Viktig for landet – viktig for Ørsta

Publisert 07.06.2018

Tømmerkaia er viktig for skogbruksnæringa i Ørsta og Volda. Men ikkje berre det. Ho er viktig for heile landet. For skognæringa er noko vi skal leve av i åra som kjem sa ein entusiastisk landbruks- og matminister Jon Georg Dale då han opna Ørsta Tømmerkai denne veka

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale måtte ha ei stor sag for å kappe skikkeleg grovt tømmer frå Ørsta då han opna den nye tømmerkaia denne veka.
Alle foto: Helge Kårstad

Kring 100 skogintereserte var møtt opp då landbruks- og matminister Jon Georg Dale entra talarstolen av ei grov gran frå Ørsta ikledd skikkeleg skogsverneutstyr.
Dale sa at regjeringa har satsa sterkt og vil satse vidare på å bygge ut infrastruktur i skogbruket. Han understreka at skognæringa er viktig med tanke på det grøne skiftet vi er inne i. – «vi har ei omdreiing i norsk økonomi der vi skal ha ei grøn verdiskaping. Der høyrer skogen med» sa Dale mellom anna.

Arrangementsjef og ordstyrar var næringsjef Odd Magne Vinjevoll. Han leia forsamlinga gjennom programmet med stø hand og inviterte til slutt dei frammøtte til skikkleleg god kjøtsuppe frå Ørsta.
Når sola varma på det meste, kunne ein ikkje ynskje seg ein venare stad.

Det var mange helsingar under opninga. Vi syner nedanfor ein biletserie.

Sjå og oppslag i Møre Nytt her
Sjå og oppslag i avisa Møre her

Over: Ordførar Stein Aam i Ørsta ynskjer velkommen til opning av Ørsta Tømmerkai mandag 4. juni.

Over: Arrangementsjef og næringsjef i Ørsta Odd Magne Vinjevoll leia programmet med stø hand.

Over: Også VG1 Bygg og Anlegg ved Ørsta vidaregåande skule hadde møtt opp på tømmerkaia denne dagen

Over: Musikalsk innslag av 11 år gamle Ylva Torine Thon frå Ørsta. Ho spelte S Kornett og melodivalet kunne ikkje passe betre. Det verkeleg flott !

Over: Leiar i Ørsta og Volda Skogeigarlag Olav Svein Aambøe rosa statråden og fortalde om eit stort engasjemnet lokalt for å plante ny skog

Styremedlem i Allskog Anne Kathrine Løberg understreka den store trongen for tømmerkaier og sa m.a. at satsinga frå regjeringa og Jon Georg Dale var kome i rette tid.

Over. Leiar i Norsk Taubanelag Torbjørn Frivik gratulerte Ørsta kommune med den nye flotte tømmerkaia, og sa m.a. til statsråden at det no er utvikla utstyr som gjer at inntil 30% det bratte taubaneterrenget kan drivast med hjulgåande hogstmaksiner ved hjelp av ein vinsj. Sjå oppslag her dagsett 14.05.18.

Over: Sentrale personar kring utviklinga av skogbruket i Ørsta og Volda saman med landbruks- og matminister Jon Georg Dale. Frå venstre skogbruksjef Peder Magnussen, skogbruksleiar i Allskog Per Gunnar Sande, ordførar Stein Aam, Jon Georg Dale, leiar i Ørsta og Volda Skogeigarlag Olav Svein Aambøe og styremedlem i Allskog Anne Kathrine Løberg.

Over: Det er store dimensjonar over den nye tømmerkaia i Ørsta. Det er også lagt til rette for fotomåling av tømmeret ved kaia.

Over: Stablestøtter av casingrøyr sikrar at tømmeret kan lessast trykt inntil 6 meter høgde. Sikringstiltak inkludert ISPS godkjenning av Ørstaterminalen gjer den til ein moderne fleirbrukskai.

Over: Vi avsluttar biletserien med ein statsråd som har stor tillit i skognæringa. At han både er kunnskapsrik om skognæringa og samtidig handterar denne ekstremt store saga gjer han til ein “skogminister” landet knapt har sett maken til.