Framleis sterk satsing på skogsvegar og tømmerkaiar
Publisert 09.10.2018
Det er sett av 92,3 millionar kroner til skogsvegar og tømmerkaier i statsbudsjettet 2019.
Sidan 2014 er det løyvd 760 millionar kroner til skogsvegar og tømmerkaiar i Norge.
«Med dette har regjeringa levert ei historisk satsing på betre rammevilkår for skogbruket» seier landbruks- og matminister Bård Hoksrud
Sterk satsing på infrastruktur held fram.
Det er sett av 92,3 millionar kroner til skogsvegar og tømmerkaier over kapittel 1149/71 i statsbudsjettet 2019, det same som i 2018. Dette er tredje året på rad med rekordhøg løyving til denne sektoren. I 2018 gjekk 64 millionar kroner (ca. 70%) av desse midlane til tømmerkaier, resten til skogsvegar.
Sidan 2014 er det løyvd 760 millionar kroner til skogsvegar og tømmerkaier i Norge. – «Med dette har regjeringa levert ei historisk satsing på betre rammevilkår for skogbruket» seier landbruks- og matminister Bård Hoksrud.
Vi kan legge til at med unnatak av ei løyving over revidert statsbudsjett for budsjettåret 2013, har denne regjeringa hittil løyvd i overkant av 300 millionar kroner til utbygging av tømmerkaiane i Norge.
Skogbruk i LUF-potten for 2019 (kapittel 1150) er gjennom Jordbruksavtalen 2019 auka med 20 millionar kroner frå 222 millionar kroner i 2018. Under dette kapittelet ligg tilskot til skogsvegar, skogkultur, kystskogmidlar, skogbruksplanlegging med miljøregistreringar og kompetansetiltak.
Sidan 2014 er midlar til skogbruk over LUF-potten i Jordbruksavtalen totalt auka med 38 millionar kroner eller kring 19%. I åra 2015, 16 og 17 var det ingen auke, i hovudsak har auken kome dei 2 siste åra. Tilskot til skogsvegar over Jordbruksavtalen har auka frå 89 millionar i 2014 til 103 millionar i 2018.
Den endelege fordelinga av desse midlane for 2019 blir bestemt av partane i Jordbruksforhandlingane saman med Norges Skogeierforbund og Norskog, venteleg tidleg i november måned 2018.
Til utbetring av flaskehalser på fylkesvegnettet er løyvd 25 millionar kroner over Samferdselsdepartementet sitt budsjett. Dette er ei heilt ny type løyving.
Skogkultur og miljøtiltak
Tiltak til skog- klima- og energitiltak i kapittel 1149/73 er føreslege redusert med 10 millionar kroner til 38,9 millionar kroner i 2019. Desse pengane har i hovudsak gått til tettare planting, gjødsling, frøproduksjon og planteforedling.
Ordinære tilskot til skogkultur (skogplanting og ungskogpleie) som ligg i Jordbruksavtalen 2019 (skogbruk) blir som omtala ovanfor bestemt av partane i Jordbruksforhandlingane m.fl. i løpet av november månad 2018.
Det er gitt ei føring om at av auken på 20 millionar kroner til skogbruk i Jordbruksavtalen 2019 skal 8 millionar kroner nyttast til miljøtiltak i skogbruket, og det er ein auke på 5 millionar kroner frå 2018.
Forsking og utvikling
For å styrkje kunnskapsgrunnlaget omkring skog og klima, er det over Jordbruksavtalen sett av 3 millionar kroner til eit nytt forskingsprosjekt.
Likeeins kan Norges forskingsråd forvalte nye 25 millionar kroner til forsking på skogens rolle i klimasamanheng i 2019.
Tilskot til Utviklingsfondet for skogbruk ligg i kapittel 1149 (utanfor Jordbruksavtalen) og er føreslege vidareført med 3, 5 millionar kroner som i 2018.
Klimaskogprosjektet
Vi registrerar at det ikkje er sett av noko pengar på statsbudsjettet 2019 til Klimaskogprosjektet.
Prosjektet har nett avslutta ein 3-årig pilotfase og evaluering pågår. Tiltaket har blitt godt motteke i dei tre vertssfylka, og ei god evaluering bør føre til pengar på statsbudsjettet 2020.
Til slutt legg vi til at Stortinget skal handsame statsbudsjettet 2019 før jul og det er sjølvsagt alltid moglegheiter for endringar.
Sjå presseoppslag frå Landbruks- og matdepatementet:
https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/auka-neringsverksemd-jord-skogbruk-klimatiltak-og-dyrehelse/id2614090/