Hjort, skog og gras

Publisert 05.06.2019

Denne nyheten ble publisert av: Rasmus Andreas Stokkeland Publisert dato: 05.06.2019

Vestlandsbonden har ikkje råd til å betale for dagens hjortebestand. Fagdag 19. juni i Ålfoten om utfordringar i skogforynging og grasproduksjon.

Foto: Samson Øpstad: Hjort på innmarksbeite

Fylkesmannen i Vestland, Bremanger kommune, Skogselskapet i Sogn og Fjordane og Vestskoginviterer til fagdag i Ålfoten i Bremanger onsdag 19. juni kl. 10.30. Tema er hjorteskader på skog/gras og kvalitet på skogplanter.

Stort beitetrykk frå hjort på skog, billegnag og nye plantetypar er ei  velkjend og aukande utfordring. Skogeigarar gir opp å plante oppatt etter avverking nettopp fordi hjerneskadane er øydeleggjande. I tillegg gir snutebilleskader på nyplantingar ekstra utfordringar.  Hjorten beiter også grådig på grasvoksteren på innmarka. 

Program

10.30    Frammøte:  Ålfoten (merka frå riksvegen 20 min aust frå Svelgen)

 – Forvalting av jaktbart vilt og skogskader: Status på landsbasis ved Espen Stokke, LMD

 – Vestlandsbonden har ikkje råd å for å betale for dagens hjortebestand ved Anders Felde, Sogn og Fjordane Bondelag

 – Forvaltning av hjortebestanden i Bremanger kommune ved Bjørn Henry Martinussen, skog- og utmarkskonsulent i Bremanger kommune

 – Verdivurdering av hjorteskader på skog og innmark ved Samson Øpstad, Nibio Fureneset

13.00 – 13.45    Matykt

13-45 – 14.30     Diskusjon

14.30 – 16.30    Forflytting til plantefelt

 –      Kort historikk i feltet ved Bjørn Henry Martinussen

–          Erfaringar og utfordringar i plantelogistikken i praksis ved Vidar Jørdre, Vestskog

–          Tiltak mot snutebiller: Voksbehandling – ein «kvikk fiks»?  Ved Merete Larsmon, fylkesmannen i Vestland

–           Kort diskusjon og oppsummering av dagen ved Halvor Brosvik, Vestskog

Av omsyn til matykta ber vi om påmelding til Merete Larsmon, 97140060, fmsfmla@fylkesmannen.no innan 17. juni.