Hopp til navigasjonHopp til hovedinnholdHopp til bunnområde

Slår ring om taubanemiljøet

Publisert 16.11.2019

Deltakarane på Taubanesamlinga 2019 i regi av Norsk Taubanelag. 
F.v. Torgrim Østgård med yngste deltakar på armen, vidare Asle Lyslo, Lindis Bergland Østgård, Ruben Bøtun, Halvor Brosvik, Torbjørn Frivik på tømmerstokken, Egil Devig, Per Odd Rygg, Per Jarle Myklebust, Johs Bjørndal frå fagbladet Norsk Skogbruk, Johannes Folkestad, Ingvild Røyseth, Tormod Jacobsen, Vidar Rørvik,  Ann Berit Hauge, Heidi Y Paulsen, Martin Branaas på tømmerstokken, Nils Olaf Kyllo, Ruben Holseter, Håkon Eliassen, Jørgen Hundseth, Ole Bakke (skjult), Steffen Gimmestad (skjult), Even Hoffart, og Erik Nilsen.
Deltakarane på Taubanesamlinga 2019 i regi av Norsk Taubanelag. F.v. Torgrim Østgård med yngste deltakar på armen, vidare Asle Lyslo, Lindis Bergland Østgård, Ruben Bøtun, Halvor Brosvik, Torbjørn Frivik på tømmerstokken, Egil Devig, Per Odd Rygg, Per Jarle Myklebust, Johs Bjørndal frå fagbladet Norsk Skogbruk, Johannes Folkestad, Ingvild Røyseth, Tormod Jacobsen, Vidar Rørvik, Ann Berit Hauge, Heidi Y Paulsen, Martin Branaas på tømmerstokken, Nils Olaf Kyllo, Ruben Holseter, Håkon Eliassen, Jørgen Hundseth, Ole Bakke (skjult), Steffen Gimmestad (skjult), Even Hoffart, og Erik Nilsen.

Denne veka vart det i regi av Norsk Taubanelag arrangert taubanesamling i Gloppen, Sogn og Fjordane.
Det norske taubanemiljøet er ikkje så stort, men effektivt. Av dei som held innlegg under samlinga, vart gode og føreseielege rammevilkår trekt fram som heilt nødvendig. Ja mange oppmoda til å slå ring om denne greina innafor norsk skogbruk.

I supert vinterveir stilte det mykje folk ved taubanesamlinga 2019 i Gloppen. Vararordførar i Gloppen Per Jarle Myklebust opna det heile og trekte m.a. fram dei gode vilkåra for storproduksjon i kommunen. Etter 2 gode fagføredrag inne,  drog forsamlinga til skogs på Hestenesøyra der lunsjen og demonstrasjon av ei taubanedrift venta. Vi har nedanfor laga ein bildereportasje med noko tilhøyrande tekst frå taubanesamlinga.

I etterkant av taubanesamlinga og demonstrasjonen på Hestenesøyra vart det halde årsmøte i Norsk Taubanelag. Det vart ikkje føreteke endringar i styret som i dag består av Torbjørn Frivik (leiar), Vidar Rørvik (nestleiar), Nils Olaf Kyllo (kasserar) og Helge Kårstad (sekretær).  Som valnemd for årsmøtet i 2020 vart vald Håkon Eliassen.

Tekst og foto: Helge Kårstad

Varaordførar (SP) i Gloppen Per Jarle Myklebust helsa deltakarane Velkommen til Gloppen. Han viste til tidlegare stor aktivitet for å plante skog. Dei siste åra var det bygd mykje skogsvegar i kommunen. Han oppmoda skogeigarar til å satse på den fornybare skogen, og ikkje minst medverka til stor verdiskaping frå stubbe til industri.
Fylkesskogmester Torkel Hofseth poengterte dei unikt gode vilkåra for granproduksjon på Vestlandet. Han viste til ein stor andel bratt terreng i Vestland fylke. Med aukande tilgang på hogstmoden skog vil taubanedrift bli stadig viktigare. Han viste også til utviklinga av pris- og kostnader for utdrift av tømmer i bratt terreng, og meinte at driftstilskotet for taubanedrift raskt burde aukast til 120 kroner pr. kubikkmeter. Taubanemiljøet er sårbart og treng føreseielege og greie rammevilkår for å overleve, sa Hofseth mellom anna.
Per Odd Rygg representerte Landbruksdirektoratet som nyleg har flytta skogavdelinga frå Oslo til Steinkjer. Rygg presenterte på ein god og illustrativ måte statistikk for taubanedrift i Norge siste åra, for 2018 og delvis for 2019. Vi vil i eit seinare oppslag på denne nettsida gå noko nærare inn på denne statistikken.
Taubaneentreprenør Torbjørn Frivik (t.v) er leiar i Norsk Taubanelag og stod også ansvarleg for demonstrasjonen på Hestenesøyra. Frivik har idag 4 taubanelag i drift i Norge, og er største taubaneentreprenøren i landet. Til høgre står Erik Nilsen som tidlegare arbeidde hos fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Frivik nytta anledninga til å minne om at Nilsen var sentral under etableringa av taubaneselskapet i 2004. Utan Nilsen si heilt avgjerande støtte, hadde det neppe blitt noko av T. Frivik Taubanedrift AS la han til.
Taubaneentreprenør Vidar Rørvik har stort sett hatt 3 driftslag i sving i bratt terrreng, dei siste åra mest i Møre og Romsdal. Han orienterte om sine erfaringar i bratt terreng og fortalde m.a. at han har satsa på norskproduserte taubaner frå Owren på Vingrom Oppland.
Frå Trøndelag kom Nils Olaf Kyllo, etter alle solemerker taubaneekspert nummer 1 i Norge. Han har meir eller mindre i heile sitt vaksne liv arbeidd med tilrettelegging for taubanedrift i landet, som forskar ved NIBIO, som undervisar ved landbrukshøgskole på ÅS (no NMBU), i skogforvaltninga i Trøndelag, i Kystskogbruket for å nemne noko.
Kyllo peika på (bilde) manglande overordna planlegging ved skogsdrift i bratt terreng i Norge. Han rosa entreprenørane som likevel ofte prøver å gjennomføre skogdrifter i bratt terreng med minimalt av overordna planlegging.
Vegplanleggar Tormod Jacobsen (t.h) har lag erfaring med vegplanlegging, også i bratt terreng. Han har tidlegare arbeidd i Hordaland, dei siste åra i Sogn og Fjordane. Jacobsen understreka at det ofte er marginal økonomi ved taubanedrift, og meinte at planlegginga i større grad burde føregå i samarbeid med entreprenør, skogegiar og vegplanleggar.
Kjell Magne Åshamar frå AT Skog var kjøpar av tømmeret på Hestenesøyra. Han ville ha profesjonelle taubaneentreprenørar, og meinte at dei få som er igjen er svært gode ambassadørar for denne delen av norsk skogbruk. Ikkje minst derfor må taubanemiljøet sikrast ved greie og føreseielege rammevilkår. Hogstkvantumet i bratt terreng vil auke, og vi treng sårt dei få entreprenørane som er igjen i dag sa Åshamar mellom anna.
Martin Braanass er hogstentreprnør (Sunnfjord Skog) med hjulgåande hogstmaskin. Han har nyleg vore med og starta Fjordtømmer, eit omsetningselskap for tømmer. På samlinga stilte 3 representantar frå dette nystarta selskapet som tek på seg skogsdrifter både i Møre og Romsdal og i Vestland.
Ole Bakke frå Skognærina Kyst avrunda det heile og takka for dagen.
Ole har tidlegare vore leiar for Allskog og er pr. idag både styreleiar og dagleg leiar i Skognæringa Kyst. Ole sa m.a. at Kystskogbruket og Skognæringa Kyst fortsatt vil prioritere satsinga på å betre infrastrukturen i skogbruket, derunder skogsdrift i bratt terreng.
Ved naturkatastrofer (m.a. orkaner) vil vi ikkje minst trenge taubaner i norsk skogbruk. Vi er nøydde til å sikre levelege vilkår for taubaneentreprenørane framover avslutta Ole Bakke.