Han vann orven

Publisert 20.11.2019

Vinnaren Åsmund Hjelmeland med langorven framfor nokre av deltakarane på skogkvelden i Herøysund i Kvinnherad, Hordaland.
Vinnaren Åsmund Hjelmeland med langorven framfor nokre av deltakarane på skogkvelden i Herøysund i Kvinnherad, Hordaland.

Skog og klima stod på programmet då Søre Kvinnherad Skogeigarlag nyleg held skogkveld i Herøysund. Vinnaren av 10 spørsmål vart Åsmund Hjelmeland. Premien var ein ekte langorv, eit reiskap alle burde bruke i hagane sine for å redde humla og bia. Det er også viktig for klima.

Søre Kvinnherad Skogeigarlag held på tradisjonane. Det har blitt ein tradisjon å halde fest ein gong i året. Då inviterar dei gjerne ein føredragshaldar eller to og pratar litt om skog og et mykje god mat.
Dette året var Kystskogbruket v/ Helge Kårstad invitert til å halde 2 skuletimar føredrag om skog og klima. Eller nærare bestemt:

  • Om fotosyntesen, om sola, karbondioksyd, vatn, sukker og oksygen
  • Om kvar karbonet fins i jorda og kvifor karbonet er så viktig for oss alle
  • Om korleis karbonet blir lagra i stamme og jord og korleis det kan bli tilsvarande tapt
  • Om påskoging, vedvarande skogbruk og avskoging
  • Om den stegvise langsiktige karbonbindinga eller tilsvarande karbontapet i skog
  • Om FN klimapanel sin rapport frå august 2019. Rapporten føreslår å plante 7,5 mill. km2 på kloden for å halde seg innafor 1,5 graders målet
  • Om Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet sin rapport frå april 2019 der dei føreslår å klimaplante eit areal på 8,5 millionar dekar i Norge
  • Om Klimapanelet sine mål for planting omsett til norske og lokale tilhøve i Kvinnherad
  • Om dei to norske direktorata sine mål om klimaplanting omsett til lokale tilhøve i Kvinnherad
  • Om kostnader for karbonbinding til havs og til lands
  • Om klimabudsjett og gode meiningar
  • Om kva stoda idag er for skogen i Kvinnherad, sett i eit klimaperspektiv
  • Om kva folket og skogeigarane i Kvinnherad bør gjere vidare for å medverke til eit betre klima
I heile 27 år har Astrid Haugse (midten med lånt langorv) laga maten og servert forsamlinga under skogkvelden i Herøysund. Kort sagt imponerande! Til venstre er leiaren i laget Per Egil Joel og til høgre skogbrukssjefen i Kvinnherad Francesca Galdiolo

10 spørsmål
Etter ein gjennomgang av punkta ovanfor, var det tid for 10 skog- og klimaspørsmål.
Premien var ein langorv, nærare bestemt ein underarms Vossaorv laga av Anders Midtbø frå Voss. Denne orven var laga av ask med bjørk i handtaket. Premien er heilt naturleg i denne samanhengen sidan alle med ein hageflekk burde slå graset med orv, helst på seinsommaren. Det er fordi humler og pollinerande insekt treng blomsten. Difor er robotiserte klipparar særs uheldig og langorven er løysinga. Det er og viktig for klima.
4 av deltakarane oppnådde 7 rette. Etter loddtrekning vart den glade vinnar Åsmund Hjelmeland. Og han lova å bruke langorven i framtida.

Frå Rosendal i Kvinnherad