Auka ramme for driftstilskot til taubane

Publisert 09.02.2018

I ei melding frå Landbruksdirektoratet heiter det at tilskot til taubane kan aukast med om lag 1 million kroner for 2018 sammenligna med fjoråret. Leiar i Norsk Taubanelag Torbjørn Frivik rosar landbruks- og matminister Jon Georg Dale, og legg til at dette utgjer bortimot eit års hogst og framdrift av tømmer for eit taubanelag.

Landbruksdirektoratet melder at driftstilskotet til hogst og framdrift av tømmer med taubane i bratt terreng kan aukast med 1 million kroner i 2018. Entreprenørane i bransjen er svært glade for meldinga, og sier det gir tryggheit i næringa at landbruks- og matminister Jon Gerog Dale tydelegvis set eg så godt inn tilhøva såvel for skogeigarar som taubaneentreprenørane. Biletet er frå årsmøtet 2017 i Norsk Taubanelag med Dale på talarstolen.
Alle foto: Helge Kårstad

Landbruksdirektoratet har nyleg fordelt tilskot til Nærings-og miljøtiltak i skogbruket (NMSK) til fylka i Norge for 2018. Dette gjeld skogsvegbygging (inkludert drift i bratt terreng) og skogkultur, pengar som i hovudsak ligg i jordbruksavtalen for 2018. I meldinga frå direktoratet er det spesielt omtala at tilskotet til taubane kan aukast med om lag 1 million kroner.
Leiar i Norsk Taubanelag Torbjørn Frivik seier at dette er meir enn gledeleg. Pengane er viktige for å få fram dei sterkt aukande kubikkmassar i bratt terreng. Det er også gledeleg at den politiske leiinga med landbruks- og matminister Jon Georg Dale i spissen ser kor viktig det er å oppretthalde eit effektivt og framtidsretta taubanemiljø i landet.

Ministeren har levert
Under årsmøtet til Norsk Taubanelag i Ørsta i fjor, utfordra også Jon Georg Dale skognæringa til å få ned kostnadane. – «Kva er dei første lågthengane fruktene vi kan ta no, og kva kan vi utvikle i lag som gjer at vi kan få kostnaden ned» spurde m.a. landbruksministeren den gongen.
– «På sett og vis har ministeren levert, og no er det opp til oss» sier Frivik. Han minner om at hans eige firma dagleg arbeider for å drive meir effektivt og lovar offentleggjering av spennende nyvinningar i løpet av året.
Taubaneentreprenør Vidar Rørvik som høgg tømmer for Allskog er imponert over at våre politiske leiarar har sett seg seg så godt inn i tilhøva til taubaneentreprenørane, og understrekar at så vel mannskap som hans eige utstyr har blitt betre og meir effektivt dei siste åra. Men mykje gjenstår og Rørvik seier at tilrettelegging for taubanedriftene og infrastruktur (skogsvegar og offentlege vegar) kan bli mykje betre.
Også Ivar Egil Gjøra som opererar for Nortømmer i Møre og Romsdal blir glad for denne meldinga, og seier at prisoppgangen på tømmer siste året også gjer at tidlegare “nullområder” no blir meir tilgjengeleg. Dette er ikkje minst viktig på Nordmøre, der det for tida er eit sug etter tømmer til skogindustrien i Trøndelag.

Arbeid til eit driftslag
Dei siste åra er det hogge kring 100 000 kubikkmeter med taubaner i Norge. Driftstilskotet har vore kring 100 kroner pr. kubikkmeter, og det totala tilskotet til taubaner har følgjeleg lege noko i overkant av 10 millionar kroner. Ein auke på 1 million kroner vil difor medverke til ein auke i hogst og framdrift av kring 10 000 kubikkmeter tømmer eller bortimot 1 års arbeid til eit driftslag i taubaneterreng.

Dobling i bratt terreng
I eit innspel til Landbruksdirektoratet sommaren 2017 konkluderte ALLSKOG, Vestskog, Nortømmer og SB Skog med at skogeigarane i kystskogfylka venteleg vil doble hogsten i bratt terreng i neste tiårs periode. Bakgrunnen for dette var dokumenterte data som viser at inntil 40% av det produktive skogarealet i fleire av kystskogfylka har ei helling på minst 50 % og bør avvirkast ved hjelp av taubaner. Stadig meir av skogreisingskogen kjem i dette bratte skogterrenget, og skogeigarane vil gjerne hogge skogen når den er hogstmoden. Sjå oppslag her http://www.kystskogbruket.no/artikkel.cfm?ID_art=4961

Det blir stadig meir tømmer i bratt terreng som også er svært viktig for norsk skogindustri. Biletet er frå ei skogsdrift med taubane i Meldal i Trøndelag. God planlegging og tilrettelegging for infrastruktur ved denne type skogsdrifter er alfa og omega.