Kystskogbruket møtte Olaug Bollestad

Publisert 10.06.2019

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 10.06.2019

Skogeigarane må få lov til å plante dei produksjonstreslaga som duger. Sitkagran og lutzgran er kysten sine supertre, med overlegen vekst, CO2-fangst, god kvalitet og motstandskraft mot vind og salt sa leiar i Skognæringa Kyst Ole Bakke under eit møte med Landbruks- og matminister Olaug Bollestad før helga.

Eit inspireande møte hos landbruks- og matminister Olaug Bollestad fredag 7. juni.
F.v Helge Kårstad, Ole Bakke, Widar Skogan, Olaf Gjedrem, Pål Kårbø og Olaug Bollestad.

Tema for møtet var utanlandske treslag, erfaringar med klimaskogprosjektet, skogvern, flaskehalsar for tømmertransport på kommunale vegar og skogpådrivarar.

Viktige produksjonstreslag
Leiar i skognæringa Kyst Ole Bakke understreka at skogeigarane må få plante dei produksjonstreslaga som eignar seg. Han viste m.a. til at forsking frå NIBIO der både sitkagran og lutzgran har mindre spreiingsevne enn norsk gran. Det er heller ikke påvist tap av sårbare arter etter skogsdrift i norsk natur, ifølge NIBIO.

Ein godt dokumentert rapport
Olaf Gjedrem er nestleiar i Skognæringa Kyst og leiar i Rogaland Skognæringsforum. Han sa m.a. at den nyleg framlagde rapporten frå Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet ikkje tilrådde forbod. Dette var gledeleg, ikkje minst fordi konklusjonane var så godt fagleg dokumenterte. No håpa Gjedrem på at den politiske avgjerda heller ikkje ville forby utanlandske treslag i Norge. Samtidig etterlyste Gjedrem ei føreskrift som i større grad reflekterte næringsdelen ved produksjon av utanlandske treslag. Han meinte også at lang sakshandsamingstid var uheldig og håpte at dette ville bli betre i framtida.

Ei spleiseordning på kommunevegar
Fylkesvaraordførar Pål Kårbø (KrF) frå Hordaland sa at regjeringa si satsing på å fjerne flaskehalsar for tømmertransport på fylkesvegar var viktig. Men dei mange og dårlege kommunevegane vil ofte vere begrensande mange stader på Vestlandet. Kårbø viste til eigne erfaringar i Hordaland, og hadde stor tru på at ei spleiseordning ville utløyse kommunale midlar for å fjerne flaskehalsar for tømmertransport på mange kommunevegar.

NIBIO analyserar kommunevegane
Helge Kårstad orienterte om at inntil 75% av kommunevegane i mange av kommunane i kystskogfylka har flaskehalsar for tømmertransport som medfører at det ikkje er lovleg å køyre med tilhengar (vogntog). Desse kommunale vegane er ofte klassifisert som BK8 og vogntoglengde 12,4 meter. Ein kan berre lesse 4,3 kubikkmeter mot ca. 34 kubikkmeter ved fullt lass om vegen er tillate for kort tilhengar (vogntoglengde 19,5 meter). Dette føre til mykje kipping av tømmer.
Han viste til ein analyse i regi av NIBIO som syner store transportgevinstar ved oppgradering. Rapporten er i første omgang utført for Sogn og Fjordane og vil bli offentleggjort i sommar. Det vil samtidig føreliggje ei prioritering av dei viktigaste kommunale vegane som treng fjerning av flaskehalsar og der tømmermengdene vil bli store i framtida.
Kårstad kommenterte til slutt eit ynskje om kunne opne for å gi støtte til opprusting av slike viktige kommunale vegar innafor kapittel 1149, post 71 på statsbudsjettet. Denne budsjettposten finansierar i dag tømmerkaiar og skogsvegar.

Andre saker
Ole Bakke oppmoda statsråden om å følge opp det vellykka Klimaskogprosjektet. – «Sats på planting av produksjonstreslag på gjengroingsareal» sa Bakke.
Han minna også om Regjeringsplatttforma om vern av skog, og sa at det ikkje må vernas meir produktiv skog i Norge. Vernet bør heller leggast til uproduktiv skog og utilgjengelege areal. 
Til slutt håpa Ola Bakke på finansiering av det føreslåtte pilotprogrammet for skogpådrivarar i Trøndelag.Skogpådrivarar blir viktige for å mobilisere 100 000 små skogeigarar til aktiv berekraftig skogproduksjon, skogsvegbygging og hogst.   

Eit inspireande møte
Vi møtte ein lydhøyr og svært interessert statsråd. Bollestad sa at ho hadde fått stor interesse for skognæringa og at informasjon kring skog og skogproduksjon ville vere sentralt i framtida. Ja ho understreka at skogen sin verknad for klima gjennom fotosyntesen var eit faktum som ein aldri kunne ta fram for ofte. Med på møtet var også statsekretær Widar Skogan, ekspedisjonssjef Pål Vidar Sollie og avdelingsdirektør Frode Lyssandtræ.
Vi takkar for eit interessant, inspirerande og godt møte hos Landbruks- og matminister Olaug Bollestad.