Ny skog – nye frø

Publisert 03.07.2018

Det går føre seg spanande skogplanteforedling i vestlandsregionen.

Medan to fylke skal bli eitt har Skogfrøverket og lokale støttespelarar jobba fram ei ny skogfrøplantasje for vestlandsfylka. Frå ein genbank, = trearkiv, i Årøy i Sogndal vert det vald ut nye mortre og henta podekvist til ny frøplantasje i Granvin i Hardanger. Målet er nytt og «stadeige» frø for produksjon av gran i fire vestlandsfylke. Men det er langt fram til desse podingane ber monaleg med frø. Medan vi ventar har vi gjennom Skogfrøverket tilgang til frø sanka i Årøy og anna eigna frøkjelde. Regionen treng om lag 5 mill plantar årleg i tida framover. I ei tid med opptrapping vert det trong for oppunder 10 mill plantar årleg ein periode.

Materialet i genbanken i Årøy som no skal avviklast neste år, er utvalde plusstre frå skogreisingsskogen i dei fire vestlandsfylka og basisen for den nye skogen er 209 kloner som det igjen vert gjort utval frå. Delar av materialet er også avkomstesta så det er eit grundig utval som ligg til grunn for den nye skogen. Materialet er til og med testa på resonans (ny testmetode for densitet/tettleik), skurkvalitet og kvaelommer. Dette er viktige eigenskapar for materiale som skal bli til trepanel og liknande der det vert kravd ei fin overflate. Eit anna viktig kriterie er vekserytme. Skog i god vekst bitt også meir klimagass, CO2. Voksetilhøva for skog er supre mange stader på Vestlandet og nyttar vi ikkje desse areala til skogproduksjon, går vi glipp av verdfull klimagassfangst og gode klimaeffekter samstundes som vi skaffar meir trevirke til utfasing av meir miljøskadelege byggematerial.

Viss vi i tillegg tenkjer som resten av Skandinavia og nyttar innførte produksjonstreslag som vi kjenner godt, har vi eit ennå større potensiale for produksjon av byggematerial og klimagssfangst. Vi kjenner sitkagrana og lutzgrana som eit treslag som trivst med store nedbørmengder og tolar uver i mykje større grad enn vanleg gran. Litt lenger fram i tid dersom temperaturen stig slik «trugsmåla» syner kan hende vi blir nøydde å finne heilt andre treslag. Det første vi bør gjere i så måte er å ta i bruk og skjøtte/dyrke platanlønna som allereie har erobra store areal lauvskog, men som få eigentleg vil vete noko av. Eit godt gamalt råd er å stikke fingeren i jorda å kjenne kor ein er!

Merete Larsmon sekretær S/F Skognæringsforum