Det ingen skulle tru
Publisert 08.08.2024
Jon Kvalvik er landets vestlegaste faste innbyggjar. Han bur på Nautøyna, langt vest i havet i Solund kommune i Vestland. Der vinden bles jamt og der ingen skulle tru at eit tre kunne vekse. Men Jon planta sitkagran på 1960-talet, og ein oase voks fram.
Tekst og foto: Helge Kårstad
Eit fiskarsamfunn langt i vest
Nautøyna i Solund kommune i Vestland er ei lita øy på kring 100 daa, langt vest i havet. I følgje bygdeboka har det budd folk på øya sidan 1500 talet. I 1801 budde det 37 personar på øya og kring 1900 70 personar. I dei «gode åra» etterpå, med mykje hummar og sild var folketalet kring 100 fastbuande og med eige skulehus. I dag er det inntil 10 fastbuande på Nautøyna. Næraste nabo i vest er folket på Shetland.
Jon seier at Nautøyna var eit vindhol. Sjølv har han tidlegare jobba som fiskeoppkjøpar. Det var mykje hummar å få kring desse øyane i Ytre Solund. Saman med silda vart desse fiskeria viktigaste levebrødet for øybuarane. Mesteparten av fisken og hummaren gjekk til Bergen og noko vidare til Tyskland. Det kom eigne isbåtar for å frakte dette. Stort sett kom desse båtane frå Bergen kan Jon minnast.
Det var karrig og svært vindfullt på Nautøyna. På garden til Jon hadde dei opptil 3 kyr då han vaks opp. Jordlappane var små, og det var strevsomt å få fram nok gras til dyra. Grastustane på kva ein holme vart slege med ljå. Det vart også skore mykje “kyratare” fortel Jon. Dette var farleg arbeid fordi denne sjøtaren vaks i kløter med sjødrag, og det var svært krevjande å “halde” båten når arbeidet skulle utførast. Etter krigen vart det færre av både folk og dyr på øya, – dei “slutta smått” fortel Jon.
Poteter måtte dei skaffe seg på fastlandet langt inne i Sogn. Dei bytte fisk mot poteter. Veden fekk dei også frå Sogn. Men Jon minnast at veden var aldri «bytevare», den var for verdfull til det og måtte betalast.
Dette var noko av grunnane til at Jon på 1960-talet begynte å plante nokre tre for å skape le mot vinden og ved i omnen. Første valet var furu fortel Jon. Vi kjenner til at skogforskinga på Vestlandet (som kom i gang i 1916) tilrådde folk i ytre strok å plante fransk bergfuru. Dette gjorde nok også Jon, men ingen av furuplantene overlevde på Nautøyna. Han prøvde også contorta (vrifuru), men heller ikkje den ville vekse på øya. Men Jon gav ikkje opp. Han hadde høyrt om eit treslag kalla sitkagran, og planta først nokre planter av denne. Det viste seg å vere vellukka, og i åra som kom planta Jon ein liten skog av sitkagran kring husa for å redusere vindslitet. Nokon av sitkaplantene strauk med i starten, – «men eg gav ikkje opp og planta nye» fortel Jon entusiastisk. Til slutt fekk han ein heil skog av sitkagran. – «Du veit, dei ytterste trea skapte le for dei som stod innafor, og til slutt hadde eg laga ein kraftig levegg mot hus og heim på Nautøyna» understrekar Jon.
Jon prøvde etter kvart også andre treslag innafor den etablerte leskogen/ leveggen av sitkagran. Han henta m.a. frø frå ein eikeskog ved Arendal på Sørlandet. Dei vaks villeg, og nokre er i dag store tre. Jon har planta ei mengd andre treslag og vekster; lønn, lerk, kastanje, rogn, hyll, rododendron, villrose (Rosa rugosa), krypeiner, rognasal, kaprifol og ein del andre hardføre stauder. Ein oasa vest i havet som mange kjem for å sjå.
– «Folk kjem jo hit og driv med fuglekikking også no» seier Jon med munter stemma. – «Du veit her er oppdaga nye arter inne i skogen min, m.a. ei sibirpiplerke».
Sjå meir om desse fuglane her. [Sjeldne fugler i Norge i 2011 og 2012, Rapport fra Norsk sjeldenhetskomite for fugl (NSKF) Oddvar Heggøy & Tor A. Olsen, link: Publikasjoner fra NSKF – BirdLife Norge ]
Kledningsbord til husa på øya
I dag har trea blitt rimeleg store. Gjennomsnittshøgda i skogen er kring 15 meter og dei største sitkagranene er nærare ein halv kubikkmeter. Garden er no overlate til dottera Gro og sonen Ola.
Men Jon har sett eit vilkår. Så lenge han bur på Nautøyna skal sitkaskogen ikkje hoggast. Det meiner nok dei fleste fordi Jon har skapt den einaste vindstille oasen på øya.
Likevel er det nok aktuelt å fjerne dei største trea som står nærast husa. Gro vil gjerne nyttiggjere seg dette verdfulle virket til å kle nokre husveggar på øya. Difor vil ho få i gang eit motorsag- og sagkurs til våren. Vi har lova å stille opp for å sjå på kor flotte kledningsbord det vil bli av nokre av desse unike trea lengst vest i Norge.
Vi vil takke så mykje for at dykk tok imot oss. Det er mennesker som Jon og kona Oline Inger som gjer at vi får trua på å plante eit tre, skape og tilpasse ein ressurs innafor dei naturlege vilkåra på ein stad.
Jon si erfaring, si innsikt og forteljing om dette har vi sett stor pris på å få oppleve.
Vi håpar at oasen på Nautøyna blir teke vare på i framtida, – der ingen skulle tru at eit tre ville vekse. Det er verdt eit besøk.
Jon Kvalvik med familie vart også “kjendisar” i 2019 ved NRK programmet: Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Du finn det her: link: Der ingen skulle tru at nokon kunne bu – NRK TV