Vil støtte skognæringa

Publisert 23.10.2019

Nyleg samlast sentrale aktørar for den nye tømmerkaia som no er under bygging i Nærøy.
F.v. Ole Bakke frå Allskog, Camilla Vågan frå Nærøy kommune, Per Gjellan frå Landbruksdirektoratet, Ola Harry Lie frå Foldereid Skogeigarlag, Arne Johan Bredesen frå Emilsen Fisk AS, Dag Okkenhaug frå fylkesmannen i Trøndelag, skogbruksjef i Nærøy Egil Solstad og skogbruksjef i Bindal Karl Erik Solum.
Nyleg samlast sentrale aktørar for den nye tømmerkaia som no er under bygging i Nærøy. F.v. Ole Bakke frå Allskog, Camilla Vågan frå Nærøy kommune, Per Gjellan frå Landbruksdirektoratet, Ola Harry Lie frå Foldereid Skogeigarlag, Arne Johan Bredesen frå Emilsen Fisk AS, Dag Okkenhaug frå fylkesmannen i Trøndelag, skogbruksjef i Nærøy Egil Solstad og skogbruksjef i Bindal Karl Erik Solum.

Arbeidet på den nye fleirbrukskaia i Nærøy i Trøndelag starta nyleg opp, og vil vere ferdig kring årsskiftet. Familiebedrifta Emilsen Fisk AS går inn med relativt mykje kapital i anlegget, og seier m.a. at dei vil støtte ei lokal, grøn og framtidsretta skognæring
Tekst og foto: Helge Kårstad

Eit prioritert område
Nedslagsfeltet til den nye tømmerkaia med funksjon som ei fleirbrukskai er frå kommunane Nærøy og Vikna i Trøndelag og deler av Bindal i Nordland. Vikna er skogreisingskommune der det er planta både gran og sitkagran.
Sintef-rapporten (2011) prioriterte området høgt, og la til grunn eit årleg utskipingskvantum frå desse kommunane kring 40 000 kubikkmeter. Ein tinglyst bruksrett til tømmerkaia vil sikre at skogeigarane i området får tilgang til sjø, nær sagt for all framtid.

Ei vellukka familiebedrift
Eigar av tømmerkaien er Emilsen Fisk AS, ei familiebedrift frå Rørvik i Trøndelag som driv med oppdrett og slakt av laks. Bedrifta tel 45 tilsette og omset årleg for ca. 800 millionar kroner.
Prosjektleiar i Emilsen Fisk Arne Johan Bredesen fortel at bedrifta planlegg å kjøpe deler av det kommunale næringsområdet på Marøystrand i Nærøy og utvikle det til maritime føremål.
Opprinneleg var det planer om å bygge ei kai på 10 meter. Ved å inngå eit samarbeid med skognæringa, er det no under bygging ein fleirbrukskai på 70 meter kaifront og eit baklager på ca. 3 da. Men skogeigarane vil her som elles bli sikra ein prioritert og framtidig bruksrett, i dette tilfelle til 50 meter av kaifronten.

Ser føremonar i samarbeidet
Anlegget er prosjektert av Norconsult og kostnadsrekna til ca. 19 millionar kroner. Landbruksdirektoratet løyvde i 2018  eit statstilskot på 8,6 millionar kroner til anlegget. Arbeidet vart starta opp i september og ferdigstilling er planlagt i veke 51 eller kring 20. desember. Den lokale entreprenøren heiter TotalBygg Midt- Norge og kjem frå Kolvereid.

Emilsen Fisk går altså inn med noko i overkant av 50 % eigenkapital i den nye kaien. Trøndelag Fylkeskommune har gått inn med 1,75 millionar kroner og Bredesen håpar at Nordland Fylkeskommune vil gå inn med 300 000 kroner. Uansett er det slik at Emilsen Fisk går inn med ein vesentleg del i prosjektet. – «Vi ser føremonar i samarbeidet og vil samtidig medverke til å hjelpe den lokale, grøne og framtidsretta skognæringa» seier prosjektleiar Arne Johan Bredesen.

Det er svært gode resultat etter hogst av sitkagran (Picea sitchensis) i Nærøy kommune. – “Hogsten på denne flata ved Kolvereid syner ein produksjon siste 60 åra som er ca. 10 gonger høgare enn kva den vanlege grana (Picea abies) i Ytre Namdal kan produsere” seier skogbruksjef Egil Solstad. – “Den nye tømmerkaia vil vere heilt sentral for å sikre skogeigarane i regionen sikre leveransar til skogindustrien for både gran, sitkagran og furu” legg Solstad til.