64 millionar kroner til tømmerkaiar i 2018
Publisert 23.02.2018
Landbruksdirektoratet utlyste denne veka tilskotsmidlar på inntil 64 millionar kroner til utbygging av tømmerkaiar i 2018. Aktuelle prosjektskisser må sendast til Landbruksdirektoratet innan 15. april.
Føremålet med tilskota frå staten er å medverke til ein rasjonell tømmertransport fra skog til industri.
Denne regjeringa har satsa stort på å betre infrastrukturen i skogbruket. Dette gjeld særleg skogsvegar og tømmerkaiar.
– Med de 21 prosjektene som har fått tilskudd siden oppstart i 2012, begynner tømmerkaistrukturen nå å bli bra i noen regioner. Etter hvert som tømmerkaistrukturen i flere regioner forbedres kan en forvente at bevilgningen til tømmerkaier trappes noe ned. – Vi oppfordrer derfor til å få alle de gode forslagene til lokalisering opp på bordet nå» seier seksjonssjef Per Guldbrand Solli i Landbruksdirektoratet.
Landbruksdirektoratet skriv i ei pressemelding av tilskotsatsen kan vere inntil 80 prosent av skogbruket sin kostnadsdel. Det er ynskjeleg med byggestart i løpet av 2018. Frist for innsending av prosjektskisser er 15. april 2018. Det er også presisert at dei som tidlegare har søkt og ikkje fått løyving, gjerne må søkje på nytt og gi melding om dette.
Sjå meldinga frå Landbruksdirektoratet her:
https://www.landbruksdirektoratet.no/no/eiendom-og-skog/infrastruktur/tommerkaier/utlyser-inntil-64-mill-kroner-til-t%C3%B8mmerkaier-i-2018