Vil fjerne flaskehalsar på kommunevegar

Publisert 25.04.2018

Inntil 80% av kommunevegane i fleire av kystskogfylka er så dårlege at det berre er tillete å køyre med enkel lastebil og ikkje vogntog. Kystskogbruket rosar landbruks- og matminister Jon Georg Dale for den vellukka satsinga på tømmerkaier og skogsvegar. Følgjeleg håpar no skognæringa at ministeren vil medverke til å fjerne flaskehalsar på kommunevegar frå skog til tømmerkai.

Skognæringa Kyst vil setje fokus på kommunevegar. På dei fleste kommunevegane i kystskogfylka er det berre lovleg å køyre tømmer med enkel bil (bilete) og ikkje vogntog. Kipping av tømmer fører dagleg til store ekstra kostnader for skogeigar og tømmertransportør.
Kippinga på biletet føregjekk nyleg ved Erdal i Førde kommune, Sogn og Fjordane. Vegen er kommunal (BK10, 12,4 m) og flaskehalsen er i hovudsak denne krappe svingen med svingradius under 10 meter.
Alle foto: Helge Kårstad

I innspel til statsbudsjett 2019 

har Skognæringa Kyst i brev dagsett 09.04.18 føreslege ei ny ordning som skal føre til at flaskehalsar på kommunale vegar som er viktige for tømmertransporten frå skog til tømmerkai eller industritomt kan bli fjerna.

Kommunevegane ikkje eigna for tømmertransport

Noverande regjering med landbruksminister Jon Georg Dale har satsa sterkt på skogsvegar og tømmerkaiar siste åra. Men tømmeret ved skogsbilvegen må som oftast innom ein kommunal veg før det endar på tømmerkaien. Og det endar ofte i kipping av tømmeret. Dette kostar mykje pengar.
Bakgrunnen for framlegget frå Skognæringa Kyst er at dei fleste kommunale vegar i mange kommunar i kystskogfylka er lite eigne for tømmertransport fordi dei ikkje er opne for vogntog.
I Region Vest (Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane) er pr. i dag 75% av dei kommunale vegane ikke tillete for vogntog, dvs. berre godkjent for billengde på 15,5 eller 12,4 meter, dvs. for enkel lastebil uten tilhenger. I Møre og Romsdal er 50% av det kommunale vegnettet ikkje godkjent for vogntog. Men også i mange kommuner i innlandet fins tilsvarande dårlege kommunevegar. I tillegg er det også store begrensingar på tillete totalvekt. Det er knapt nokon kommunar i kystskogfylka som har godkjent kommuneveger med 60 tonn akseltrykk. Til samanlikning er ca. 60 % av dei kommunale vegane i innlandsfylka godkjent for det.


Konklusjonen er 

at det hastar sterkt med å gjennomføre ekstraordinære tiltak for å betre det kommunale vegnettet som opnar for store tømmermengder fram til tømmerkai eller industritomt.
Om det ikkje skjer, vil stadig meir av tømmerkvantumet frå skogreisingskogen bli kippkøyrt og dette kostar svært mykje pengar for skogeigar og tømmertransportør

Tidlegare leiar i Flora Skogeigarlag Kolbjørn Løken (t.v) rosa ministrane Siv Jensen og Jon Georg Dale for den store og viktige satsinga på tømmerkaier og skogsvegar under opninga av tømmerkaien i Eikefjord i Sogn og Fjordane 29. mai 2017. Dette er eit av mange eksempel på at skognæringa her i landet har sett stor pris på nettopp dette.
No set Skognæringa Kyst si lit til at Landbruks- og matministeren også bidreg til å fjerne flaskehalsar for tømmertransporten på kommunevegar frå skog til tømmerkai.

 

Håpar på Jon Georg Dale
Skognærina Kyst vil føreslå å opne for at det i tillegg til skogsvegar og tømmerkaier innenfor kapittel 1149/71 over LMD sitt statsbudsjett også kan ytast tilskot til fjerning av flaskehalser på kommunale vegar som opnar for store tømmermengder og der ei utbedring vil gje store transportgevinstar. Det er føreslege eit tilskot som skal utgjere ein del av ei spleising med ein tilskotsats på ca. 30% av totalkostnaden. For 2019 vil Skognæringa Kyst føreslå å øyremerke 10 millioner kroner. Etter kvart som utbygginga av tømmerkaiar blir ferdig i åra som kjem, bør tilskotet til flaskehalser for tømmertransporten på kommunale vegar aukast noko. Næringa håpar landbruks- og matminister Jon Georg Dale vil sjå på framlegget.

 

Du kan lese heile innspelet frå Skognæringa Kyst til statsbudsjett 2019 her

Skogeigarane Hermund Daling og Elmar Erdalsdal i Erdal, Førde i Sogn og Fjordane er ivrige skogeigarar og har sjølve hogge tømmeret i vinter. Som øverste biletet syner må tømmeret kippast 2 kilometer ned til riksveg 5 og dette kostar 30 kroner pr. kubikkmeter til skogeigar og det er også ein ekstra kostnad for tømmertransportør. I løpet av dei neste 20 åra vil det bli hogge 8000 kubikkmeter tømmer i dette området. Begge trur at eit tilskot som omtala ovanfor for å fjerne flaskehalsen på denne vegen vil få fart på utbetringa.