Entusiasme for klimaplanting i Tosdalen

Publisert 19.06.2017

Ekteparet Roar og Solgunn Jakobsen frå Tosdalen i Nordland ser fram til å plante klimaskog. Og dei veit kva dei snakkar om. Som ekte Tosdaling fortel Roar at denne frodige dalen på Helgeland har fostra mange generasjonar og skogen var alltid viktig,  ja sjølv om det var lite av den. For kva skulle ein gjere på ein gard utan tilgang på trevirke ?

Ekteparet Roar og Solgunn Jakobsen (t.v) ser fram til å plante klimaskog i Tosdalen. -“Kontakten med Steinar Pedersen (t.h) har vore viktig og avgjerande for at dette let seg gjere. Ja det er igrunn ei kjempeordning dette” seier Roar.
Alle foto: Helge Kårstad

Ekte Tosdaling
Saman med Steinar Pedersen møter vi Roar og Solgunn Jakobsen ein varm dag i juni og blir mektig imponert over både gard og grunn her inne, midt mellom Børgefjell og Helgelandskysten.
Roar fortel at han no er den einaste gjenlevande ekte «Tosdøling». I denne frodige dalen var det vanlegvis 2 gardsbruk i drift, og det er dokumentert at det har budd folk her sidan 1700-talet. Jakt og fiske var viktig i tillegg til kva dei kunne få utav 20-30 dekar dyrka jord. Sjølv budde Roar her til 1959 då han vart kalla inn til militærtjeneste. Dette året vart gardsdrifta lagt ned, nokre år seinare også på nabogarden. Den gong var det knapt kjerreveg til gards, – i dag er det ein ca. 3 km ny bilveg som Helgeland Kraft har bygd. Etter at drifta på gardane vart lagt ned, har det vore noko beiting med geit og seinare sauer, men siste 30 åra har areala lege heilt brakk. – «Og med tida vil nok det heile gro igjen med lauvskog og glissen barskog» sier Roar og ser utover frodige lier med grønt nyutsprunge lauv kring fossande kvite bekkar av smeltevatn.

: Roar Jakobsen (t.h) ynskjer Steinar Pederson og underteikna velkommen til eit vakkert og velhalde gardstun i Tosdalen. I dag har Helgeland Kraft bygd bilveg nesten fram til garden. Dette vil gjere både vellikehald av bygningar, jakt, fiske og skogsdrift lettare.

Arealet i bakgrunnen er tidlegare dyrka mark og her skal no plantast klimaskog.


Ei kjempeordning seier Roar
No er det planer om å plante klimaskog på den tidlegare dyrka marka, kring 15 dekar i første omgang.
-«Artig å vere med på dette» sier Roar og skuar ut over dei grøderike flatene ned mot vatnet.
-«Det er i grunn ei kjempeordning dette» legg han til med ettertanke og minner om at når vegen no er komen hit blir dette ypperleg skogterreng med låge driftskostnader. Kvaliteten på skogen her inne blir svært god. Betre investering skal ein nok leite lenge etter. Men heile familien har sett som krav at det skal vere god sikt frå garden og ned til vatnet. Der skal det ikkje plantast gran.
Roar fortel at han alltid har vore interessert i skogplanting. Sjølv planta han 7000 granplanter i 1984, desse plantingane teiknar godt og viser at dette har vore rett. Det er ein del naturleg gran i området, denne grana er svært glissen og det må uansett plantast for å få opp bestandsskog. Utan planting vil skogdrift aldri bli lønsam i desse områda.

Roar viser fram “Bila”, ein reiskap som tidlegare var flittig i bruk her inne i Tosdalen når ein skulle byggje hus. Trevirke var det lite av den gongen, og mykje måtte hentast langvegs frå. Interessa for å opp meir skog har alltid vore tilstades.

No skal det plantast
Neste veke skal arealet ryddast og graset fjernast ved hjelp av ein beitepussar. Deretter vil det bli planta og punktsprøyta. Jorda er god og det blir viktig å få ein god start på plantane. Roar og Solgunn sier at det har vore heilt avgjerande at Steinar tok kontakt, han har gitt gode råd og stiller opp når det trengs. – «Det set vi pris på» sier dei begge og lyser av entusiasme for å kome igang.

Klimaskogprosjektet på Helgeland
Steinar Pedersen er for tida lokal klimaskogpådrivar i kommunane Brønnøy og Sømna. Steinar har kring 30 års erfaring frå skogbruket. Det starta med grunnkurs i Rana på 80-talet, seinare var han m.a skogsarbeidar og siste åra har han vore skogbruksjef i Brønnøy og Sømna. I dag har Steinar starta firmaet SKOGTEMA som yter planlegging og skogrådgiving innafor skogkultur og infrastruktur. Som klimapådrivar i desse kommunane skal Steinar først og fremst ta kontakt med skogeigarar som vil plante klimaskog. Målsetjinga er å finne eigna areal til ca. 1000 dekar eigna for klimaplantingar med gran. God dialog med skogeigar blir viktig.
Steinar fortel at den første klimaskogplantinga i Nordland kom i gang på Sætrelandet i Brønnøy den 12. mai i år. Starten var noko treg, men no har det teke seg opp. Med ei målsetning om planting av 1000 dekar klimaskog innan eit år utgjer det 1/3 av målet for heile Nordland fylke. Dei andre kommunane i Nordland som er interesserte i planting av klimaskog er Beiarn, Saltdal og Hemnes.

Det er slike entusiastar vi treng
Steinar har halde mange møter og foredrag siste vekene. – «Dagane blir for korte og då er det bra at det er lyst heile døgnet» seier Steinar….og legg til med ei alvorleg mine – «Betre med flott barskog enn flåttskog». For Steinar minner om at all lauvskogen som veks opp skapar mykje uro blant folk av ein annan grunn. Ja rett og slett uro fordi flåtten likar seg i lauvskogen og stadig fleire personar får flåttbit.
Så klimaskogen har fleire positive verknader i tillegg til at den produserar trevirke til hus og heim, bind karbondioksyd som sikra eit meir stabilt klima for framtida.
Det er slike entusiastar som Roar, Solgunn og Steinar norsk skogbruk treng !
Vi ynskjer dei lykke til !

Tosdalsvatnet med gardane i Tosdalen. Til høgre i bildet ser vi inntaket til den nye kraftstasjonen i Tosdalen (Tosdalen Vannkraftanlegg) i regi av Helgeland Kraft. Den nye bilvegen som gardane i Tosdalen vil kunne nytte endar også der.

Nærbilde av inntaket til kraftstasjonen. Vi forstår det slik at det svært synlege inngrepet til Helgeland Kraft skal ryddast, skråningar og fyllingar tildekkast.