring av klima og stadig fleire naturkatastrofer (vind og vatn)
vil føre til ein del vindfallhogstar. Til opprydding i slike områder har det vist seg at bruk av taubane er særleg godt eigna. Av fleire omsyn er det difor viktig at taubanemiljøet i Norge kan utviklast vidare på ein god måte.
Her kan du lese meir kva gruppa har skrive. Notatet er ei tilråding som også er oversendt Landbruksdirektoratet.