Med trua på klimavenlege trebåtar

Publisert 12.09.2019

Båtbyggjarane ved Ryfylke Båtbyggeri framfor ein nyrestaurert Kommedalsbåt, opphaveleg frå Dusavik ved Stavanger.
F.v. eigar og trebåtbyggjar Jørn Magne Flesjå, vidare trebåtbyggjarane Andreas Hognestad Garnes og Øyvind Halvorsen.
Båtbyggjarane ved Ryfylke Båtbyggeri framfor ein nyrestaurert Kommedalsbåt, opphaveleg frå Dusavik ved Stavanger. F.v. eigar og trebåtbyggjar Jørn Magne Flesjå, vidare trebåtbyggjarane Andreas Hognestad Garnes og Øyvind Halvorsen.

Jørn Magne Flesjå frå Finnøy i Rogaland må seiast å vere ein ekte naturforvaltar i det grøne skiftet. Etter utdanning ved båtbyggjarskulen i Jondal starta han Ryfylke Båtbyggeri i 1993. I dag har han 2 tilsette, rikeleg med arbeid og trua på ei lys framtid for klimevenlege trebåtar.
Tekst og foto: Helge Kårstad

Særeige industrilokale
– «Eg trur det er blitt trendy å bruke trebåt igjen» seier Jørn då eg kjem på besøk til Finnøy ein nydeleg haustdag i august. Finnøy ligg midt i Boknafjorden med utsikt til Tysvær og Suldal i nord, Rennesøy og Bokn i vest og ikkje minst til furuskogane i Strand og Hjelmeland i aust.
Og det er ikkje berre båtar som opptek Jørn. Med bakgrunn som snikkar har han sjølv bygd heile industrilokalet i tre. Men ikkje nok med det. Mesteparten er materialane har vore nytta tidlegare i hus, både i ein og 2 generasjonar. Det gjeld både reisverk, vegger, tak, golv, dørar og vindauge -«Skikkeleg gode materialar og mykje historie i veggane» seier Jørn då vi går opp ei godt brukt trapp til Loftet, staden der mindre båtar blir bygd og der konsertar har blitt halde. -«Ja kall det gjerne Kulturloftet» legg Jørn til.

Unike lokaler til Ryfylke Båtbyggeri. Jørn Magne Flesjå forel at alt av lokaler er sjølvbygd, av gjenbrukte trematerialer.

Kvass framme og godt utlagd bak
Jørn fortel at Ryfylke har ei spanande og stor tradisjon innan klinkbygde båtar. Dei mest kjende er Aslak-båten frå Strand og Tingvik-båten frå Ombo. Aslakbåten etter Aslak Notvik i Strand (1845-1931) var ein særdeles god seglbåt som gav sjølvaste Oselvaren konkurranse. Denne vinteren skal Jørn kanskje bygge ein ny Aslakbåt med virke frå furuskogen i Jørpeland i aust. – «Båten skal vere som eit strykejern, kvass framme og godt utlagt bak. I tillegg må virket vere godt eigna, – breie, mjuke bord er viktig» fortel Jørn.
I desse dagar restaurerar båtbyggjarane i Ryfylke ein Kommedalsbåt frå Dusavik, ein fiskebåt med hytte og brønn. Med ein Marna diesel på 24 hestar tek det ikkje lange tida over Boknafjorden.

Her på Loftet er det klart til neste båt. Om alt går etter planen skal det m.a. byggjast ein rasktseglande Aslakbåt. Legg merke til fyllingsdørar i gamal stil.
Lokala til Ryfylke Båtbyggeri er også smykka med særeigne antikvitetar, her ein modell etter Tingvikbåten frå Ombo, øya i Boknafjorden som syner godt på kartet.
Spesialvirke til bruk i trebåtar. Det er ikkje prisen på trevirket til trebåtane som er utfordringa, heller å få tak i skikkeleg godt eigna virke fortel Jørn.

Kvifor så mange plastbåtar ?
Etter rundturen i industrilokalet med Jørn får eg brått auga på ein armada av plastbåtar i nabohamna. Kvifor er plastbåtane blitt så populære når vi kanskje har verdas beste trebåttradisjon som for eksempel her på Finnøy tenkjer eg. Burde vi skjemmast (plastbåtskam) over alle desse plastbåtane som mesteparten av året ligg i hamn?. Kvifor samlar vi plastposar og får godt samvit når vi alle i i dette landet eig ein fritidsflåte av ca. 1 million plastbåtar?
Ja trevirke er både fornybart og miljøvenleg. Kanskje vi oftare burde vitje trebåtentusiastar som Jørn. Kanskje vi burde roe ned med eit åretak.

Kanskje vi burde roe ned med eit åretak i ein robåt av tre.
Foto; Oselvarverkstaden