Jon Georg Dale vitjar Mandal Tømmerkai
Publisert 11.08.2017
Landbruks- og matminister Jon Georg Dale vitjar den nye tømmerkaia i Strømsvika i Mandal tysdag 15. august. Dette blir ein av dei største tømmerkaiane i Norge og ferdigstilling er venta ca. 1. novmeber. Ordførar Alf Erik Andersen i Mandal seier at tømmerkaia er svært viktig både for skognæringa i Agderfylka, Mandal by og kommunane i Lindesnesregionen. Han ynskjer alle interesserte velkomne til markeringa.
Regjeringa og KrF har prioritert infrastrukturen i skogbruket
Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har ved fleire høve sagt at denne regjeringa satsar sterkt på å betre infrastrukturen i skogbruket. Vi har også registrert at KrF har vore ein svært god medspelar i skogsaker. Og det har resultert i svært gode løyvningar til både skogsbilvegar og tømmerkaier siste åra. Berre i år er det løyvd 75 millionar kroner til utbygging av tømmerkaier.
Arbeidet med den nye tømmerkaia i Strømsvika i Mandal starta opp 1. kvartal 2017 og ferdigstilling er venta ca. 1. november i år. Sjå også nyleg oppslag her: http://www.kystskogbruket.no/artikkel.cfm?ID_art=4968
Alle interesserte er velkomne 15. august
Ordførar Alf Erik Andersen i Mandal er svært glad for at statsråden vitjar tømmerkaia i Strømsvika.
Programmet startar tydag 15. august klokka 09.00 i Mandal Havn sine lokaler i Nordre Banegate 35 og vil vare ca. 2 timar. Det vil bli ein del orienteringanr innandørs og deretter båttur til Strømsvika. I tilfelle regn blir turen gjennomført med bil. Ordføraren understrekar at alle er velkomne, men av omsyn til transport er det fint om du gjev melding på førehand.